– Kommunedirektøren vurderer at eit tilbod om leige av elsparkesyklar vil vera eit godt supplement til kollektivtilbodet i dei sentrumsnære delane av kommunen.
I eit framlegg til politikarane anbefaler han at kommunen inngår avtale med dei kommersielle utleigarane, i staden for å få den lange og krøkkete vegen via ei forskrift.
Avtalen er frivillig i den forstand at aktørane sjølv vel om dei vil slutta seg til, men er ein føresetnad for at dei får driva utleige frå kommunal grunn.
Løysinga med avtale er valt etter dialog med Voi, som sette ut dei første elsparkesyklane hausten 2025, og er basert på erfaringar i andre kommunar.
Kommunar som lagar forskrift, har større rom for å styra tal på selskap og elsyklar, definera forbodssoner og tekniske krav, men har vanskar med å gjera endringar eller justeringar.
Ser til Klepp og Sandnes
Saman med den politiske saka er eit avtaleutkast som kommunedirektøren i Time ber om mandat til å sluttføra.
Avtalen blir i første omgang inngått med Voi, men skal gjelda tilsvarande for andre aktørar, dersom Bolt, Ryde, Lime eller nokon andre skulle kikka mot Bryne og Time.
Klepp, saman med Sandnes, er modell for den frivillige avtalen. Kommunestyret i Klepp gjorde vedtak i desember og skal evaluera ordninga etter eitt år.
Time legg opp til at ordninga skal evaluerast etter to år.
– Kommunedirektøren opplever at det så langt har vore ein god dialog med utleigeselskapet og ser fram til vidare samarbeid om ordninga, slik at den vil opplevast som eit positivt supplement til ferdsel i Time, står det i saka.
Kommunane krev leige
Avtalane til Klepp og Time er langt på veg identiske.
Voi og andre aktørar, må dokumentera at dei har ein tilfredsstillande plan for opprydding og oppfølging av elsparkesyklane.
Dei må levera månadlege rapportar, som også er utgangspunktet for utrekning av leige av kommunal grunn: 1 krone per døgn per sykkel.
Syklane skal vera utstyrte med geosperrer, slik at utleigaren og kommunen saman kan definera soner med parkeringsforbod, soner med ferdselsforbod, og tidsperiodar med nedsett fart.
Sonene kan vera permanente eller mellombelse, til dømes ved større arrangement som 17. mai, og kan variera med sesong.
Vil ha parkeringsgebyr
Kommunedirektøren i Time går hardare ut når det gjeld feilparkering, og føreslår at utleigaren får eit gebyr på 900 kroner.
I Klepp forklarte kommunedirektøren at det «i første omgang» ikkje vart planlagt å krevja gebyr for feilparkering.
– Viss det skulle vise seg å, på sikt, vere behov for gebyr vil kommunedirektøren opprette kontakt med Sandnes parkering med intensjon om å inngå avtale om handtering av dette, tilsvarande avtale som Time kommune har knytt til parkering av bil, står det i saksframlegget.
Då gebyr var oppe til diskusjon i hovudutval for samfunn og kultur sa kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen at omfanget av elsparkesyklar frå Voi er lite, og at kommunen ikkje har eige parkeringsselskap.
Men kommunestyret i Klepp vedtok eit tilleggspunkt, der kommunen fråskriv seg erstatningsansvar for brøyteskadar, noko Time ikkje har eksplisitt i sitt avtaleforslag.
Som hovudregel må utleigaren fjerna syklane når det er snø eller is. Men ved kortvarig glatt føre kan dei bli låste for bruk i nokre timar mens det er glatt, utan å måtta hentast inn.
Soner med ferdselsforbod
Syklar skal ikkje parkerast i parkar eller friområda – og kan ikkje brukast i desse områda i det heile tatt:
- Alle skulegardar og barnehagar
- Fritz Røed skulpturpark
- Alle idrettsplassar og kyrkjeområde
I Klepp er det forbod mot ferdsel desse forbodssonene:
- Alle skulegardar og barnehagar
- Plogenparken
Det siste kulepunktet som Time har, finst altså ikkje i avtalen Klepp vedtok. I praksis ser Voi ut til å følga den same linja i begge kommunane, ut frå kartet i Voi-appen.
Brukaren må ta bilde
Kommunane kan definera parkeringsstader og utplasseringsstader som skal nyttast. Der det ikkje er gjort, kan utleigarane bestemma sjølve – generelt skal dei parkerast slik at dei er til minst mogleg ulempe for gåande, syklande og køyrande.
For å sikra at parkeringa er akseptabel, må brukarane ta bilde i appen kvar gong dei set frå seg sykkelen. Ved fleire klager på dårleg parkering skal utleigaren reagera, utestenging er eitt alternativ.
Ein elsparkesykkel som blir ståande ubrukt på same stad i meir enn to døgn, skal hentast av utleigaren. Utleigaren pliktar å halda syklane ved like og rydda vekk dei som er til hinder.
Maksfart i helga
I utgangspunktet er elsparkesyklane tilgjengelege frå 5:00 til midnatt. Skal utleigarane tilby utleige seinare enn dette, må dei visa at dei har verkemiddel for å unngå køyring i berusa tilstand.
Syklane har til vanleg ein maksfart på 20 km/t, som skal reduserast til 12 km/t i to timar før midnatt på fredagar og laurdagar.
Farten kan reduserast ytterlegare, til 6 km/t, gjennom Storgata, Meierigata og Lauritz Bellesens gate, med tverrgater.
I Klepp kan det også vera aktuelt med lågare fart i sentrum – nærare definert som området mellom rundkøyring Solavegen x Jærvegen, Solavegen x fv. 44 og Solavegen x Olav Hålandsveg.
Saka i Time skal til senior- og brukarrådet, ungdomsrådet og utval for lokal utvikling, før endeleg vedtak i kommunestyret.