Publikum lot seg engasjera under festen.
Publikum lot seg engasjera under festen. Foto: Håvard Ovesen

Det kjendest som halve bygda hadde møtt opp då Minikoret feira 40 år på mandag. Fullt så mange var det nok ikkje, men med 41 års fartstid er det ikkje rart at barnekoret i Misjonshuset på Varhaug har mange vener.

– Det er ei songglad bygd, seier Marie Dyngeland, som har vore dirigent for koret sidan 2019.

Marie Dyngeland har vore dirigent for Minikoret sidan 2019.
Marie Dyngeland har vore dirigent for Minikoret sidan 2019. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Gjevt for dei yngste

Minikoret er eit kor for barn mellom fem og ti år. Koret har rundt 60 medlemmar.

Fritidstilbodet er avgrensa for femåringar. Ifølge Dyngeland gjer det at det er mange barn på Varhaug som tel ned til dei fyller fem og kan begynna i koret.

Det kan ikkje vera lett å halda styr på så mange ungar, men Marie Dyngeland og medleiarane får det til å sjå lett ut og, ikkje minst, høyrast godt ut.
Det kan ikkje vera lett å halda styr på så mange ungar, men Marie Dyngeland og medleiarane får det til å sjå lett ut og, ikkje minst, høyrast godt ut. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dette blir stadfesta av to smårollingar som sat ved sida av Jærbladet under jubileumskonserten. Dei to nikka ivrig då Jærbladet spurde om òg dei hadde planar om å begynna i koret.

Festkvelden begynte med at koret toga inn i rommet, song «Hurra for deg» og veiva med norske flag.

– Det er ganske unikt, dette her, sa dirigent Dyngeland då ho innleia konserten.

Dei har kanskje «mini» i namnet, men på Varhaug er Minikoret svære greier. Her togar dei inn medan dei syng bursdagssong til seg sjølve.
Dei har kanskje «mini» i namnet, men på Varhaug er Minikoret svære greier. Her togar dei inn medan dei syng bursdagssong til seg sjølve. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Me har ein heil skokk med ungar som er glade i å synga. Det har me hatt i 40 år. Me er litt viktige for bygda. Me limer saman og skapar gode opplevingar, både for oss sjølve, men òg for dei som høyrer på, sa ho.

Godt humør

Det siste var noko ordførar Andreas Bjorland (KrF), som var kommen for å gratulera med dagen, kunne skriva under på.

– Då eg sat og høyrde på dykk, blei eg i godt humør. Det skal de tenka på når de er rundt og syng: De får folk i godt humør, sa han.

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) har sjølv gått i barnekor. Mandag fortalde han at han, av grunnar han ikkje heilt forstod sjølv, aldri fekk høve til å synga solo.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) har sjølv gått i barnekor. Mandag fortalde han at han, av grunnar han ikkje heilt forstod sjølv, aldri fekk høve til å synga solo. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ordføraren, som sjølv har gått i barnekor, sa at det var to gode grunnar til å gå i eit kor som Minikoret: Å synga om Jesus og vera i lag med vennar. Han nytta òg høvet til å rosa dei vaksne som har stilt opp rundt koret.

Det er ei kjend sak at lag og frivillige organisasjonar står sterkt i Hå. Bjorland meinte mykje av dette kan sporast tilbake til bedehusmiljøet i kommunen.

Minikoret på Varhaug feira 40 år mandag.
Minikoret på Varhaug feira 40 år mandag. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Engasjement

I tillegg til det faste bandet med Kenneth Ueland på piano, Tide Ekroll på bass og Mikal Risa på trommer – navet i koret, som Dyngeland kalla dei, var rundt 40 barn i aksjon under jubileumskonserten.

Desse tre herrane er sjølve navet i koret, skal ein tru dirigenten. Frå venstre: Kenneth Ueland, Tide Ekroll og Mikal Risa.
Desse tre herrane er sjølve navet i koret, skal ein tru dirigenten. Frå venstre: Kenneth Ueland, Tide Ekroll og Mikal Risa. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På spørsmål om korleis det er mogleg å få så mange barn heilt nede i femårsalderen, trekk Dyngeland på skuldrene.

– Har du fengande songar og viser engasjement sjølv, får du ungane med deg, seier ho.

Det var sundagsskulelærar Gudrun Tora Norli Husveg som i 1985 grunnla Minikoret.

Etter konserten var det feiring med marsipankake og pølser, gjeve i gåve av lokale velgjerarar.

Gordon Bøe (t.v) og Glenn Skretting gjer seg nyttige bak grillen før konserten. – Når dei steller i stand må jo me vera med og stilla opp, seier dei.
Gordon Bøe (t.v) og Glenn Skretting gjer seg nyttige bak grillen før konserten. – Når dei steller i stand må jo me vera med og stilla opp, seier dei. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Det var god pågang i pølsekøen etter konserten, men Glenn Skretting lot seg ikkje vippa av pinnen.
Det var god pågang i pølsekøen etter konserten, men Glenn Skretting lot seg ikkje vippa av pinnen. Foto: Foto: Håvard Ovesen