Det var dei i 2023 òg, utan at nokon av dei nådde heilt opp. Den gongen var det KrF som fekk flest stemmer og kandidaten deira, Andreas Bjorland som blei ordførar, medan Nygård blei varaordførar.
Denne helga har lokallaga til både Framstegspartiet og Høgre halde nominasjonsmøte.
I begge tilfelle har ordførarkandidatane frå 2023 takka ja til ein runde til når håbuen igjen går til stemmeurnene neste år.
– Me er veldig fornøgde med at Svein Arve Nygård har sagt ja til å stilla, skriv Marianne Osmundsen, lokallagsleiar i Hå Frp, til Jærbladet.
Sirevågbuen Nygård har vore med i Hå-politikken i 23 år. Nå går Nygård mot sin sjuande periode i Hå kommunestyre.
– Det er godt å ha ein så erfaren og god mann på toppen av lista. Han har stor respekt blant innbyggarane, andre politikarar og ikkje minst internt i partiet, skriv Osmundsen.
Gunn Hege Skretting Sirevåg, lokallagsleiar i Hå Høgre, er minst like entusiastisk over hennar parti sin kandidat.
– Medlemmane i Hå Høgre ser fram til at Trond Knutsen skal fortsetta å fremja Høgre sin politikk. Det er me kjempefornøgde med, seier Skretting til Jærbladet.
Knutsen, som bur på Nærbø, har lang røynsle frå politikken i Hå. I to periodar var han første vararepresentant for Høgre til kommunestyret. Så melde han overgang til Nærbølista, og sat i kommunestyret i tre periodar for dei.
Ved førre val gjorde han comeback i Hå-politikken. Ved det valet blei Høgre nest største parti. Mange venta derfor at Knutsen skulle bli varaordførar, men etter drama langt utpå valnatta blei det i staden Svein Arve Nygård frå Frp, kommunens tredje største parti, som fekk det vervet.
Til neste år stiller dei altså på ny som ordførarkandidatar. Så er det opp til veljarane å bruka stemmesetelen for å gje signal om dei meiner det er ein av dei, eller ein heilt annan kandidat, som bør få den jobben.