Mange familiar fann vegen til Rangling for småsporvar i solsteika.
Mange familiar fann vegen til Rangling for småsporvar i solsteika. Foto: Håvard Ovesen

Etter 24 år er musikkfestivalen Ranglerock å rekna for ein institusjon på Bryne.

Dei siste ti åra har dei òg hatt eit gratis familiearrangement på dagtid: Rangling for småsporvar.

I år har dei gjort ekstra mykje ut av det, og bygd ei eiga scene i området mellom biblioteket og Bryne vidaregåande skule.

Lokal oppleving

Blant dei som hadde funne vegen til den graskledde bakken framfor scena var Alise Husebø Jacobsen og Andreas Jacobsen frå Bryne. Med seg hadde dei barna Olav (6), Henrik (4) og Marius (8 månadar).

Alise Husebø Jacobsen og Andreas Jacobsen var på Rangling for småsporvar for første gong. Med seg hadde dei barna Olav (6), Henrik (4) og Marius (8 månadar).
Alise Husebø Jacobsen og Andreas Jacobsen var på Rangling for småsporvar for første gong. Med seg hadde dei barna Olav (6), Henrik (4) og Marius (8 månadar). Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det er første gong dei er på Rangling for småsporvar.

– Me såg arrangementet på Facebook, og hadde høyrt mykje bra om det, fortel Alise.

– Det er godt å komma seg ut med barna, legg Andreas til.

– Det er kjekt å oppleva ting her lokalt på Bryne, seier Alise.

Bydyr

Då Jærbladet trefte familien få minutt før første konsert skulle begynna, var det nokså glissent blant publikum, men innover i konserten til Tusmørke var det stadig fleire som kom sigande til i godvêret.

Det begynte tolig, men etterkvart kom fleire og fleire publikummarar sigande.
Det begynte tolig, men etterkvart kom fleire og fleire publikummarar sigande. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kan henda lokka strendene meir for enkelte, men oppmøtet utanfor biblioteket var heller ikkje til å kimsa av.

Tusmørke har vore på Ranglerock fleire gonger før og var inviterte for å framføra barneførestillinga Bydyra, som handlar om eit ekorn, ein grevling og ei kråke som mistar treet dei bur i.

Tusmørke spelte òg kvelden før, på Ranglerock. Det gjorde dei i konkurranse med storskjermen ute som viste ein mykje omtalt fotballkamp i Boston i USA.

Små jærbuar fekk ein høveleg smak av progrock i solskinet.
Små jærbuar fekk ein høveleg smak av progrock i solskinet. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På førehand var arrangørane litt usikre på korleis verdsmeisterskapen i fotball for herrar ville påverka årets festival. Ifølge Omund Norheim frå Ranglerock gjekk det helste godt.

Fredagskvelden i Hvelvet var tilnærma utseld og sjølv om 400 mann valde å vera ute for å sjå fotballkampen på storskjerm, er ikkje 150 publikummarar som heller held seg inne for å høyra Tusmørke å forakta.

– Konsertane i går var steinbra, seier Norheim.

Ekorn om helvetesangst

Tusmørke er ikkje den einaste familiekonserten tidleg laurdag ettermiddag. På programmet står òg konsert-/danseframsyninga Smalltalk & Birds og folkrockbandet Mikkel Rev.

Tusmørke framførte Bydyra, som handlar om tre dyr som flyttar til byen etter at dei mistar treet dei bur i.
Tusmørke framførte Bydyra, som handlar om tre dyr som flyttar til byen etter at dei mistar treet dei bur i. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Festivalen har òg eit eige litterært spor, der Inger Undheim frå Garborgsenteret har fått ei aktiv rolle, blant anna med ein samtale med Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars om tekstane hennar.

Eit anna punkt i det litterære programmet handlar om Arne Garborg si helvetesangst i eit live-episode av podkasten Helvetes Historie. Vert for podkasten er Kristoffer Momrak, òg kjend som ekornet i Tusmørke-førestillinga Bydyra.

Kristoffer Momrak frå Tusmørke spelte fløyte og song i barneførestillinga Bydyra før han etterpå gjekk i gong med livepodkast om Arne Garborg si helvetesangst.
Kristoffer Momrak frå Tusmørke spelte fløyte og song i barneførestillinga Bydyra før han etterpå gjekk i gong med livepodkast om Arne Garborg si helvetesangst. Foto: Foto: Håvard Ovesen