Den første applausen kom fordi Green Mountain-sjefen ba om han.
Den andre var avventande.
Men den siste var det litt meir kraft i.
– Eg har aldri sett eit så positivt folkemøte, sa ordførar Andreas Vollsund (H) i det han forlét Undheim samfunnshus torsdag kveld.
Han var ein i ein tverrpolitisk gjeng frå kommunestyret som hadde tatt vegen. Dei ville få med seg det fleire hadde venta skulle bli eit møte med temperatur.
- Kva skal me gjera?
Nokre kritiske spørsmål fekk sjefane for utbygginga. Men nokon hissig motstand mot datasenteret som veks fram langs Fv 505, viste seg ikkje.
– Det hadde vore meir fyr her viss dette møtet var blitt halde for to år sidan, meinte Nils Martin Sikveland, Undheimsbu og Senterparti-representant i kommunestyret.
– Men kva skal me gjera? Dei har jo begynt å bygga. Me er jo anstendige folk.
Første møte med bygda
Det var Green Mountain og entreprenør Backe som inviterte til det dei kalla «nabolagsmøte», det første nokon gong, og på Samfunnshuset hadde leiar Helge Lode opna dørene. Utanfor fylte parkeringsplassen seg opp, og inne blei det tett med folk, om ikkje på dei fremste stolane.
Innom ti datasenter før frukost
Først fekk folk sjå ein liten film. Der fortalde ei ung, digital dame om dagen sin, der ho skrolla på mobilen, las nettaviser, vippsa pengar, brukte BankID, sjekka pulsklokka og spelte Candy Crush. Før dagen var omme, hadde ho «vore innom 40 datasenter.»
Viss ho hadde vore på TikTok, ville datasenteret truleg ha vore Green Mountain sitt på Hamar. Sjefen der, regiondirektør Are Koppang, hadde tatt turen til Undheim for å dela av erfaringar frå datalageret som opna der ved utgangen av 2024. Det er litt mindre enn datasenteret som er på trappene på Undheim.
– Eg var sjølv skeptisk til datasenter, sa Koppang om tida før han begynte i jobben. Det er han ikkje lenger nå, la han til.
– Lite støy, store ringverknader
Han gjekk gjennom vanlege innvendingar, som støy.
– Me har hatt gjester som står på parkeringsplassen og lurer på om me er i drift. Dei høyrer ikkje støy, sa Koppang.
Men rett ved sidan av kjølemaskinane høyrer ein vifter, og frå isolasjonspumpene kjem ein stikkande lyd som dei ikkje vil ha og som dei gjer tiltak mot, ifølge regiondirektøren på Hamar.
Han fortalde også om dei positive ringverknadene han meinte datasenteret har gitt: Det lokale firmaet som landa den største vatn- og avløpskontrakten i si historie. Gerd frå Løten som sette verdsrekord i sal av kanelbollar. Tilsette ved datasenteret som kom heim på grunn av jobben frå CERN i Sveits, eller kom flyttande til frå Oslo.
600 arbeidarar før jul
Støy blir det mest av i anleggsfasen.
Det veit særleg dei som bur ovanfor datasentertomta på Undheim, og som har kunna sjå og høyra mellom 400 og 500 bilar til dagen køyra masse frå grunnarbeida ved tomta, til depot ved Ogna.
Grunnarbeida er altså godt i gang, og nå har også betongarbeida starta, fortalde Skjalg Lund, administrerande direktør i entreprenørselskapet Backe. Så skal dei reisa bygg.
– Frå sommaren og utover vil det dra seg til. Før jul vil me nærma oss ein peak med over 600 arbeidarar. Frå slutten av 2027 og inn i 2028 vil det fasast ut og gå bratt nedover igjen, sa Lund.
Brakkeby i to år
Alle desse folka må ha ein stad å bu i anleggsfasen, og utbyggaren har søkt om to alternative stader: Ei tomt i eit LNF-område ovanfor datasentertomta, og eit meir sentralt plassert område på Lye. Det mest sannsynlege er Lye, meinte Backe-sjefen.
Det blir cirka 14 bustadriggar og eit kantinebygg.
– Så mykje folk på éin plass krev litt. Me må prøva å gjera det så kjekt og bra som mogleg når folk skal bu i brakke i to år. Me skal sørga for eit bra sosialt miljø. Det er viktig for oss og for Green Mountain at dette fungerer godt, også for lokalbefolkninga. Med 600 menn på éin plass vil noko skje. Men me vil ha vakt og lokalt politi, og viss det skulle bli uro, ber me folk varsla oss. Dette må fungera bra, og det vil det viss me får beskjed om ting som skjer, meinte han.
Flest skandinavar
Arbeidsfolka vil bli køyrt i buss til jobben før klokka sju om morgonen og truleg bli køyrt heim igjen rundt klokka 19. – Nokre gongar vil det bli doble skift, så då blir det litt annleis, sa Lund.
Rundt 80 prosent av arbeidarane på byggeplassen vil vera skandinavar og resten frå ulike land i Europa, ifølge Backe-sjefen.
– Me vil bruka flest mogleg lokale entreprenørar, la han til.
100 faste jobbar
Det skal bli mange permanente jobbar også, lova regiondirektør Stig Erlend Eidså.
– Historia om at det berre blir vaktmeister og vaskepersonale er langt frå sanninga. Alt i morgon kjem stillingsannonse på leiartrioen her på Undheim. I neste veker lyser me ut etter teknikarar.
Rundt 100 personar kjem til å ha Undheim som fast arbeidsstad når datasenteret står ferdig, ifølge Eidså.
– Me får sjå kor mange som vel å busetta seg her. Eg håpar og heiar på at det blir mange, sa han.
Vil besøka skulen
Tryggleiken til folk i nabolaget betyr mykje for dei som har ansvar i anleggsfasen, understreka Skjalg Lund.
Backe-sjefen fortalde at dei har sett fartsgrensa langs vegen ned frå 80 til 60. Det meste av anleggstrafikken til og frå byggeplassen går sørover; dei prøver å ha minst mogleg trafikk gjennom Undheim sentrum. Men dei har lyst til å besøka skulen saman med ein lastebilsjåfør som kan snakka med ungane om tungtransport og for eksempel visa dei blindsonar.
Skada arbeidarar
Så var det spørsmål frå salen. Det kom fleire:
Om kva nettleige Green Mountain betaler, samanlikna med individuelle forbrukarar. (Svar: det same).
Om skader på utanlandske arbeidarar i anleggsfasen på Hamar, og at éin skada arbeidar skal ha blitt sittande i heimlandet utan hjelp. (Svar: Green Mountain dekte inkassokrav frå sjukehuset i Norge for den rumenske arbeidaren utan at dei var juridisk forplikta til det. Backe har tryggleik som prioritet nummer ein og stiller dei strengaste krava. Alle skal heim i same stand som dei kom).
– Eit problem: Eigarane
– Dette er ei lita bygd der folk er opptatt av idrettslag og kyrkje, påpeikte Hans Dahl Ørstavik.
– Og Green Mountain har eit lite problem: Eigarane sine. Det blir diskutert i bygda, og ein del er imot på grunn av den politiske situasjonen i Midtausten, sa han.
Eigarane til Green Mountain er det israelske konsernet Azrieli Group.
Her tok kommunikasjonsansvarleg Mette Berger Gulbrandsen ordet. Azrieli kjøpte Green Mountain frå Smedvig i 2021, begynte ho.
– Me forstår diskusjonane, gitt den geopolitiske situasjonen. Me er eigde av eit israelsk selskap. Men det har ingenting med staten Israel å gjera. Azrieli har uttrykt sympati med ofra for terrorangrepa 7. oktober 2023. Men dei har ingen investeringar i busettingar, og ingen business i Gaza. Dei er ikkje under FN-sanksjonar. Og Oljefondet, som eig i Azrieli, har ikkje ekskludert dei etter gjennomgangen av eigarskapet sitt i israelske selskap.
– Kva treng de vatn til?
Eli Undheim var skeptisk til høgdebassenget for sløkkevatn som Green Mountain nyleg fekk fleirtalet i kommunestyret med på å bygga.
– Kva skal Green Mountain ha vatn til? Viss det tar til å brenna på datasenteret, kan ein jo ikkje sløkka med vatn, då må ein ha gass og pulver, sa ho, og meinte at Green Mountain skyver bøndene og deira behov for beredskap framfor seg.
Viss det skulle bli brann, er det faktisk vatn som trengst, svarte regiondirektør Eidså.
Her tok Senterpartiets Tarald Magne Oma ordet. Han fortalde at han var kome heim frå ei reise til Ukraina tidlegare om dagen.
– Straumen forsvann, og me var utan straum og vatn i 40 timar. Utan naturleg trykk må vatn pumpast ut. Høgdebasseng gjer at ein kan ha vatn også utan straum. Det er veldig klokt og veldig viktig å ha sånn tryggleik her, meinte han.
Samfunnshus-leiar Helge Lode gjekk rundt med mikrofonen til folk. Innimellom fekk han gjort det klart at Green Mountain er velkomen til bygda. Til Jærbladet sa han dette før møtet starta:
– Når folk er så dumme at me har mobil, har me sagt A og B. Då må me ha datasenter, her eller i Europa. Korfor ikkje då her, kor det vil bli ein plass mellom 50 og 100 nye arbeidsplassar?