Det begynte med at ein anonym velgjerar ville gje vekk noko kunst til inntekt for utvidinga av kyrkja på Nærbø. Det blei starten på ein innsamlingsaksjon leia av kyrkjelydsmedlemmane Gunvor Engtrø, Marianne Bjorland og Jonas Egeland Reime.

Eigentleg var planen å halda ein rein kunstauksjon, men etter kvart fekk dei inn så mange ting at dei bestemte seg for å opna ein kombinasjon av bruktbutikk og kunstutstilling i dei gamle lokala til Drøsen i handelslaget på Nærbø.

Lokkar med kaker, kaffi og «mykje fint»

Butikken hadde avgrensa opningstid, men saman med auksjonen klarte han å samla inn totalt 175.000 kroner til kyrkja.

– Me hadde det så kjekt i fjor og det gav så gode resultat at me har lyst til å gjenta det i år, seier Reime til Jærbladet.

Årets popup-butikk opnar dørene i det same lokalet torsdag 1. oktober klokka halv fire. Opninga er det varaordførar Svein Arve Nygård som skal stå for. Reime lovar kaker og kaffi og håpar på fullt hus og god gang heile ettermiddagen.

Opningstidene til butikken er torsdagar og fredagar frå halv fire til sju og laurdagar frå ni til tre.

– Me har mykje fint som skal seljast i butikken. Det er heilt fullt og fleire ting er på veg inn. Det er berre å komma på opninga og følga med etter kvart. Me kjem til å fylla på med nye ting heile vegen, seier Reime.

Kulturkveld og kunstauksjon

Kunstauksjonen blir torsdag 29. oktober klokka halv fem.

– I fjor hadde me flotte kunstnarar. Det har me i år óg. Det blir bilder av Stanley Stornes, Kjell Pahr-Iversen og til og med eitt av Kjell Nupen. Årets kunst står ikkje tilbake frå fjoråret på nokon måte, seier Reime.

I fjor var kunstverket av Pahr-Iversen det mest etterspurde.

– I år har me eit ikon han har måla. Elles har me òg ein del eldre maleri som er verdfulle, seier Reime.

Under fjorårets kunstauksjon var det både fingermat og kunstneriske innslag. Det same blir det i år.

– Det blir ein kulturell kveld. Me syntest det var kjekt i fjor, så me håpar det blir bra i år òg, seier Reime.

Han reklamerer med høgtlesing frå Svein Høyland og musikalske innslag frå musikarar frå kyrkja.

I år som i fjor skal pengane gå til utviding av kyrkja. Komiteen er særleg opptatt av at det må bli meir plass til alt barne- og ungdomsarbeidet.

– Det er kjempeviktig for oss å skapa gode møteplassar for barn og ungdom, seier Reime.