– Bryne kino er ein av dei flottaste i Norge, både teknologisk og standardmessig, med flinke folk. Hadde det ikkje vore for det, ville me ikkje ha brydd oss om å driva han, seier Arild Kalkvik, direktør i Trondheim Kino AS, til Jærbladet.
– Nå overtar me dei tilsette, kjøper ut utstyret, og så blir det business as usual – same fjes, same namn. Me ser ikkje «Trondheim kino» som passande for ein kino på Bryne, seier Kalkvik.
Men ein ny logo vil kinoen få.
Onsdag vedtok formannskapet i Time, med åtte mot ei stemme, å velsigna avtalen som kommunen har forhandla fram med Trondheim Kino AS om at dei skal overta drifta av den til nå kommunale kinoen på torget.
Låst til millionhusleige
Men husleiga til selskapet Cinema Eiendom AS kjem kommunen seg ikkje ut av.
Den ligg ifølge ein konsulentrapport i fjor, skyhøgt over kommunale kinoar med same mengde besøk, og kontrakten går til 2038. I fjor kosta leiga 3,3 millionar kroner, ifølge kommunen.
Men når Trondheim Kino høgst truleg tar over drifta frå 1. oktober, vil deira husleige til kommunen dekka ein del av dette.
– Vår avtale inneber at me betaler ein stor del av husleiga. Men den blir basert på omsetning i staden for å vera fast. Går det bra for kinoen, så får kommunen større husleige frå oss, enn viss det ikkje går så bra, seier Arild Kalkvik.
Dessutan vil kommunen sleppa øvrige driftskostnadar for kinoen. I fjor var dei rundt ein million kroner.
– Sparar lite pengar
Før det står to strekar under vedtaket, skal saka til kommunestyret 17. juni. Men i formannskapet onsdag var det berre éi motstemme:
– Beløpet me sparer er lite, målt mot det me hadde håpa på, sa SVs Beate Aasen Bøe.
Ho var den einaste som stemte imot.
Varaordførar Gaute Stokka (Frp) ga uttrykk for det fleirtalet meinte.
– Eg stemmer for avtalen, sjølv om eg hadde håpa at den var betre. Det er synd me ikkje kan driva kinoen sjølve, men eg er glad for pengane som blir frigjort til andre formål.
Bakgrunnen for at kommunen vel å privatisera kinoen, er at verksemda går i minus.
Husleiga er ein del av forklaringa på det.
Besøkstala har heller aldri nådd opp til 100.000 publikummarar i året, som kommunestyret hadde som estimat for at drifta skulle gå i balanse, då dei vedtok å satsa på nye og utvida lokale i 2016. Då kinobesøket dessutan imploderte i pandemien, blei alt endå brattare enn før.
Dårlegare pensjonsavtale gir betre kinoøkonomi
Når det kommunalt eigde, men kommersielle Trondheim Kino AS tar over, er det for at kinoen skal gå i pluss, understrekar Arild Kalkvik.
– Me må gå i pluss. Alt me gjer, må gå i pluss, seier han.
Det trur han dei skal få til.
– Me vil ha betre innkjøpsavtalar. Gunstigare pensjonsavtalar har òg ein del å seia.
Dette siste – pensjonsavtalen – var fleire av politikarane i formannskapet opptatt av onsdag. Den er dårlegare for dei tilsette i tariffavtalen for kinobransjen enn den dei har i kommunen
– Det er dumt at tariffavtalen der er dårlegare. Eg håpar overdraginga blir gjort på ein måte som gjer at kinoen held på sine gode tilsette, sa Karen Hognestad Liland (Ap).
Pensjonsordninga er den som gjeld i tariffavtalen mellom Fagforbundet og Virke, ifølge kinodirektøren. Men alle som jobbar på kinoen vil behalda lønna si, seier han.
Turnus- og lønnsvilkår
På Bryne har kinosjef Erlend Serigstad fått med seg strøyminga av møtet i formannskapet. Han ser at han og staben snart vil vera tilsett i det private Trondheim Kino AS i staden for i Time kommune.
– Det er ikkje i boks før det er i boks. Me ventar til kommunestyret har fatta endeleg vedtak før me går laus på praktiske ting. Men det høyrest ikkje ut som det går nokon annan veg, seier han.
Den nye tariffavtalen har lågare tillegg og dårlegare pensjonsvilkår enn kommunen sin, ifølge Serigstad. Kinoen har rundt 10 fast tilsette på rundt fem årsverk, fordelt på mange små stillingar, og nokre på tilkalling.
– Det er klart at det kan bli ei utfordring med turnus og lønnsvilkår. Men eg reknar med at me vil komma godt i mål.
Tungt sidan pandemien
For kinoen er dette ein spennande sjanse, trur Serigstad.
– Det er betre for ein kino å ha eit profesjonelt apparat som berre fokuserer på dette, i ryggen, enn ein kommune som har andre prioteringar og som må ta andre omsyn, seier kinosjefen.
– Kanskje blir det også rom til å gjera meir enn i kommunal regi, både på drift og investeringar, fordi rammene blir heilt andre.
Kinosjefen vedgår at det har vore tungt å jobba med «eit uoppnåeleg budsjett» etter pandemien. Då fall det nasjonale kinobesøket frå 12 millionar til litt over åtte.
– Nå håper eg på eit anna og meir positivt fokus.
– Framleis sjølvdriven
Kinodirektør Arild Kalkvik er begeistra for Bryne kino, som han har hatt med å gjera sidan 2019 gjennom kjeda KinoNor, der både kinoane i Trondheim og på Bryne er med.
– De har ein fantastisk flott kino og flinke folk som driv han. Det er nok for oss. Kinoen er sjølvdriven i dag og vil bli det også framover. Erlend blir kontaktpunktet for det meste, som før. Eg trur ikkje me kan gjera noko frå eller til med besøket, men me kan gjera systemet meir effektivt. I Trondheim har me kompetanse på økonomi og anna som eg trur vil bli ei støtte for Erlend og dei andre tilsette.
Trondheim Kino AS sitt univers har utvida seg frå trønderhovudstaden til stader og byar i same landsdel: Steinkjer, Stjørdal og Kristiansund. Direktøren er rett nok frå Sveio og pendlar til Trondheim frå bustaden på Bømlo.
Inn i ein «kinofamilie»
– Men korleis gir det meining å plutseleg villa drifta kino på Jæren?
– Det krev ikkje så mykje for oss å ta inn fleire kinoar under paraplyen. Dei går inn i same innkjøpsavtale og får same reklame. Bryne må bytta billettsystem og nettside, men det har me gjort mange gongar før, seier Arild Kalkvik.
Etter det Jærbladet forstår, var det kommunen som først tok kontakt med Trondheim Kino AS.
Det blir ikkje meir bart eller skinnvest av at Trondheim Kino kjem inn, forsikrar Kalkvik.
– Kva me gjer for å optimalisera kinodrifta på sikt, får me sjå på. Men nå blir Bryne kino ein del av ein kinofamilie etter å ha vore ein del av ein trygg, kommunal heim. Me er eit profesjonelt team med lidenskap for kino, det er det einaste me driv med. Det håpar me skal smitta, seier kinodirektør Arild Kalkvik i Trondheim Kino AS.