Aarresmia og Steinslandshuset ligg nesten i enden av Storgata på Bryne.
Aarresmia og Steinslandshuset ligg nesten i enden av Storgata på Bryne. Foto: Joakim Bjerk

Dei to sveitserhusa står som tidsvitne i Bryne sentrum.

Med byggeår frå seint 1800-tal og tidleg 1900-tal er dei eldst i Storgata.

I 2019 kunne Jærbladet fortelje at Reier Carlsen og Rune Underhaug skulle gå saman for å redde dei verneverdige bygningane. Fem år etterpå var begge husa ferdig restaurerte, og Steinslandshuset var blitt fysisk flytta frå ei tomt til ei anna.

I dag blir bygningane brukt til næringslokale og bustader i Smieparken, mellom anna for Sophia Edbäcks Smiå café. Smieparken AS, ved Carlsen og Underhaug, blei vinnar av Byutviklingsprisen i fjor.

No er altså dei spesielle husa på jakt etter nye eigarar.

Kan gå ut over Smiå café – men ikkje på kort sikt

Bjørn Rune Salte i Privatmegleren Jæren meiner at det utan tvil er eit spesielt sal.

– Me er spente sjølv på kven som endar opp med å kjøpe dei forskjellige husa. Det er eldstedelen av bygghistoria til Bryne som står igjen, som skal leggast ut, seier han til Jærbladet.

– No meinte Reier Carlsen og Rune Underhaug, og Nils Underhaug som har kome inn i selskapet seinare, at tida er inne for å vidareføre bygget til dei som ønskjer å investere og kanskje har eit føretak dei vil drive, eller bu der sjølv.

Meklaren forventar ikkje stor interesse.

– Alle næringseigedommane som me har selt, for eksempel det gamle apoteket på Bryne, har utan tvil ei snever kjøpargruppe. Det handlar om å finne rett kjøpar, og eg er heilt overtydd om at det finst, seier Salte.

Smiå café blir drive i Aarresmia sin nedste etasje. Begge bygga har næringslokale og bustaddel.
Smiå café blir drive i Aarresmia sin nedste etasje. Begge bygga har næringslokale og bustaddel. Foto: Foto: Joakim Bjerk

– Ser du for deg at det kan bli ein reell risiko for at Smiå café må flytte ut?

– Det er alltid ein fare, men absolutt ikkje på kort sikt, då det er regulert av leigekontraktar med ytterlegare opsjonar som kjøpar må ta omsyn til. Det er detaljar me vil gå nærare inn på med dei som viser interesse, seier han, og legg til at han håpar det populære tilbodet vil halde fram i lang tid.

Separate annonsar

Dei to bygga er lagt ut på marknaden separat. Dette var noko meklaren og selskapet tok ei konkret vurdering på, fortel Salte.

– Mest sannsynleg blir det éin kjøpar for kvart av husa, det har med totalprisen for begge å gjere. Det mest fornuftige er å splitte opp, då det er to forskjellige hus, og gir eit breiare nedslagsfelt.

Aarresmia ligg ute for ein totalpris på 9.728.340 kroner, Steinslandshuset for 8.703.340.

I salsoppgåva er det alternativt opna for moglegheita til å kjøpe selskapet Smieparken AS, som eig begge husa. Dette vil eventuelt bli ein annan salsprosess, legg meklaren til.