Spørsmålet er stilt i referatet frå styringsgruppemøtet 29. april, der alle politikarane i formannskapet er med.
I 2022 definerte Time kommune eit jordvernmål i den delen av kommuneplanen som ikkje er juridisk bindande.
Samfunnsdelen trekk dei opp store linjene kommunen skal styra etter i arealpolitikken, og skal innehalda mål og strategiar.
Jordvernmålet tillèt nå at 45 dekar jordbruksareal i gjennomsnitt kan omdisponerast årleg fram mot 2050.
Målet som vart sett for fire år sidan, er utdatert, og må uansett fornyast når også arealdelen skal bli ny.
Arealplanlegging på jærsk
Regionalplanen, som står over kommuneplanane, slår fast at ja – kommunane må ha eit jordvernmål.
Jordvernmålet skal stå i arealdelen, og det skal ta «utgangspunkt i ambisjonsnivået i det regionale jordvernmålet».
Det er vagt – derfor har fylket laga rettleiaren Arealplanlegging på jærsk.
– Det er i tråd med regionale planar og statlege føringar at ein skal omdisponera minst mogleg dyrka mark. Då er det om å gjera å få kommunen både til å vera visjonær, men også jobba målretta og kunnskapsbasert gjennom mange spor, blant anna fortetting, planvask og hushaldering av areal i kommuneplanen, fortel seniorrådgjevar Erik Cockbain.
Jordvernmålet er eit anna verkemiddel, og rettleiaren forklarer steg og steg korleis kommunen skal gå fram for å identifisera sitt.
– Me har ikkje sagt at alle kommunane skal legga seg på ein rettmessig andel av det regionale jordvernmålet på 200 dekar. Når utgangspunktet er eit ganske ambisiøst regionalt mål, er det meir hensiktsmessig å få kommunane til å jobba godt med å vurdera dei heilt konkrete behova dei har.
Sjølv om det regionale jordvernmålet ikkje kan brytast direkte ned på den enkelte kommunen, understrekar rettleiaren at kommunane har eit stort ansvar med å styra arealpolitikken slik at minst mogleg jordbruksareal blir bygt ned.
Stortinget har skjerpa krav
«Time kommune er ein viktig jordbrukskommune og skal bidra til at nasjonale og regionale mål om vern av jord vert nådd. Samstundes må ein balanserer dette opp mot andre kommunale og regionale omsyn», står det i samfunnsdelen til Time.
Den vart vedtatt før Stortinget skjerpa det nasjonale jordvernmålet, frå 3000 til 2000 dekar i gjennomsnitt per år.
Særleg Russlands invasjon av Ukraina hadde auka merksemda om sjølvforsyning og mattryggleik.
Rogaland fylkeskommune har følgt opp vedtaket i Stortinget, slik at fylket er avgrensa til å omdisponera 200 dekar i snitt per år.
Time kommune sitt mål utgjer altså 22,5 prosent av all jordbruksjord som kan «tillatast» bygt ned i fylket i løpet av eitt år.
Det romslege jordvernmålet i samfunnsdelen møtte skepsis før vedtaket i 2022, men det er berre den juridisk bindande arealdelen som kan bli stoppa av motsegn.
Brukte opp slingringsmon
Før lokalvalet neste år skal kommunestyret vedta ein ny kommuneplan, med ny samfunnsdel og arealdel.
Motsegna kan koma då – særleg sidan fleirtalet i styringsgruppa meiner at også 45 dekar blir for knapt i Time.
Av ein «buffer» på 100 dekar, som skulle vara fram til 2050, er 91 dekar allereie brukte opp på veg og samferdselsprosjekt.
På møtet i april gjekk styringsgruppa for eit alternativ 2, som reduserer ambisjonsnivået og tillèt meir nedbygging:
- «Det kommunale jordvernmålet på 45 dekar per år holdes fast på noe som betyr at arealer og innspill prioriteres hardt.»
- «Justere jordvernmålet. Prøve å få alle nye områder inn før 2050. Det fører til at det kommunale jordvernmålet vil utvides over de 45 dekarene som er gjeldende per nå.»
I 2024 føreslo kommunedirektøren å bremsa utbygginga av bustadfeltet Brynegarden, for å møta kommunen sitt eige mål og forventningane frå Stortinget.
56 dekar
Jærbladet har tidlegare skreve at styringsgruppa ønsker å gå vidare både med 237 dekar næringsareal og 151 dekar biogassanlegg ovanfor Undheim, nær datasenteret til Green Mountain.
Med dei nåverande føresetnadene siktar kommunen, ifølge administrasjonen, mot eit jordvernmål på 56 dekar i året.
Reelt sett er omdisponeringa endå høgare, fordi kommunen ikkje reknar med omdisponsering til masseuttak og areal til råstoffutvinning. Årsaka er at desse areala på sikt skal førast tilbake til landbruk.
Stoppa inngripande naturprinsipp
I februar stoppa kommunestyret i Time ein ferdig skreven naturmangfaldsplan.
Fleirtalet frå Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og éin frå KrF, hadde denne grunngjevinga:
Vedtaket er grunna i at Time kommune allereie er styrt av eit omfattande nasjonalt og regionalt rammeverk for naturmangfald, og at èin ny kommunal temaplan tilfører lite praktisk betydning for styringa av kommunen.
Temaplanen har ikkje juridisk verknad, men inneheldt føringar for arbeidet med kommuneplanen, inkludert å innarbeida prinsippet om arealnøytralitet der:
«Arealnøytralitet inneber eit netto null tap av natur i kommunen, og i praksis skjer dette ved fortetting og gjenbruka areal framfor å bygge ut i naturareal. Eventuelle arealinngrep i natur må økologisk kompenserast.»
Mindretalet frå AP, INP, to frå KrF, SV og Venstre røysta for å vedta forslaget til naturmangfaldsplan.