– Ein polsk kollega spurde meg i går: Kan du køyra for meg på måndag?
Til vanleg ville Torvald Tjåland ha svart ja. Denne gongen ga han ein annan respons:
– Nei, då er eg for gammal.
Dessutan kanskje litt opptatt med å feira 75-årsdagen sin.
Denne dagen, fredag 5. juni, er han ennå ung nok.
Ung nok til å få lov til å gjera jobben han har gjort dei siste fem åra, og som han har stortrivest med: Å køyra buss.
Det siste dagsverket starta med vekking klokka 03.45. Det måtte til, skulle han rekka frå Undheim og til bussen som sto parkert i Vardheia for å leggja ut mot Verdalen klokka fem.
Nå er det siste turen på den siste arbeidsdagen: Tjåland svingar ut frå St1-stasjonen på Bryne med tom buss som snart skal bli skulerute frå Lye til Undheim.
– Det har vore så flott å vera vikar i Vy. Dei ringer og spør: Vil du ta den ruta? Eller den? Eg har køyrt over heile Jæren, langt innover til Hommersåk og Vier, og til Stavanger. Eg er blitt veldig godt kjend. Håholen, veit du for eksempel kor det er? seier han mens han manøvrerer den grøne doningen gjennom rundkøyringane ut av Bryne.
Han svarar sjølv.
– På Kvernaland.
Det er svært ryddige administrative forhold i Vy, legg Tjåland til. Han vil gjerne anbefala jobben til andre pensjonistar.
– Men så er det dårleg betalt. Ikkje til å leva av for folk som har familie. Derfor er dei fleste sjåførane utlendingar.
For denne sjåføren er lønna ikkje det viktigaste; han har pensjon etter 45 år som bioingeniør ved Nærbø legekontor.
– Eg gjer det fordi det er gildt. Eg har alltid likt å køyra store køyretøy. Eg likar å drøsa med folk. Mange set seg på fremste sete for ein prat. Men det kan ikkje bli så mykje snakk at eg vasar meg vekk.
Passasjerane – av og til kjem det av gammal vane ut som «pasientane» – er stort sett greie, synest Tjåland.
– Ein og annan prøver å lura meg ved å fikla med mobilen som skal lesa av billetten, men har ikkje billett. Eg vil ikkje opptre som politi. Men av og til er det kontroll, og då er det ingen nåde.
Viking-skjerfet på frontruta er ikkje hans. Dette er eigentleg Jakob sin buss, forklarer Tjåland, som i dag vikarierer for Jakob Aardal, mannen som fekk han inn i yrket. «Min mentor», seier Tjåland.
– Eg hadde det så godt i jobben på helsesenteret på Nærbø. Men då eg blei 70, måtte eg slutta. Det var greitt, eg krangla ikkje om det. Men veka før 70-årsdagen tok eg kontakt med Vy, som eg visste hadde behov for folk. Der var det berre å komma inn og få uniform.
Han svingar av Fv 506 og inn på Lyevegen. I vegkanten står ei lita jente og vinkar i det skulebussen passerer. Tjåland vinkar tilbake.
Førarkort klasse to har 75-åringen hatt sidan han var 20. Det har vore i bruk opp gjennom åra. Iblant har han køyrt lastebil. Då dei bygde dobbelsporet på Jærbanen, tok han sjåføroppdrag på buss for tog. Nokre år har han køyrt Nettbuss og frakta russ inn til Stavanger og ut igjen.
I pandemien fekk han dessutan sjansen til å kombinera kompetansen sin då Hå kommune sette opp ein rullande vaksinestasjon som turnerte kommunen, frå Ogna i sør til Nærbø i nord, med buss og covid-vaksinar.
Ved Lye skule er det ikkje den vanlege trengselen av ungar som vil heim. Berre to elevar skal på. Dei andre er på sykkeltur, opplyser Andreas Sikvaland, som kjem om bord med ransel og sparkesykkel, og Live Friestad Salte.
Litt lengre borti vegen står 5.-klassingane Markus Tunheim og Mateus Wank Hadland og gir teikn. Dei skal òg heim.
Ein bussjåfør er ein mann med godt humør, veit ungane.
Dagens sjåfør kvitterer:
– Dei fleste ungane er høflege og seier hei og takk for turen, i alle fall her på bygda.
Og når han stoppar og let dei av, ein etter den andre, er det berre godlyd.
– Ha det! Takk for turen!
Eller:
– God helg!
– God helg. Ja, det seier dei òg!
For Torvald Tjåland blei helga helst god, men i alle fall spesiell: Den var den første i det verkelege pensjonistlivet.
Eller ikkje?
– Kva skal du begynna med nå? Det var kona sitt spørsmål då det blei klart at eg skulle slutta.
Ho er òg i ferd med å pensjonera seg, og saman har dei hytta på Brusand som dei kjøpte i fjor. Den vil dei bruka meir enn før.
Dessutan er det musikken.
Tjåland spelar saksofon, både i gruppa Greensax og i koret Frimenn. Han øver «meir eller mindre kvar dag» og vil gjerne spela meir offentleg, gjerne aleine eller med éin annan, slik han iblant gjer ved gravferder eller andre kyrkjelege arrangement.
Då Jærbladet intervjua Tjåland som 70-åring, sa biokjemikaren at han ikkje ville «klara å legga meg på sofaen og sjå på fjernsyn. Eg må gjera noko fornuftig».
Tre dagar før 75-årsdagen synest han det er «greitt nok» å ha nådd deadline som bussjåfør. Risikoen for sjukdom og svekka reaksjonsevne aukar med alderen, erkjenner han. Og ved rattet i ein buss har ein ansvar for mykje folk.
– Men eg kunne godt ha halde på lenger. Og lastebil får eg framleis lov å køyra!