På Hamar er det TikTok sine data som blir lagra på datasenteret til Green Mountain.
– Det er kjent for alle at TikTok er kunden. Dei har vald å vera heilt opne, sa regiondirektør Are Koppang under folkemøtet på Undheim torsdag kveld.
Fleire andre av dei 55 kommersielle datasenterane i Norge har kjende kundar, som Google og Microsoft.
Hemmeleg kunde
Denne haldninga har ikkje Green Mountain sin komande kunde på Undheim.
– Kunden er eit vestleg, internasjonalt selskap som er blant dei største i verda. Dei ønsker ikkje å eksponera kor dei har sine data, seier Halvor Bjerke, administrerande direktør i Green Mountain Nordics.
Han forklarer hemmeleghaldet med kundens vurdering av sikkerheit og med at det står i kontrakten med Green Mountain.
– Om kunden vel å gjera seg kjend seinare, er opp til dei. Men me er bunde av kontrakten.
Dette er ikkje akseptabelt, meiner Øystein Nereng, som representerer SV i Time kommunestyre. SV var det einaste partiet som vendte tommelen ned for datasenter-planane på Undheim.
Partiet røysta også imot den mykje større framtidige utbygginga på Kalberg, der det var eit knapt fleirtal for Green Mountain sine datasenterplanar i kommunestyret.
– Blir sentral aktør
– Eg har hatt inntrykk av at det var fleire kundar på Undheim. Viss det dreier seg om eitt stort selskap, er med nøydde til å få vita kven der er, meiner Nereng.
– For då vil det vera eitt stort selskap som skal ha såpass mykje av verdiane, matjorda og straumen vår, at dei vil vera ein sentral aktør i Time når dei får etablert seg. Då blir det ikkje plass til mykje meir kraftkrevjande industri her. Viss det nå, under Trumps styre, er eit amerikansk teknologiselskap, må me vita det, meiner Nereng.
Skeptisk til jobblovnad
Lovnaden rundt 100 faste arbeidsplassar på Undheim når datasenteret er ferdig bygd, var ein sentral del av bodskapen frå leiinga i Green Mountain i «nabolagsmøtet» dei heldt på samfunnshuset torsdag.
– Historia om at det berre blir vaktmeister og vaskepersonale er langt frå sanninga. Alt i morgon kjem stillingsannonse på leiartrioen her på Undheim. I neste veker lyser me ut etter teknikarar, sa regiondirektør Stig Erlend Eidså. Han håpa at mange av dei 100 vil velja å bu på Undheim.
Fleire i salen var skeptiske til dette talet, mellom andre Øystein Nereng.
Samanlikna med Google
I eit spørsmål til Green Mountain viste han til Googles datasenter i Skien, der straumforbruket er 240 MW i ei verksemd som gir 100 faste arbeidsplassar.
Det er meir straum enn datasenteret på Undheim skal få bruka. Korleis forklarer Green Mountain at det vil bli 100 faste arbeidsplassar ved datasenteret på Undheim, der kunden skal trekka 80 MW straum? spurte han.
Regiondirektør Eidså svarte at dei ikkje veit kva Google har lagt til grunn i sine kalkylar, men at han kan garantera Green Mountain sine eigne tal.
I eit e-postsvar på spørsmål frå Jærbladet skrur Halvor Bjerke dette til eit hakk.
«Vi anser dette estimatet som noe konservativt», skriv han.
Fleirtalet av jobbane er teknikarar og sikringspersonell som jobbar skift, men det vil òg bli tilsette i administrasjon, reinhald og støttefunksjonar, ifølge toppsjefen.
«Vi har lang erfaring med å bemanne datasentre og har basert estimatet på hva som kreves for å holde et anlegg i denne størrelsen i kontinuerlig drift», skriv Bjerke.
Men det er ikkje Green Mountain som vil bli arbeidsgivar for desse 100.
«Alle de 100 faste arbeidsplassene vil ha Undheim anlegget som sitt stedlige arbeidssted, men noen av dem vil for eksempel være ansatt hos kunden eller for et sikkerhetsselskap», ifølge Halvor Bjerke.
– KI driv behovet for datasenter
– Hvor mange datasenter treng Norge egentlig? spurte Ådne Undheim frå salen.
Toppsjefen svarte.
– Ingen veit. KI driv behovet for datasenter i dag. Og det er betre å bygga desse med grøn straum i Norge, enn på kontinentet. Me som er her, gjer så godt me kan for å driva sirkulære løysingar, som varmegjenvinning på Rjukan. Me vil bidra som forbrukar, men også med reservekraft, sa Bjerke.
Kryptodatasenter
Etterpå spurte Jærbladet Green Mountain-sjefen korleis det kan ha seg at førestillinga om at staben i eit datasenter består av «vaktmester og reinhaldsmedarbeidar» fortsetter å leva viss den er falsk.
– Kryptodatasenter, sa Bjerke.
– Kryptodatasenter har veldig få arbeidsplassar. Dei har lågare sikkerheit og svært mykje lågare pris for kunden. Det me tilbyr, er derimot kritiske tenester med krav om sikring 24/7.
Mange kundar gir flest tilsette
Ifølge Green Mountain si eiga nettside varierer talet på tilsette med typen og størrelsen på datasenteret. Viss eit datasenter har mange ulike kundar, trengst det fleire tilsette per MW-kapasitet, enn viss det berre er éin kunde.
«Samtidig kan man heller ikke kun telle de direkte ansatte hos datasenteroperatøren. Mange andre personer kan ha datasenteret som fast arbeidsplass gjennom for eksempel å være ansatt i innleid vakt- aller renholdsselskap eller være ansatt hos datasenterets kunder.»
Green Mountain sitt middels store datasenter på Rjukan har 77 fast tilsette, ifølge selskapet.
«Det tilsvarer over 10 ansatte per MW kapasitet. Ved vårt datasenter på Heggvin estimeres 70 arbeidsplasser per 30 MW bygg, noe som tilsvarer 2,3 ansatte per MW. Så her er det store variasjoner basert på størrelse og type datasenter. Ser man på de totale sysselsettingseffektene av en datasenteretablering er de mye større da anleggene sysselsetter mange arbeidstakere gjennom utbygginger og kontinuerlig vedlikehold.»
– Eg veit ikkje kva ordning Green Mountain skal ha på Undheim. Men viss dei berre skal ha éin kunde, trur eg ikkje dei treng så mange tilsette, seier Øystein Nereng.
Skeptisk etter Kalberg-vyar
I folkemøtet hevda Nereng at han ikkje nødvendigvis er kritisk til datasenter i seg sjølv, men at han er skeptisk til Green Mountain på grunn av måten selskapet har oppført seg på i Kalberg-saka, der eit mykje større datasenter er ein del av ein kompleks og omstridt områdeplan.
– Fleire i selskapet og i Time Energipark kom med sysselsettings-anslag som var heilt ut av det blå og let som om det var basert på forsking, seier Nereng.