– Målet er sjølvsagt å feire, men også å vise at dette er eit ope hus med aktivitetar. Me vil vise fram breidda i kulturhuset og gi ei positiv oppleving slik at du har lyst å kome tilbake.
Kultursjef Nina Osland presenterte dei førebelse planane for novemberdagen i formannskapsmøtet denne veka.
– Denne dagen har rådhuset allereie flytta inn, så det er første dagen me slepp inn innbyggjarane og opnar døra til kulturhuset. Kyrkja blir vigsla helga etterpå.
Lagar scene på tilhengar
Bygget som rommar renovert rådhus og ny kultursal og kyrkje har ein estimert prislapp på like over 642 millionar kroner.
Sidan februar 2024 har byggeprosjektet vore godt synleg i sentrum, side om side med aktivitetsparken som blei ferdigstilt på vårparten i fjor.
Etter nesten tre år skal prosjektet i oktober vere heilt klart. I den første økonomirapporten for 2026, skriv kommunedirektøren at prisen ligg an til å bli lågare enn anslått.
21. november blir det gratis opningsfest frå 12:00 til 15:00, der alle er invitert.
Dagen vil starte med ein opningsseremoni utandørs, ved hovudinngangen som er forma som ein hestesko.
– Der har me fått med oss Eikmaskin på laget. Dei kjem køyrande med ein traktor med ein stor hengar som skal vere scenen. Dette trur me blir veldig kjekt, sa Osland.
– Me har invitert kongehuset og kulturministeren, men har ikkje fått svar enno. Ordføraren kjem, me skal ha snorklipping, talar, korps – dette skal me gjere med brask og bram.
Aktivitetar overalt
Etter uteseremonien skal innbyggjarane få sjå kva huset har å by på – og kake, bollar og saft er allereie bestilt.
– Eg reknar med at alle som har køyrt forbi lurer på korleis det ser ut inni. Me ønskjer at folk skal bevege seg rundt og oppleve bygget, og har valt å gjere det sånn at det skal skje noko inne i alle lokala, framfor eit stort opningsarrangement på ein plass.
– Det er alt på ein plass, som betyr at Klepp kulturskule, Klepp frivilligsentral, Klepp bibliotek, Plogen kultursal og fritidsklubben skal flytte saman under same tak, sa Osland under presentasjonen.
Derfor er også målet at det skal vere aktivitetar for alle denne dagen. For eksempel vil Frivilligsentralen ha lykkehjul, og det blir aktivitetar som konkurransar og utprøving av gamingutstyr med fritidsklubben.
– Kulturskulen skal vise fram sine rom. Dei har fått mange flotte øvingsrom, ein blackboks nede, og me har eit torg der elevane får vise seg fram, kven dei er og kva dei held på med.
Kultursalen er tilrettelagt for både frivillig og profesjonelt kulturliv, noko kommunen vil vise fram gjennom for eksempel Jæren symfoniorkester, Klepp mannskor og Klepp kvinnekor.
– Det skal vere høgt kunnskapsnivå og god service, godt program og teknisk utstyr prega av kvalitet. Me skal legge til rette for nye idear og initiativ og samskaping, vere ein plass der ulike interesser kan samlast, utfordre og lære av kvarandre, uavhengig av alder og kultur, samanfattar Osland.
«Meir enn du kom for»
Kommunen er i ferd med å lage ei nettside som skal informere om alle arrangement. Målet er å publisere den rundt 20. juni, før ferien. Snart vil det også lanserast ein logo for kultursalen.
– Kanskje kom du mest for å sjå korleis det nye biblioteket ser ut, men «meir enn du kom for» er vårt slagord, så kanskje oppdaga du noko anna også då du var der inne, seier kultursjefen.