Hå gamle prestegard, med nyeløa til venstre i bildet.
Hå gamle prestegard, med nyeløa til venstre i bildet. Foto: Jorunn Erga Steinsland (arkiv)

Som Jærbladet tidlegare har skrive, er ikkje dagens brannsikring ved Hå gamle prestegard god nok. Dei eldste bygningane ved den kommunale kunst- og kulturinstitusjonen skriv seg heilt tilbake til 1700-talet. Hovudhuset ved garden er frå 1787.

Å legga opp til ei skikkeleg brannsikring har vist seg komplisert, og langt dyrare enn dei 4,8 millionar kronene enn Hå-politikarane opphavleg sette av til prosjektet for fem år sidan. Faktisk er den nye ramma over dobbelt så høg: 10 millionar kroner.

Då eigedomssjef Jan Erik Brudeli nyleg orienterte formannskapet om status for ulike byggeprosjekt, bad ordførar Andreas Bjorland (KrF) han om å greia ut litt om bakgrunnen for den høge summen.

Det viste seg, som ordføraren òg hinta til, at det handlar om langt meir enn eit sprinklaranlegg.

Komplikasjonar i løekjellaren

Brudeli fortalde at kommunen har gjort mykje på eigedommen. Blant anna var den elektriske hovudtavla som står i hovudhuset heilt full, så nå har dei laga til ei ny hovudtavle i eit heilt nytt teknisk rom i kjellaren på nyeløa.

Det nye rommet baud på komplikasjonar. Blant anna begynte muren å sprekka litt då dei grov inn ein ny vassleidning. Då måtte dei forsterka.

Dessutan var kjellaren groven ut frå før, slik at fundamentet på grunnmuren låg høgare enn golvet. Det måtte dei òg gjera noko med.

I tillegg oppdaga dei at taket i kjellaren var støtta opp med stålsøyler av den typen ein finn på byggestillas.

– Det var ein del jobb med det, sa Brudeli.

Eigedomssjef Jan Erik Brudeli fortalde om ein komplisert prosess med å brannsikra Hå gamle prestegard.
Eigedomssjef Jan Erik Brudeli fortalde om ein komplisert prosess med å brannsikra Hå gamle prestegard. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Det nye tekniske rommet skal nå vera brannsikkert, ifølge eigedomssjefen.

– Me har sikra kjellaren for dei kommande hundre åra, sa Brudeli.

Kommunen har òg grave nye grøfter mellom alle bygga og lagt vann, straum, fiber, alarm og all mogleg annan infrastruktur på nytt.

Brudeli slo fast at bygningsmassen ved Hå gamle prestegard er gammal.

– Då må me ha rom for uføresette forhold, sa han.

Sjølve overrislingsanlegget er ute på anbod nå. Når tildelinga er gjort, sannsynlegvis i løpet av dei neste vekene, rekna Brudeli med å kunne komma tilbake med ei revidert kalkyle.

– Me hamnar rundt ti millionar kroner, sa han.

– Nødvendig

Ordføraren svarte at dei i alle fall ikkje måtte hamna på meir, men understreka samtidig at arbeidet som nå blir gjort, er heilt nødvendig.

– Me hadde hatt ein dårleg sak om det brann ned, sa han.

Bjorland minna om at då kommunen i 1977 kjøpte garden, var det ikkje alle som såg mon i han.

– Men i dag trur eg ingen er i tvil om at det var rett å kjøpa han, sa ordføraren.

Han hevda at det finst folk rundt om i landet som er godt kjende med namnet Hå gamle prestegard, men aldri har høyrd om Hå kommune.

– Me kunne ikkje vore kjende av at Hå gamle prestegard brann ned, sa Bjorland.