Kommunedirektøren i Time vil prioritere å få inn ei rundkøyring i krysset mellom Kvernelandsvegen og Ålgårdsvegen i handlingsprogrammet til Rogaland fylkeskommune.
Kommunedirektøren i Time vil prioritere å få inn ei rundkøyring i krysset mellom Kvernelandsvegen og Ålgårdsvegen i handlingsprogrammet til Rogaland fylkeskommune. Foto: Mathias Engstrøm Sandstøl (arkiv)

I 2026 skal Rogaland fylkeskommunes handlingsprogram for samferdsel gjennom ei ny hovudrullering, som skjer kvart fjerde år.

Det betyr at det blir utarbeida eit nytt handlingsprogram.

Handlingsprogrammet viser til prioriterte prosjekt på fylkesvegnettet og innan kollektivtrafikk i perioden fram til 2033, inkludert kostnader.

Det er basert på samferdselsstrategien for Rogaland 2026-2037, som skal vere retningsgivande for arbeidet innan ferdsel og trafikk.

Fylkeskommunen har allereie inkludert fire prioriterte tiltak på Jæren. I forbindelse med rulleringa ønskjer dei å utvide med nye prosjekt, og har bede om innspel frå kommunane.

Innspela skal behandlast politisk i løpet av mars.

Allereie prioriterte tiltak

På Jæren har fylkeskommunen prioritert fire tiltak foreløpig:

  • Ny gang og sykkelveg frå Hå-grensa i sør til Orreåna i nord: Strekninga er på om lag 4,5 kilometer. Prosjektet kostar 235 millionar kroner i perioden.
  • Frøyland bru: Det blir no bygd ny tofelts bru, som skal gi godt framkome for alle trafikantar. Eksisterande bru skal bli rive og krysset byggast om til rundkøyring. I tillegg skal det bygast fortau, to kollektivstopp og gang- og sykkelveg mot BMX-banen og turområdet. Prosjektet skal stå ferdig i sommar. Prosjektet kostar 25 millionar i perioden.
  • Njærheim bru: Utgjer i dag ein flaskehals på fylkesveg 44. Det er forventa byggestart i 2029, med ein pris på 87 millionar kroner.
  • Utbetring av to kryss i Time: Prosjektet omfatta opphavleg rundkøyring i 1900-krysset, rundkøyring i krysset mellom Kvernelandsvegen og Ålgårdsvegen, og venstresvingfelt frå Ålgårdsvegen til Lye. I Fylkestinget i desember 2022 blei det vedtatt å utsette bygging av to av kryssa til 2027. Det blei planlagt vidare for utbetring av 1900-krysset i 2023. Prosjektet kostar 21 millionar.

Hå sine forslag

Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims ønskjer å spele inn desse forslaga til fylkeskommunen:

  • Utbygging av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44: Gjeld strekningane Husvegg til Kvassheim, Brusand til Varden og Sirevåg til kommunegrensa (Stormolovegen til Moivika). Dei har høg trafikkbelastning, og gåande og syklande opplever ferdsel langs vegane som utrygt. Vegen blir vurdert som å ha auka risiko for alvorlege trafikkulukker.
  • Utbygging av gang- og sykkelveg langs Buevegen frå Skrettinglandsvegen til fylkesveg 505: Buevegen er ein viktig forbindelse for trafikk som skal til E39 og Høg-Jæren, men kan innby til høg fart. Ferdsel langs vegen blir opplevd som utrygt og farleg for syklande og gåande. Delar av vegen har allereie gang- og sykkelfelt, men kommunedirektøren ønskjer gang- og sykkelveg langs heile Buevegen til Karlsbu, nesten åtte kilometer.
  • Utbygging av den regulerte rundkøyringa i krysset mellom Store Ring, Bernervegen og Krossmyra på Nærbø: No er det to t-kryss med rundt 30 meters avstand. Den regulerte rundkøyringa vil gjere trafikkbildet enklare og sikrare, vurderer Ims. Rundkøyringa senkar farten til trafikken i Bernervegen, og vil gjere planlagde utbyggingar i området moglege, skriv ho.
  • Sanering av avkøyrsler i Kydlandsvegen på Varhaug i samsvar med regulering: Det manglar rundt 100 meter fortau ved Klokkartunet på Varhaug. Det er regulert i områdeplan. Vegen vil vere den naturlege tilkomsten for tilsette og bebuarar i Klokkartunet, unntatt demensbygget, skriv kommunedirektøren.
  • Framskunding av Njærheim bru i handlingsprogrammet: Utbetring av Njærheim bru ligg inne i handlingsprogrammet med middel i 2029-2031, men kommunedirektøren ønskjer at prosjektet blir framskunda. Brua er smal og trafikkert, argumenterer ho. Det er registrert mange trafikkulukker ved brua og nærliggande avkøyrsler, skriv ho.

Time sine forslag

Kommunedirektør Trygve Apeland ønskjer å spele inn desse forslaga til fylkeskommunen, i prioritert rekkefølge:

  • Omkøyringsveg Kvernelandsvegen, frå Teglevegen til Kalberg: Vil leggast utanfor bustadområde på Kverneland. Det er også planlagt fartstiltak/miljøgate på lokale vegar for å få gjennomgangstrafikken til å velje omkøyringsvegen. Omkøyringsvegen vil bere trafikkvekst som nye næringsområde står for. Den vil vere med på å skape tryggare forhold for mjuke trafikantar og legge til rette for meir gåing og sykling, skriv Apeland. Dette er igjen med på å redusere bilbruk i tettbygde strøk.
  • Fylkesveg 44 frå Lalandsvegen til Orrevegen, inklusiv ny arm Tjøttavegen ved Jupitervegen: Forprosjekt som ser på heile dette strekket i Bryne sentrum. Det er fleire kryss med store utfordringar i rushtida, skriv Apeland, og han meiner ein må sjå på kapasiteten og korleis framkomst og trafikkflyt best kan bli varetatt.
  • Utbetring av to kryss ved Kvernelandsvegen og Ålgårdsvegen: Kommunedirektøren vil etablere ei rundkøyring der Ålgårdsvegen og Kvernelandsvegen møter kvarandre. I tillegg vil han etablere eit venstresvingfelt på Ålgårdsvegen for køyrande som skal vidare på Lyevegen. Målet er å få betre flyt i trafikken og oppnå ei meir jamn trafikkbelastning, slik at tryggleiken blir betre og konsekvensar av ulukker kan avgrensast.
Kryss Kvernelandsveien og Ålgårdsvegen i Time kommune.
Kryss Kvernelandsveien og Ålgårdsvegen i Time kommune. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
  • Vegutbetring mellom Åsen og Salen på Ålgårdsvegen: Dagens fylkesveg er prega av tronge parti med dårleg sikt og smal køyrebane. Planlagt fylkesveg varetek krav om stoppsikt og sikkerheitsavstand, bidrar til betre oversikt og trafikktryggleik for trafikantar som ferdast langs vegen, skriv kommunedirektøren. Breiddeutviding fjernar flaskehalsen langs eksisterande veg og bidrar til betre framkomst mellom Bryne og Ålgård og E39. Målet er å betre både framkomst og trafikktryggleik.
  • Venstresvingfelt (og sinusfelt) frå fylkesveg 44 til Hauglandsvegen (Line): Målet er å få betre trafikktryggleik og flyt. Det er mykje trafikk på Jærvegen, og i kø og tett trafikk kan køyrande nordfrå, som skal inn i Haulandsvegen, bli ståande og stoppe trafikken bak seg. Hovudmengda av ulukker gjennom ein tiårsperiode er påkøyring bakfrå og møte- og kryssulukker.
  • Regulering av gang- og sykkelveg mellom Time kyrkje og Garborgvegen, og utbetring av støyvoll ved busstopp nær Norheimsfeltet langs Kvernelandsvegen: Apeland ønskjer å lage eit samanhengande vegsystem for mjuke trafikantar, ved å forlenge gang- og sykkelvegen frå Time kyrkje. Forbindelsen vil gjere det meir attraktivt å sykle mellom Lye og Bryne sør, eit område med mange arbeidsplassar, skriv han. I tillegg vil han utbetre støyvollen ved busstoppet nær Norheimsfeltet, slik at den blir tilpassa gjeldande siktlinjer. Bussane har slutta å stoppe her på veg frå Kverneland til Bryne, slik at det har blitt mindre attraktivt for bebuarar på feltet å ta buss, skriv han.

Andre prosjekt:

  • Dobbelspor mellom Sandnes og Nærbø. Dobbelspor legg til rette for auka frekvens på lokaltog, som er viktig for å kunne ta unna vekst i persontrafikk, skriv han.
  • Tverrforbindelsen, veg mellom Bråstein på E39 og Foss-Eikeland: Det er fem moglege trasear, to av dei går innom Time. I Time kommune er det sett av ein korridor sør for Figgjoelva i kommuneplanen, og med denne vegen meiner kommunedirektøren at området Kverneland/Orstad og Ganddal får eit framtidsretta og raskt samband til E39. Den vil legge til rette for by- og næringsutvikling i nedslagsfeltet, meiner han.
  • Finansiering: Lokal medfinansiering må ikkje avgrensast til bompengar, det kan også vere bidrag frå næringsliv eller kommunar, skriv Apeland.

Klepp sine forslag

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad ønskjer å spele inn desse forslaga til fylkeskommunen, i prioritert rekkefølge innanfor sine kategoriar:

  • Utbetringar på Jærvegen, mellom Skjævelandsbrua og Brusand: Strekninga er ulykkesutsett og derfor eit viktig tiltak, meiner ho.
  • Utbetringar på Solavegen: Prosjektet gjeld strekning gjennom Kleppe sentrum der det er pågåande og planlagde utbyggingsprosjekt på begge sider av vegen, og ein auke av mjuke trafikantar. Forslaget handlar om å bygge dagens veg om til ei sentrumsgate, slik at sentrum blir meir fotgjengarvenleg og trygt.
  • Trafikk inn mot Bryne: Kommunedirektøren ønskjer tiltak på strekninga frå Braut til Bryne sentrum, då den er svært trafikkert og har dårleg flyt i rushtida.
  • Forprosjekt Bryne – Tjøtta: Forslag om å vurdere ein ny arm i rundkøyring ved Jupitervegen eller opparbeiding av regulert arm i Tjøttavegen. Forslaget blir spelt inn på grunn av høg trafikkbelastning no og i framtida.
  • Gang- og sykkelveg Roslandsvegen: Strekninga er skuleveg til Orre skule og vil vere eit tryggingstiltak for barn på veg til og frå skulen.
  • Gang- og sykkelveg Tjøttavegen: Strekninga er skuleveg til Tu skule og Vardheia ungdomsskule. Det er ønskeleg å teste ut eit prosjekt med forenkla standard på den 700 meter lange strekninga.
  • Omlegging av gang- og sykkelveg Orstadvegen: Strekninga er ei viktig åre for syklande i begge retningar. Den har i dag eit punkt som er vanskeleg og farleg, skriv Fjermestad. Ho vil flytte gang- og sykkelvegen for å betre tryggleiken.
  • Gang- og sykkelveg Pollestad til Vik: Prosjektet vil gi samanhengande gang og sykkelveg frå Bryne til Vik, og med dette forbindelse til Nordsjøvegen. Vegen er skuleveg for elevar ved Orre skule, og er vurdert som tilfredsstillande, men på grensa til spesielt vanskeleg eller farleg i trafikksikkerheitsplanen.
  • Gang- og sykkelveg Verdalen: Strekning frå Boreringen sør til Boreringen nord. Prosjektet er primært retta mot syklande på strekninga frå Klepp til Sola. Ferdselen i dag går langs Verdalsvegen på fortau, som også er skuleveg til Bore barne- og ungdomsskule, og den fem meter breie vegen er også nytta til kollektivtrafikk.
  • Gang- og sykkelveg vestre Bore til Borsheim: Ei vidareføring av gang- og sykkelveg frå vestre Bore til Borsheim. Strekninga blir nytta til transport til og frå Borsheim barnehage og som skuleveg for barn på Bore barne- og ungdomsskule. Den er vurdert som spesielt vanskeleg eller farleg som skuleveg i kommunens trafikksikkerheitsplan.

Andre prosjekt:

  • Dobbelspor mellom Sandnes og Nærbø: Felles regional satsing inn mot Nasjonal transportplan.
  • Ny omkøyringsveg: Prosjektet er planlagt øst for Orstad og Kverneland, og er ifølgje kommunedirektør Torild Lende Fjermestad ein føresetnad for å legge til rette for store næringsområde til kraftkrevjande industri i tråd med regionalplan for grøn industri.
  • Øksnevad bru: Brua er smal og avgrensar trafikkflyten i området, skriv Fjermestad. Utbygging av brua må sjåast i samanheng med regulering og bygging av dobbelspor på Jærbanen, held ho fram.