– Eg kan berre bruke eitt ord om det: imponerande, sa Fridtjov Helland (H) då kommunestyret behandla årsrapporten tidlegare i mai.
Kommunedirektøren Torild Lende Fjermestad føreslo å setje av delar av mindreforbruket til å redusere låneopptaket i 2026.
Fleirtalet, Høgre, Frp og KrF, ville omprioritere nokon av desse 13 millionar kronene til anna dei bryr seg om:
- 2 millionar til det såkalla hallfondet, som er meint til ny folkehelsehall på Kleppe.
- 2 millionar til overbygg og permanent isflate i Plogenparken, som politikarane i same møte gjekk inn for å bygge.
- 4,3 millionar til ekstra nedbetaling på tilskot til nyanlegg til lag og organisasjonar.
- 300.000 til vindskjerm for Bore kyrkje og dåpsbasseng til Frøyland og Orstad kyrkje.
- 500.000 til innkjøp og prosjekt som kan styrke leselyst og leseglede for barn og unge.
– Provoserande
På tur og orden gjekk gruppeleiarar opp for å skryte og takke tilsette i kommunen. Ragnhild Rørstad (Ap) lufta samtidig ein frustrasjon.
– Når det her blir føreslått å enno ein gong overføre midlar til folkehelsehall, same dag som me har vedtatt at det blir for dyrt å bygge Orstad skule som me lova, er nesten litt provoserande, sa ho.
Tidlegare på kvelden gjekk kommunestyret inn for å legge ned ungdomstrinnet på Orstad skule, og prøve å få til ein samarbeidsavtale med Time om å flytte elevane til Frøyland ungdomsskule.
På grunn av langt høgare kostnader for rehabilitering av skulen, blir berre barnetrinnet på Orstad igjen. Dette trass store protestar frå lokalbefolkninga, som ønskte å behalde også dei eldste.
Ap og SV la inn forslag om å behalde alle dei ti trinna på Orstad. Dei grunngav det mellom anna med at dette var noko politikarane gjekk inn for tilbake i 2024.
Ho var positiv til lesepengane fleirtalet føreslo å gi. På vegner av sitt eige parti og SV, føreslo Rørstad å gi éin million til velferdstiltak for tilsette i Klepp kommune.
Ingen million til velferdstiltak for tilsette
Velferdsforslaget fall med 20 mot 11 stemmer.
– Eg skjønnar ønsket om å påskjønne dei tilsette med éin million, men eg kjem ikkje til å støtte det, sa Bent Horpestad (H), og heldt fram:
– Det er vanskeleg å støtte noko me ikkje veit kva er, og eg trur kanskje det er betre at vurderingane blir gjort i personalavdelingar og at dei tenker på kva dei har bruk for og kva som er lurt for deira rekruttering og for å behalde dei som er der.
Han meinte dei heller kan be kommunestyret om midlar når vurderingane er gjort, og syntest ikkje det blei riktig å vedta ein pott.
– Me ønskjer absolutt å gi til dei, dei er verd meir enn ein million kroner, men me føler det er litt diffust, og har heller lyst til å kome tilbake til det i handlings- og økonomiplanen, sa Siri Øksnevad Olsen (Frp).
Kolbjørn Sandve (SV) klarte ikkje å dy seg frå å be om ordet.
– No fordeler posisjonen til saman 9,1 millionar kroner til laurdagsgodt og andre gode tiltak, medan den eine millionen som Ap og SV føreslår til dei tilsette som alle har stått her og skrytt av gjer ein fantastisk jobb, blir avfeia.
Ordførar Kjetil Maudal (Frp) avslutta med å seie at forslaget skal ha blitt diskutert i fleirtalet, sånn som han oppfatta det, og at dei ønskjer å kome tilbake til ei god løysing seinare for korleis å vise at dei set pris på dei tilsette.