Sigmar Undheim ønsker å selja jorda til nabobonden, men berre dersom han får skilja frå tunet og behalda tunet slik det er.
Statsforvaltaren i Rogaland har skrive ei flott skildring av tunet i klagen:
Det er eit velheldt tun med store tre, steingardar og bygningar i god stand, avgrensa av leplanting og med flott utsikt over Jæren og jærhavet i det fjerne. Tunet vitnar på sitt vis også om den landbruks og velstandsutviklinga det har vore i etterkrigstida; frå det smålåtne bustadhuset som var i bruk av dagens eigar sin familie frå 1946-2002, bustadhuset frå 1977 når dagens eigar tok over og det meir moderne huset frå 2007, og driftsbygninga med sine på- og ombyggingar gjennom åra med husdyrhald fram til 2014.
Statsforvaltaren i Rogaland meiner like fullt at søknaden set jordvernet til sides og bestemte seg for å klaga avgjerda til politikarane i Time.
Forvaltningsorganet såg seg nøydd til å ivareta landbruksnæringa, matproduksjonsgrunnlaget og syta for minst mogleg omdisponering av landbruksareal.
Plutseleg inhabil
Så oppdaga Bent Høie at han personleg var inhabil i saka om tunet til Sigmar Undheim. Det skjedde etter at forvaltningsorganet han leier, hadde bestemt seg for å klaga på vedtaket til utval for lokal utvikling.
Når sjefen på toppen er inhabil, blir alle som jobbar under han, automatisk inhabile.
I staden for å trekka klagen då vart inhabiliteten vart oppdaga, oppmoda statsforvaltaren Time kommune til å venta med å behandla klagen frå Statsforvaltaren i Rogaland.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sende saka vidare til Vestland, som vart oppnemnt som settestatsforvaltar. I mai kom settestatsforvaltaren til at klagen frå Rogaland skal oppretthaldast, og at klagen skal behandlast på vanleg måte.
Usamd med klage
I siste møte for sommaren tok utval for lokal utvikling ein kjapp kikk på saka dei kjenner godt frå før.
SV-representant Øystein Nereng og KrF-representant Gunnar Bjorland Stone tilpassa seg vurderinga til Statsforvaltaren i Vestland. Saman med Thor Inge Kalberg (Frp) røysta dei for ikkje å senda klagen frå Statsforvaltaren i Rogaland vidare. Forslaget dei gjekk for i staden reduserte tunet til litt under fem dekar.
Resten av utvalet ville ikkje ta klagen til følge, dei sende saka vidare til klagebehandling.
Statsforvaltaren i Vestland har fått tilsendt vedtaket og skriv i eit brev datert 9. juni:
«Vi kan ikkje sjå at det er kome fram nye opplysningar som gir grunnlag for å trekke klagen i denne saka.»
Statsforvaltaren i Vestland ber nå departementet oppnemna ein ny settestatsforvaltar – ein tredje statsforvaltar – som skal behandla klagesaka.