Dermed går politikarane inn for ei løysing som er meir etande for lokalbefolkninga, enn det som blei føreslått først.
I januar anbefalte kommunedirektør Torild Lende Fjermestad å flytte ungdomstrinnet på Orstad til ein av sentrumsskulane, på grunn av at rehabiliteringa av skulen blei dyrare enn først antatt.
Etter motstand frå lokalsamfunnet, enda politikarane i februar med å utsetje saka til mai.
I mellomtida har dei gjennomført ei høyringsrunde. Dei har også fått positive signal frå Time om eit nytt skulesamarbeid.
No har kommunedirektøren bytta meining, og politikarane sitt vedtak er i tråd med den nye anbefalinga hennar.
Går i dialog med Time
I innstillinga, som altså blei vedtatt, heiter det at kommunedirektøren går i dialog med Time kommune om vertskommunesamarbeidet kring Frøyland ungdomsskule.
– Det er sjeldan det kjem ei sak som er så openbar vinn-vinn. Her er det vinn for elevane ved Orstad, vinn for elevane ved Frøyland og vinn for både Klepp og Time, introduserte Martin Haukali (V) diskusjonen måndag kveld.
– Det er ikkje nødvendigvis negativt med ein overgang i 8. klasse, det kan vere ei styrke både fagleg og sosialt, nye impulsar og erfaring med å handtere endringar, sa Siri Øksnevad Olsen (Frp).
Samtidig var det fleire som stilte spørsmål ved detaljar rundt kva som skjer med Orstad-elevane i rehabiliteringsperioden. Også spørsmål om varig plassering av ungdomstrinnet ved Orstad læringssenter, som er ei avdeling for elevar med særskilde behov, blei stilt.
– Spørsmåla som er kome til administrasjonen skal me svare ut i saka som kjem, sa Fjermestad.
I vedtaket ligg også at kommunedirektøren kjem tilbake med ei sak etter utgreiing av mellombels løysing for elevane ved Orstad skule under rehabiliteringsperioden.
Ville halde fram med første til tiande
Eit mogleg kommunesamarbeid blei vedtatt med 22 av 31 stemmer.
Dei resterande ni stemmene fekk Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti sitt alternative forslag, som mellom anna innebar å behalde alle dagens ti trinn på Orstad.
Thomas Sørnes (Ap) trakk mellom anna fram usikkerheita rundt eit samarbeid med Time som grunngiving, då han presenterte forslaget.
Kolbjørn Sandve meinte det allereie burde vore lege fram eit avtaleutkast.
– Eg synest det er ei svakheit at ikkje avtalen med Time knytt til Frøyland ungdomsskule er utarbeida og lagt fram i saka her i dag, sa Kolbjørn Sandve (SV).