På forsommaren tok Arne Husveg (Konservativt) opp trafikksituasjonen på fylkesveg 44, rett sør for Ogna sentrum. Her, rett ved brua over Ognaelva, ikkje langt frå Ogna skule, er det ein 90-graderssving.
Her er det 40-sone. Ifølge Husveg hender det jamleg at skuleelevar kryssar vegen her for å besøka skogsområdet på sørsida av vegen til undervisning eller tur.
– Det er ikkje uvanleg at heile klassar på over 20 elevar må kryssa vegen samla, sa Husveg, som meinte at mange trafikantar opplever området som uoversiktleg.
Han hevda òg at mange bilistar ikkje held seg til fartsgrensa.
Husveg lurte på om ordføraren ville be administrasjonen kontakta fylkeskommunen og be dei vurdera eventuelle tryggingstiltak i svingen. Som det går fram av namnet, så er det fylkeskommunen som er ansvarleg for fylkesvegen.
For nokre år sidan blei det sett inn fleire tiltak. Blant anna blei 40-sona utvida og fleire fartshumpar kom på plass.
Dundra forbi målaren
I kommunestyret svarte ordføraren at administrasjonen først ville gjera ei trafikkteljing og bruka resultata frå denne til å vurdera om dei skal følga vidare opp med fylkeskommunen.
Torsdag 17. september la plansjef Ole von Erpecom Vikse fram resultata for Utval for samfunn.
Mellom 17. og 24. august hadde kommunen sett opp ein fartsmålar i svingen. Tal frå denne viste at det i snitt passerer 4586 bilar her i døgnet. Av desse var 7,2 prosent store køyretøy.
Talet er litt høgare enn dei offisielle tala frå Statens vegvesen. For dette strekket opererer dei med ein årsdøgntrafikk på 4.300 bilar.
Den mest trafikkerte timen kom fredag ettermiddag mellom 15:00 og 16:00. Då passerte 535 køyretøy.
Dei forbipasserande køyretøya heldt ein snittfart på 48 kilometer i timen, altså litt over fartsgrensa.
På eit eller anna tidspunkt i måleperioden passerte eit køyretøy som klarte å komma opp i heile 164 kilometer i timen mellom fartshumpane. Vikse spekulerte i at dette må ha vore ein motorsykkel. Han sa ikkje noko om når på døgnet denne målinga blei registrert.
– For få som kryssar
Kommunen var òg ute og telte kor mange mjuke trafikantar som kryssa vegen. Det gjorde dei med utgangspunkt i ein teori om at det vil vera flest som kryssar når skulen startar og sluttar.
Dei stilte seg derfor opp i Svingen om morgonen den 21. august frå klokka 08:00 til klokka 08:20, som er tidspunktet det ringer inn ved Ogna skule.
I løpet av denne perioden var det tre personar som kryssa vegen. Av desse var to til beins. Den siste nytta elektrisk sparkesykkel.
Kommunen talte og mjuke trafikantar på gang- og sykkelvegen. Der såg dei fem personar på elektrisk sykkel og tre personar på elektrisk sparkesykkel.
Det låge talet gjorde at kommunen stilte seg opp for ei ny teljing tysdag 25. august. Då talte dei mjuke trafikantar frå klokka 07:00 til klokka 08:20.
Då talte dei åtte personar som kryssa. Fem av dei sykla. Tre av dei gjekk. På gang- og sykkelvegen talte dei to som gjekk, fem som kom på sparkesykkel og elleve som sykla.
Vikse hadde ikkje særleg tru på at fylkeskommunen vil setja inn fleire trafikktryggingstiltak, til dømes opphøgd gangfelt, i svingen.
– Dei vil seia at det er for få som kryssar, sa han.
Det avgjerande talet er kor mange som kryssar i løpet av den travlaste timen i veka. Før det blir aktuelt for fylkeskommunen å vurdera opphøgd gangfelt i svingen, må det vera minst 20 som kryssar i løpet av ein time.
Kommunalsjefen sa at dei så langt ikkje har målt trafikken rundt skuleslutt, men at dei reknar med å gjera dette snart.
Kommunen tel trafikken på dagar med godt vêr, fordi dei reknar med at då er det fleire mjuke trafikantar ute.