Kanskje får røystene til 8. klasse på Orstad skule gehør. Biletet er frå ein protest foran det midlertidige rådhuset i februar.
Kanskje får røystene til 8. klasse på Orstad skule gehør. Biletet er frå ein protest foran det midlertidige rådhuset i februar. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Det har vist seg å bli langt dyrare å rehabilitere Orstad skule enn først trudd.

For å spare pengar, hovudsakleg, føreslo kommunedirektør Torild Lende Fjermestad å flytte ungdomstrinnet til Bore eller Klepp ungdomsskule.

Foreldre og elevar har jamt over vore klare på at flyttinga ikkje er ønskeleg. I februar bestemte politikarane å utsetje saka til 11. mai, då dei ville gjennomføre ei høyringsrunde først.

I mellomtida har Klepp også fått positivt svar frå Time om eit mogleg samarbeid med Frøyland ungdomsskule, som Orstad-folket har peika på som eit betre alternativ enn sentrumsskulane.

Før kommunestyret førstkomande måndag, har Fjermestad kome fram til ei ny vurdering:

– Flytting av ungdomstrinnet til Frøyland ungdomsskule blir vurdert som den løysinga som samla sett best varetar elevane sine behov.

– Balansert løysing

I dei nye saksdokumenta har kommunedirektøren summert opp høyringsuttalene og svaret frå Time kommune.

Ho viser til at ei flytting til Klepp ungdomsskule vil vere det klart beste økonomiske alternativet, men at Frøyland ungdomsskule likevel er til det beste for elevane. Over tretti år er det også nesten 42 millionar billigare enn å behalde ungdomstrinnet på Orstad.

Kommunedirektøren presiserer at kostnaden vil bli påverka av kven av dei to kommunane som eventuelt skal drive skulen, og kostnader knytt til gruppeinndeling på grunn av språkdeling i nynorsk og bokmål.

Høyringsinnspela viser at dei fleste elevar, foreldre, tilsette, råd og organisasjonar meiner at ungdomstrinnet bør vere i nærmiljøet Orstad og Frøyland. Nærskuleprinsippet, tryggleik, korte og trygge skulevegar, kontinuitet i relasjonar og tilhøyrsle blir løfta fram som heilt sentrale omsyn, heiter det.

Kor skal ungdomstrinnet ende opp? I saka blir det tatt stilling til både Orstad skule, Frøyland ungdomsskule og Klepp ungdomsskule. Sistnemnde alternativ inneber ei justering av krinsgrenser mellom Klepp og Bore.
Kor skal ungdomstrinnet ende opp? I saka blir det tatt stilling til både Orstad skule, Frøyland ungdomsskule og Klepp ungdomsskule. Sistnemnde alternativ inneber ei justering av krinsgrenser mellom Klepp og Bore. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Kommunedirektøren meiner løysinga vil redusere skuleveg og brot i sosiale relasjonar samanlikna med andre alternativ, samtidig som den gir eit styrka fagmiljø.

– Når dette blir vege opp mot kommunen sitt økonomiske handlingsrom og behovet for berekraftige løysingar over tid, står alternativet fram som ei balansert løysing der barnet sitt beste vert lagt til grunn, utan at omsynet til heilskapleg og langsiktig drift vert sett til side, skriv ho.

Planen er at Orstad læringssenter, ei avdeling for elevar med særskilde behov, skal halde fram i lokala på Orstad. Dette betyr at elevar på ungdomstrinnet ved læringssenteret ikkje har direkte nærleik til andre elevar på ungdomstrinn.

– Alle politikarane har lytta

Måndag 4. mai blei saka behandla i formannskapet.

Det store fleirtalet, sju av ni, gjekk for kommunedirektørens innstilling.

Ragnhild Rørstad (Ap) og Tor Magne Tjemsland (INP) gjekk for førstnemnde sitt alternativforslag om å rehabilitere skulen, og samtidig behalde ungdomstrinnet på Orstad.

Ordførar og utvalsleiar Kjetil Maudal (Frp) trur det vil bli fleirtal for å jobbe med ein avtale med Time om Frøyland ungdomsskule, i kommunestyret også.

– Er Klepp ungdomsskule eit reelt alternativ lenger?

– Nei. Høyringsuttalene er så tydelege på at lokalsamfunnet ikkje ønskjer dette, og det trur eg at eg kan seie at alle politikarane har lytta til, seier han til Jærbladet, og legg til:

– Mange har ønskja at skulen skal halde fram med 1.–10. trinn, men også vore tydelege på at om det ikkje skjer, ønskjer dei Frøyland fordi dei allereie har gode forbindelsar med ungdommane der på fritida.

Dersom innstillinga blir vedtatt, forstår Maudal det sånn at politikarane får ein vertskommuneavtale som skal bli vedtatt seinare.

– Dersom innstillinga får fleirtal, trur eg avtalen går i boks til slutt, ettersom kommunane er såpass einige som dei er i dag.

Ikkje avklart kva som skjer under rehabiliteringa

I dokumenta tar kommunedirektøren også stilling til kva som skal skje med elevane når skulen blir rehabilitert. Dette skal etter planen skje over to skuleår, frå hausten 2027.

Ho skriv at 1.–4. trinn og SFO bør bli på Orstad i perioden, og at 5.–7. trinn blir samla på Engelsvoll skule. Vurderinga er at det ikkje er mogleg å samle alle på Orstad.

For elevane ved læringssenteret blir dei tidlegare lokala til Steingarden barnehage vurderte som eigna for ein avgrensa periode.

Kommunedirektøren vil kome tilbake med eiga sak når meir er klargjort.

Ho viser til at løysinga for elevane på ungdomstrinnet under rehabiliteringsperioden må sjåast i samanheng med den permanente løysinga ho anbefaler på Frøyland.

Time har opna for ein mogleg oppstart av felles ungdomsskule frå hausten 2027, som er tidspunktet Klepp vil starte rehabiliteringa.