– Vedtaket skal praktisk løysast i fellesskap mellom rektorar og skulesjef. Det er ikkje noko kvar enkelt skule skal avgjera, forklarer kommunedirektør Trygve Apeland i Time.
Det gjer han etter at kommunestyret i kveldinga onsdag vedtok eit nytt flaggreglement for kommunen med 23 mot 4 stemmer. Vedtaket inneber at det vil bli flagga på skulane i Time ved årlege lokale Pride-arrangement, stadfester Apeland.
Etter at fleirtalet ville legga til eit tillegg frå Bente H. Larsen i Høgre, slår også reglementet fast kva flagget skal bety i Time: «Regnbogeflagget symboliserer mangfald og inkludering».
– Skulle hatt det sånn i kommentarfelta
Heile 16 av kommunestyret sine 27 representantar tok ordet i debatten. Til slutt fekk dei alle påskjønning av ordførar Andreas Vollsund.
– Det har vore ein fryd å høyra på dykk. Den respekten skulle me hatt i kommentarfelta òg.
Undervegs hadde to Høgre-representantar med motsett syn på regnbogeflagg på skular, begge sitert kong Harald sin berømte tale frå 2016 om kva Norge og nordmenn er, mellom mykje anna: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i kvarandre.»
Ein annan hadde referert frå Lillebjørn Nilsens «Barn av regnbuen». Ein tredje viste til første Mosebok i Bibelen.
Alle var for mangfald og inkludering. Men ikkje for å bruka pride-flagget på skulane.
– Skapar konflikt, ikkje fellesskap
– Eit slikt vedtak vil skapa konflikt, ikkje fellesskap, argumenterte Thor Inge Kalberg i Frp, som las frå eit advarande innspel frå ein innbyggar.
Partifelle Gaute Stokka, som er varaordførar, presenterte seg som «gammaldags og sidrumpa» då han forklarte at han ønskte å halda på det gamle.
– Det er nok å heisa pride-flagget på rådhuset, meinte han.
Inkludering utan eige flagg
Høgre sin Kirsten Oma Alstadsæter ville heller ikkje ha regnbogeflagg på skulane. Ho vil heller at alle skal samlast under det norske flagget og kjenna at det er deira.
– Inkludering treng ikkje nødvendigvis eit eige flag, sa ho.
Det same meinte Ranveig Undheim i Sp.
– Dette er ei vond sak. Me er fødde som me er, anten me er sånn eller sånn. Eg ser ikkje homofile og lesbiske som unormale. Eg er like unormal. Men eg vil at skulen skal vera nøytral. Eg vil gjerne markera Pride, men under det norske flagget.
Fryktar for fellesskulen
Også Nils Martin Sikveland i Sp landa på motstand mot pride-flagg på skulane. Han meinte at det ikkje er nok semje i samfunnet om kva regnbogeflagget symboliserer, og at dette kan truga fellesskulen, «den viktigaste plattforma for å laga det samfunnet me ønsker».
Stortinget bruker ikkje regnbogeflagget, påpeikte KrF sin gruppeleiar Anders Undheim.
– Korfor blir då skular og arbeidsplassar tvungne til å gjera det for å visa seg inkluderande? Pride-flagget er ikkje samlande, men splittande. Og det gjer skulen til ein konfliktarena, meinte han.
– Det er for ungane som treng det
Dette flagget er ikkje noko for meg, erklærte også Inge Bjørnsen frå Inp.
– Men det er ikkje for meg. Det er for ungane som treng dette. Utan tilknytinga til FRI er dette berre eit flag. Og vaksne med panikk i blikket bør hugsa at ein ikkje blir same fordi om ein ser eit samisk flagg.
Regnbogeflagget handlar ikkje om organisasjonen FRI, meinte Endre Vollsund frå Venstre.
– Det handlar om den jenta eller guten som sit usikker på rommet sitt og lurer på kva bygda seier om dei.
– Kan vera din unge
Han kom etter Kjetil Eide i Høgre, som sa at han godt kunna ha røysta for eit krav om at skulane skal heisa regnbogeflagget.
– Hugs at den ungen dette betyr noko for, kan vera din, sa han.
Senterpartiet var delt, erkjente Tarald Magne Oma. Denne saka skapar splitting og frontar uansett kva ein gjer, meinte han.
– For meg symboliserer dette flagget inkludering og mangfald og er for dei som ikkje vågar å seia kven dei er. Sånn har det vore i alle år, dei har utvikla seg til å bli ein pariakaste og er blitt mobba og hetsa.
– Høyr på ungdommen
Oma peikte på at ungdomsrådet einstemmig har gått inn for å flagga på skulane.
– Kva skal me med eit ungdomsråd viss me ikkje lyttar til dei i ei sak som mest av alt angår dei? sa han.
For Hannah Owe Hope i Ap betydde det «enormt mykje» å sjå regnbogeflagget på flaggstonga utanfor rådhuset i sin kommune etter terrorangrepet i Oslo natta før pride-paraden 25. juni 2022.
– Rundt om sit elevar som er skeive, eller som har skeive foreldre. Dei høyrer kva me seier og legg merke til kva me gjer, sa ho.
Kampen om tolkinga
SV sin stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa er vara til kommunestyret. Ho peikte på at også det norske flagget kan oppfattast ulikt mellom minoritetar, for eksempel urfolk, og fleirtalet.
– Men det er merkeleg viss det først og fremst er motstandarane si tolking som skal gjelda. Det kan ikkje vera slik at viss eit mindretal blir høgrøysta nok, så skal me gi etter. Me kan sjå vekk frå at dei hevdar at regnbogeflagget symboliserer organisasjonen FRI. Me kan legga vekt på kva me meiner det symboliserer, nemleg mangfald og inkludering, sa ho.
Framlegga som fall
Etter debatten onsdag var det berre Frp sine medlemmer og KrF sin gruppeleiar Anders Undheim som stemte mot endringane i reglementet som kommunedirektøren hadde innstilt på.
Men på vegen var dei innom fleire endringsforslag. Mellom anna hadde åtte representantar – tre i Frp, tre i Senterpartiet, ein i Høgre og ein i KrF, røysta mot punktet om at skulane skal kunna flagga med regnbogeflagget.
KrF sitt framlegg fall. Det handla om å snu praksis ved å la nasjonalflagget vaia frå rådhuset, slik det også blir brukt på kvinnedagen og FN-dagen, men å heisa pride-flagg på skulane for at ungar skal forstå det som eit teikn på at alle høyrer til.
Det fekk berre stemmene til KrF og til Senterpartiets Nils Martin Sikveland.