Haustvêret på Jæren levde opp til sånn det skal vera under ein høgtideleg seremoni ved Hå gamle prestegard onsdag kveld. Det regna og blåste då varaordførar Svein Arve Nygård avduka ein heilt ny milesteinen.
Milesteinen markerer kor langt det er til Nidaros. Turstien som går forbi prestegarden er nemleg ein del av Kystpilegrimsleia frå Egersund til Nidarosdomen i Trondheim.
Kystpilegrimsleia skal, i mellomalderen, ha vore den mest nytta ruta for pilegrimar som skulle til Nidarosdomen for å sjå relikvier etter Heilag Olav.
Nå har Hå, saman med Egersund, Stavanger, Utstein og Avaldsnes blitt ein «nøkkelstad» langs den sørlegaste delen av ruta.
Milesteinen varaordføraren avduka onsdag, viser pilegrimane at det er tusen kilometer igjen til Nidarosdomen.
Ei pilegrimsreise er ei religiøs reise til ein heilagdom. Det finst lange historiske tradisjonar for denne typen reiser innafor dei fleste verdsreligionar.
Ein av dei som var med på markeringa onsdag, var Lars Sigurd Tjelle. Han er prost, og sit i Jæren Pilegrimskomité.
Til Jærbladet seier han at sjølve livet på mange måtar er ei pilgrimsvandring, med ulike landskap og etappar som mennesket går gjennom.
– Det er ulike epokar og ulikt vêr, og sånn er jo livet òg, seier Tjelle.
Kystpilegrimsruta er ei av ni norske pilegrimsruter. Alle leier til Nidarosdomen.