– Det er plass til at elevane ved Orstad skule blir del av Frøyland ungdomsskule utan å bygge på skulen og ved å nytte Kvernhallen.
Trygve Apeland, kommunedirektør i Time, er positiv til vidare arbeid om ein felles ungdomsskule.
Ein del av grunnen er altså at det er god kapasitet i bygningsmassen på Frøyland frå før av.
Bakgrunnen for førespurnaden frå Klepp, er at rehabiliteringa av Orstad skule har vist seg å bli dyrare enn først antatt. Som ein følgje, har Torild Lende Fjermestad, kommunedirektør i Klepp, føreslått å flytte ungdomstrinnet til Kleppe eller Bore.
Forslaget har skapt oppstandelse i bygda. Saka var oppe til behandling i Klepp i februar, men blei utsett til kommunestyremøtet 11. mai.
Politikarane ønskja først å gjennomføre ein høyringsrunde, og å få svar frå Time om eit eventuelt samarbeid på Frøyland.
Utvida plassen på ungdomsskulen og barneskulen i 2017
Spørsmåla som blei stilte av Klepp kommune var fleire. Blant anna lurte dei på om det er mogleg å bygge ut Frøyland ungdomsskule, slik at den har kapasiteten til elevane frå Orstad også.
Apeland forklarer først at spådomar viste at elevtalet på Kverneland ville ha sterk vekst fram mot 2025. I forbindelse med skulebruksplanen 2014–2028 blei det derfor vedtatt at skulane skulle utvidast.
– Kvernhallen med undervisingslokala i andre etasje stod ferdig i 2018. Kapasiteten for skulane på Frøyland blei med dette utvida til 694 elevar, skriv han.
I same sak blei det vedtatt at det skulle gjerast ei vurdering saman med Klepp om mogleg felles ungdomsskule i framtida.
Lågare vekst enn spådd
– Veksten i elevtalet har vore lågare enn det som låg til grunn i framskrivingane, og den utvida kapasiteten med Kvernhallen medførte at det for Time ikkje har vore behov for ytterlegare kapasitetsauke på Frøyland, skriv Apeland vidare.
Elevtalet på ungdomsskulen og barneskulen er totalt 532 i 2026. På ungdomsskulen er det 169 elevar.
– Det er venta moderat nedgang fram mot 2034, og elevtalet ligg under 2025-nivået i åra fram mot 2040, skriv Apeland om ungdomsskuletala.
– Ein ny topp er venta rundt 2040, men denne ligg godt under samla kapasitet og kjem først på barneskulen.
På Orstad sitt ungdomstrinn ser det ut til å bli mellom 80 og 100 elevar fram mot 2034.
Dersom elevtalet likevel skulle auke over framskrivingane, er det mogleg å løyse gjennom eit tilbygg på Frøyland ungdomsskule. Time reknar seg fram til, basert på plasskrav frå Helsedirektoratet, at dette kan gi ein kapasitet på 865 elevar.
Kostnadsfordeling som i liknande avtalar
– Korleis vil ei kostnadsfordeling kunne bli? spør Klepp kommune, og viser til at elevtalet frå dei to krinsane er ulikt både no og fram i tid.
– Det er naturleg at kostnadsfordelinga følgjer elevtalsutviklinga i dei to kommunane tilsvarande vertskommuneavtalen for Vardheia ungdomsskule. Klepp sin del ut frå denne føresetnaden blir 31 prosent for skuleåret 2025/2026, skriv Apeland.
Han opplyser om at timemodellen inkluderer berekning for administrasjonsressursar, basisressursar i undervisning, arbeidstidsavtalar, funksjonstillegg og styrking.
Modellen tar ikkje omsyn til bokmålsklassar eller eventuelle behov for ressursar til éin til éin-oppfølging. Ungdomsskulen på Frøyland har heller ikkje leirskule.
Time estimerer at kostnad for Klepp kommune sine elevar i timemodellen blir 9,4 millionar kroner. Dette utgjer 9,6 årsverk.
Kostnader for bygg ser han for seg blir gjort tilsvarande andre vertskommuneavtalar. Summen reknar dei til 10.265.000 kroner i inneverande skuleår.
– Samla sett det beste for ungdommane
Kommunedirektør Apeland utelukkar ikkje at Klepp kommune kan drifte ein eventuell felles ungdomsskule, men fortel at dette må drøftast nærare mellom dei to kommunane.
Time opnar for ein mogleg oppstart av felles ungdomsskule frå hausten 2027.
– Før ein felles ungdomsskule kan etablerast, må nokre romløysingar på Frøyland ungdomsskule tilpassast. I hovudsak handlar dette om fleire arbeidsplassar til eit større personale, ei utviding av undervisningslokala i kunst og handverk, og tilpassing av uteområde. Kostnaden for dette arbeidet vil bli dekka av Time kommune, fortel han.
Apeland samanfattar brevet med å fortelje at det har vore gjennomført ein høyringsprosess for elevar, tilsette, FAU og ungdomsråd.
– Det klart mest positive temaet i alle svara er fleire vener, større sosialt miljø og moglegheit til å bli kjent med nye folk. Mange peikar også på fellesskap på tvers av bygdene, særleg fordi idrett og fritid allereie er felles for mange. Nokre trekker også fram moglegheita dette gir til fleire valfag og språkfag, og førebuing til vidaregåande opplæring, skriv han.
Bekymringane som blir uttrykt gjeld skuleveg og kapasitet/plass.
– Time kommune vurderer at det samla sett er til det beste for ungdommane på Kvernaland med ein felles Orstad/Frøyland ungdomsskule, skriv han.
– Ved å samle ungdomstrinnet får elevane fleire jamaldrande å vere saman med, større sosialt og fagleg miljø og robuste klasse- og trinnfellesskap. For mange elevar kan dette styrkje både trivsel og tilhøyrsle.