Det er Bjerkreim kommune som held i planarbeidet sjølv om vindkraftverket er planlagt over kommunegrensa, med tilkomstveg frå Time.
Som ei «motyting» krev Time at det skal settast opp vindmøller på nordsida av grensa for å få økonomisk utteljing for utbygginga.
Kravet vart først stilt gjennom ei prinsippsak utval for lokal utvikling behandla for to år sidan.
Torsdag 27. august behandla utvalet for første gong ein plan for utbygginga på Time-sida, så vel som planen for Bjerkreim-sida.
Kommunedirektøren hadde bede om utsett høyringsfrist for Bjerkreim-planen slik at utvalet kunne sjå planane i samanheng.
Over førti vindmøller
Planen for Mellomstrand vindkraftverk i Time legg opp til minst tre vindmøller, eit servicebygg og tilkomstveg for heile anlegget.
Planområdet ligg heilt aust i kommunen og held fram i Bjerkreim, der 38 vindmøller på inntil 200 meter er planlagde.
I 2009 gav NVE grønt lys for eit stort vindkraftverk i same området, men Olje- og energidepartementet stoppa utbygginga.
I august fremja Statsforvaltaren i Rogaland motsegn mot dei nye utbyggingsplanane, i eit brev til NVE:
Olje- og energidepartementet (OED) sine argumenter for avslag på Moifjellet vindkraftverk i 2012 gjør seg fremdeles gjeldende. Det må også vektlegges at OED gjorde en samlet vurdering av en rekke vindkraftanlegg i 2012. Den økte nytten av ny utbyggingsløsning som Statkraft presenterer kan etter vårt skjønn ikke forsvarliggjøre de mange negative konsekvensene som en utbygging vil medføre.
Ambisjonen om 850–900 GWh er tre over gonger større enn den søkte produksjonen i Høg-Jæren vindkraftverk.
Produksjonen skal tilsvara årsforbruket til over 50.000 bustader.
Eit fleirtal i fylkesutvalet vedtok nyleg ein høyringsuttale der Rogaland fylkeskommune stiller seg positiv til utbygginga.
Bjerkreim kjem først
Statsforvaltar Bent Høie peikar på at søknaden til konsesjon for Moifjellet vindkraftverk vart sendt før ein veit om utbygginga også leier til utbygging av Mellomstrand vindkraftverk.
For det er slik rekkjefølga er: Planen i Bjerkreim kjem først, deretter kjem planen i Time.
Statkraft kjem ikkje til å bygga ut Mellomstrand vindkraftverk dersom utbygginga på Bjerkreim-sida stoppar opp.
Administrasjonen i Time har vore tydeleg på at planane burde ha vore samla i éin prosess slik at arealbruken og ikkje minst plasseringa av vindmøllene blitt sett under eitt.
I tråd med prinsippvedtaket i 2024 anbefaler kommunedirektøren i Time at begge planane ser om det kan settast opp vindmøller i kommunegrensa, dersom det gjev ei meir optimal utnytting av vindressursane.
Ønskte å stoppa alt
Øystein Nereng (SV) meiner konsekvensen av motsegna frå Statsforvaltaren og argumentasjonen i saksframlegget til kommunedirektøren tilseier at Time bør seia stopp.
Han føreslo ikkje å bruka kommunale ressursar på å legga til rette for Mellomstrand vindkraftverk.
Samstundes ville han ha utvalet med på å rå Bjerkreim til å legga bort Moifjellet vindkraftverk.
– Administrasjonen skriv sjølv at Moifjellet har vesentleg negative konsekvensar for natur, landskap og friluftsliv. Dette er ikkje eit område utan verdi – tvert imot er det eit svært viktig kystlyngheiområde og ein av dei siste restane av samanhengande inngrepsfri natur i denne delen av Rogaland. I tillegg er kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald framleis mangelfullt, argumenterte han.
Fleirtal for Mellomstrand vindkraftverk
Endre Vollsund (V) målbar synet som vann fram i utvalet, som vil gå vidare med Mellomstrand vindkraftverk.
– Eg har heile tida meint at viss Bjerkreim seier ja til vindkraft, heilt på grensa til Time, samstundes som tilkomstvegen blir lagt gjennom Time, så bør det òg opnast for at me får minimum tre turbinar på vår side av kommunegrensa. Då får Time noko att for å ha vindkraftverket som nærmaste nabo. Kommunen får inntekter samstundes som me bidrar til fornybar energi.
Jone Fosse støtta synspunkta og røysta for kommunedirektøren si innstilling, men sa at Time Senterparti er delt i saka.
Thor Inge Kalberg sa at Time Frp er imot vindmølleutbygging, men røysta for å legga Mellomstrand vindkraftverk ut på høyring.
– Me er i utgangspunktet usamde i at det skal byggast ut vindkraft over så store område. Men her ser me fordelen med at me kan hjelpa til og spara natur, ved å gå inn frå Mellomstrand-sida, i tillegg sp vil me tena litt pengar på det. Men hadde det vore i Time at vindparken skulle byggast, hadde me sagt nei.
Kunne spent bein
Kjell Olav Stangeland sa at Time Arbeidarparti er delt i saka og at han er den som er mest negativ til utbygginga på Moifjellet.
I utgangspunktet ville vera med og senda Mellomstrand vindkraftverk ut på høyring, men éi opplysing fekk han til å snu.
Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, svarte at planane i Time og Bjerkreim heng så tett saman at Statkraft ikkje kan vidare utan at tilkomsten gjennom Time er avklart.
– Vil det spenna bein under Moifjellet? spurte Stangeland.
– Det vil spenna bein under planforslaget, slik det ligg føre nå. Då må dei tenka heilt nytt, klargjorde Bjorland Dahl.
Ber Bjerkreim stoppa
Rein Harald Salte (H) kommenterte at han gjekk til val på ikkje å tillata fleire vindkraftverk i Time, og sa at Mellomstrand vindkraftverk i så måte var i grenseland.
– Men å gå imot dette og berre få ulempene, er ikkje noko eg vil gå vidare med.
Alle utanom Nereng og Stangeland røysta for kommunedirektøren si innstilling om å senda planen på høyring.
Så gjekk dei vidare til å behandla planen i Bjerkreim.
Øystein Nereng fremja forslaget sitt om å be Bjerkreim avslutta planarbeidet for Moifjellet vindkraftverk.
Han fekk først berre støtte frå Ap og Venstre, men etter eit gruppemøte slutta fleire seg til.
Iren Lassen forklarte at Høgre støtta innstillinga til kommunedirektøren fordi dei ikkje vil kasta bort dei grundige vurderingane han hadde førebudd.
Endre Vollsund forstod grunngjevinga, men føreslo å supplera forslaget til Nereg med heile innstillinga frå kommunedirektøren.
– Då må Bjerkreim vareta forventningane våre dersom dei mot formoding skulle finna på å vedta Moifjellet vindkraftverk, forklarte Øystein Nereng, før seks av ni i utvalet røysta for forslaget hans.