Kommunedirektør Trygve Apeland seier saka kommunen tapte i tingretten er prinsippielt viktig for heile kommunesektoren. Nå ankar kommunen avgjerda, og har fått KS sine advokatar med seg på laget.
Kommunedirektør Trygve Apeland seier saka kommunen tapte i tingretten er prinsippielt viktig for heile kommunesektoren. Nå ankar kommunen avgjerda, og har fått KS sine advokatar med seg på laget. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Ein tilsett i Time kommune gjekk til sak mot arbeidsgjevaren då ho ikkje fekk ta ut den ekstra ferieveka tilsette over 60 har krav på, trass i at ho gav beskjed innan fristen.

Raud dag kom i vegen

Kvinna ville ta ut den ekstra ferieveka samanhengande i jula, frå 23. til 28. desember. Arbeidsgjevaren sa nei, og grunngav dette med at ho stod oppført med vakt 2. juledag.

I staden fekk ho tilbod om å ta ut ferien den 23. og 24. desember og den 27. og 28. desember.

Det enda med at kvinna gjekk til sak mot kommunen.

Spørsmålet det kokte ned til, var om kvinna hadde rett på samanhengande fri om det i den ekstra ferieveka kom raude dagar der ho var sett opp på vakt.

Det kom retten fram til at ho hadde.

Kvinna vann saka, og vart tilkjend 10.000 kroner som eit velferdstap. I tillegg måtte kommunen dekka sakskostnadane hennar på 90.000 kroner.

KS tar saka

Onsdag kveld kom melding om at kommunen har anka avgjerda. Det gjer dei med kommunesektorens interesseorganisasjon KS i ryggen.

Det er KS sine advokatar som kjem til å føra saka og det er òg KS som kjem til å dekka eventuelle sakskostnader.

Kommunedirektør Trygve Apeland seier i ei pressemelding lagt ut på Time kommune si nettside at kommunen er ueinig i tingretten si avgjerd og at dei har vurdert spørsmålet om anke grundig.

– At KS så tilbydde seg å ta arbeidet og alle kostnadar ved ein anke, var avgjerande for at me til slutt landa på å ta saka vidare, seier han.

Kommunedirektøren understrekar at kommunen opplever samarbeidet og dialogen med kvinna som vann den førre runden i retten som god.

– Men me er ueinige om dette konkrete spørsmålet, seier han.

– Ulikt syn

Apeland seier rettssaka viste at Sykepleierforbundet og KS har ulike syn på uttak av den ekstra ferieveka for tilsette over 60, og at dei har rådgitt sine medlemmar ulikt.

– Då er det fornuftig med ei avklaring i rettssystemet, seier Apeland.

Apeland seier rettssaka viste at Sykepleierforbundet og KS har ulike syn på uttak av den ekstra ferieveka for tilsette over 60, og at dei har rådgitt sine medlemmar ulikt.

– Då er det fornuftig med ei avklaring i rettssystemet, seier Apeland.

– KS ønskjer å føra saka for Time kommune, men også vera partshjelpar då avgjerda kan ha store konsekvensar for kommunesektoren og for tilsette under 60 år, seier arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS i den same pressemeldinga.

Gangsø seier arbeidstakarar over 60 år har rett på ei ekstra ferieveke som dei sjølv fastset ved å gi arbeidsgivar 14 dagars varsel. Han understrekar at KS ikkje ønsker å røra ved denne retten.

– Saka gjeld berre retten til å få ekstra fri for turnusarbeidarar over 60 år ved å legga ferien i tilknyting til helg- og høgtidsperiodane, seier Gangsø.

Arbeidslivsdirektøren seier at om dommen vert ståande, vil det føra til at arbeidstakarar under 60 år vil «måtte påleggast å jobba på helg- og høgtidsdagar som dei lang tid i førevegen har fått innvilga fri på og planlagt avvikling av».