I samband med at Sirevåg nok ein gong var stoppestad for seglregattaen The Tall Ships Races, var ungdom frå Hå invitert for å segla over Nordsjøen frå Aberdeen i Skottland til Sirevåg i Søre Hå og vidare til Kristiansand.
I alt ti ungdommar frå Hå flaug til Aberdeen for å mønstra på fullriggarane Christian Radich og Sørlandet.
Arbeid om bord
Femten år gamle Leander Andersen Hølland fortel at han «sjølvsagt» takka ja då han fekk tilbod om å vera med. Han syntest det høyrdest spennande ut.
– Det var ein veldig gild tur, ei skikkeleg oppleving, seier han til Jærbladet.
Dei starta i Aberdeen hamn, med opplæring i alt frå knutar til trygg klatring i mastene.
Om bord gjekk ungdommane inn i ein rotasjon med to firetimersvaktar i døgnet. Dei gjekk brannvakter, stod i utkikken, eller drog i tau for å heisa og fira seil og flytta dei hit og dit.
Hølland, som aldri har segla før, innrømmer overfor Jærbladet at det skal mykje til å få oversikt over alt som skjer på ein seglbåt.
– Men det er mange som jobbar der. Dei viser deg kor du skal vera og kva du skal gjera og sånt, seier han.
Sjøsjuk
For Brede Sola Gimre vart det litt annleis enn han hadde sett føre seg.
– Eg fekk ikkje gjort nokon av oppgåvene, fortel han.
Gimre vart nemleg sjøsjuk så fort dei hadde sett opp segla på veg ut frå Aberdeen.
– Eg har aldri vore så ring før, seier han.
Han klarte ikkje eta, og vart stort sett liggande i sjukelugaren under heile overfarten.
Ikkje før båten nærma seg land på vestsida av Nordsjøen kvikna han til.
– Men då eg endeleg vart god, vart seglasen noko av det gildaste eg har vore med på, fortel Gimre.
Saman med ein annan ungdom, valde han likevel å mønstra av i Sirevåg, sliten etter den heftige sjøsjuka.
I ettertid angrar han.
– Får eg spørsmål om eg vil segla igjen, svarar eg ja, seier Gimre.
Det er same konklusjonen som Hølland dreg.
– Garantert, svarar han på spørsmål om han skal segla igjen.
Gilde folk
Ungdommane trekk særleg fram alle folka dei segla med.
– Og så var det gildt når me stoppa i Sirevåg og Kristiansand. Då var me ute på restaurant og koste oss i lag med dei andre, seier han.
Oline Stokkeland, som òg var med Sørlandet, seier arbeidet saman med dei andre om bord, både mannskapet og dei andre ungdommane, var det gildaste.
– Eg har alltid vore glad i å vera på sjøen, men dette var ei heilt ny oppleving, seier ho.
Det augeblikket som står klarast fram for henne i ettertid, var ein kveld der alle sat ute på dekk, såg på stjernene og sola som gjekk ned, medan dei høyrde lyden av bølgene som slo i båten.
– Eg hadde definitivt vore med igjen om eg fekk sjansen, seier Stokkeland.
Hølland og Gimre var om bord på «Christian Radich». Dei eldste ungdommane segla med «Sørlandet». Blant dei var Adam Aarsland.
Heller ikkje han tregar på at han melde seg på.
– Det var kjekt, seier han.
Song
Aarsland seier medseglarane var gilde folk. Totalt var det rundt 70 ungdommar frå heile landet, i tillegg til vaksne.
Aarsland fekk nye venner, lærte seg og klatra i mastene utan å kny.
– Det var ikkje skummelt. Me brukte sele, seier han.
For Aarsland kom det gildaste augeblikket då dei kom i land i Kristiansand.
– Då sang me fullt av ulike songar, fortel han.
Når Jærbladet spør etter døme, svarar Aarsland med den sjømannssongen som høver best til Kristiansand om sommaren:
– Langemanns sang.
– Pliktoppfyllande ungdommar
Med på seglasen var òg Annette Jensen Gimre, ungdomskonsulent i Hå kommune.
Ho rosar ungdommane sin innsats.
– Dei var godt likt av crewet på båtane. Dei var pliktoppfyllande og hjelpsame. Dei var alltid på plass ti minutt før oppmøtetid, alltid klare og alltid på tilbodssida, seier ho.
Gimre seier mottakinga dei fekk i Sirevåg, var «heilt rå».
– Eg vart ekstra stolt over kommunen vår. Heile besøket var prega av varme og begeistring, seier ho og fortel at mottakinga i Sirevåg vart den store snakkisen om bord på fullriggaren.
Gimre oppsummerer turen som lærerik, minnerik og full av magiske augeblikk.
– Eit fantastisk mannskap, dyktige kokkar og utruleg trivelege medseglarar gjorde opplevinga uforgløymeleg, seier ho.
Nå håpar ho politikarane finn rom for fleire ungdomsseglasar i nye budsjett:
– Eg vert gladeleg med kvart år framover!