Både som politikar og gjennom frivillig arbeid i Rotary har Natås engasjert seg sterkt mot vald mot kvinner og femicid – drap på kvinner der kjønn i seg sjølv er eit medverkande motiv.

– Ikkje alle klarar be om hjelp

Då kommunestyret i Hå torsdag diskuterte kommunen sin handlingsplan mot vald og overgrep gjekk ho opp på talarstolen og fortalde om eigne erfaringar.

I handlingsplanen står det om kjenslemessige band mellom dei som utfører vald og overgrep og dei som blir utsette for det. Desse banda gjer det vanskeleg å bryta ut. Samtidig blir frykt, skam, fornekting, manipulasjon og isolasjon brukt til å halda forholda skjult.

Det kan vera lett å sitta på utsida og spørja om kvifor nokon ikkje berre sa ifrå, men det at det finst hjelp, betyr ikkje at den som treng hjelpa, klarar å be om ho, poengterte Natås.

– Eg veit sjølv korleis det er å vera utsett for overgrep og ikkje ha ein plass å gå for hjelp, fortalde ho.

Dette skjedde då ho var ung. Ho var sikker på at om ho slo alarm, ville ho mista taket ho hadde over hovudet. Ho gjekk derfor aldri til politiet og forholdet blei aldri prøvd for retten.

– Det blei aldri ein del av statistikken, sa Natås.

– Hjelper ingen i ei skuff

Ho viste til at vald og overgrep kan ramma i alle alders- og samfunnsgrupper og minna om at det òg finst andre former for vald enn den fysiske, til dømes psykisk eller økonomisk.

– Det betyr at den som er utsett, kan vera eit menneske me møter i heimetenesta, på legekontoret, i NAV og på institusjonar eller andre stadar i kommunen, utan at vedkommande nokon gong seier orda «Eg er utsett for vald», sa Natås.

Dei som jobbar i kommunen må vita kva dei skal sjå etter, kva dei skal spørja om og korleis dei skal følga opp om nokon fortel at dei blir utsett for vald eller overgrep, sa Natås.

Ho slo fast at det blir gjort mykje godt arbeid i kommunen, men at handlingsplanen må gjerast betre kjent og brukast meir aktivt ute i tenestene.

– Ein handlingsplan hjelper ingen om han blir liggande i ei skuff, sa ho.

Til Jærbladet seier ho at når ho fortalde kommunestyret om eigne erfaringar, var det for å visa at dette er ei problemstilling som gjeld mange me ikkje veit om eller nokosinne får vita om.

Poenget hennar er at det er store mørketal.

– Det er dei me må til livs. For mange er det vanskeleg å melda frå om at noko ikkje er som det skal vera, anten ein er 8 eller 88 år gammal, seier Natås til Jærbladet.

Nærbø-saka

Handlingsplanen mot vald og overgrep er ikkje ny. Han blei vedtatt i 2023. Grunnen til at politikarane diskuterte han nå, er det som skjedde på Nærbø tidlegare i sommar.

Sundag 26. juli rykka nødetatar ut til ei adresse på Nærbø. Der fann dei ei kvinne med store skadar. Dagen etter døydde kvinna. Kjærasten hennar, som ho budde saman med, blei sikta for å ha drepe henne. Han er òg sikta for mishandling i nære relasjonar.

Då Sømme døydde, var kjærasten allereie under etterforsking av politiet, sikta for vald mot Sømme.

Diskusjonen om handlingsplanen mot vald og overgrep skjedde mot eit dystert bakteppe: 32 år gamle Maren Sømme døydde i sommar etter å ha blitt funnen med store skadar. Politiet har sikta kjærasten hennar for drap og mishandling.
Diskusjonen om handlingsplanen mot vald og overgrep skjedde mot eit dystert bakteppe: 32 år gamle Maren Sømme døydde i sommar etter å ha blitt funnen med store skadar. Politiet har sikta kjærasten hennar for drap og mishandling. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mannen, som er varetektsfengsla, er tidlegare straffedømd for fleire forhold, blant anna fleire tilfelle av vald mot ein dåverande kjærast. Mannen nektar for å ha brukt vald mot Sømme.

Sømme sitt dødsfall og siktinga av kjærasten fekk stor nasjonal verksemd, og saka gjorde djupt inntrykk, òg lokalt.

Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF) gjekk ut i avisa og sa han var både trist og sint og at Sømme sitt dødsfall var noko som aldri skulle ha skjedd.

– Noko som dette skal aldri få skje igjen, sa ordføraren.

Målet med kommunen sin handlingsplan er å førebygga og avdekka vald og overgrep og å sikra god hjelp til dei som utset andre for vald og overgrep og dei som er utsette for det.

Ei evaluering i fjor viste at dei som jobbar ute i tenestene reknar planen for nyttig, men at det er nødvendig å styrka implementeringa og gjera planen betre kjent i tenestene.

Ein ny implementeringsplan skal leggast fram i desember, men på bakgrunn av det som skjedde på Nærbø i sommar, bad ordføraren om ei sak allereie nå. Han bad òg om ei orientering om erfaringane frå kommunen si handtering av det som skjedde på Nærbø i sommar.

– Gode fagfolk og rutinar

Saka som blei presentert for kommunestyret torsdag, viser at planen er godt kjend ute i dei kommunale tenestene, men at det varierer i kor stor grad planen er følgt opp på ein systematisk måte. Ifølge kommunedirektøren er det behov for å styrka implementeringa.

Om avdekking og oppfølging av vald og overgrep heiter det at det er vanskeleg å avdekka, særleg om dei som ser utsette for det ikkje ønsker hjelp eller vil dela informasjon om situasjonen. I saker der barn er involvert, har styresmaktene større moglegheit til å gripa inn, sjølv når dei vaksne vil det, men i dei sakene der det ikkje er barn med i bildet, er handlingsrommet meir avgrensa.

For å lukkast trengst det, ifølge kommunedirektøren, tett oppfølging, gode relasjonar og godt samarbeid mellom dei ulike tenestene.

Om hendinga på Nærbø står det ikkje så mykje konkret, ut over at dei « ... håndterte den aktuelle hendelsen med gode fagfolk og gode samarbeidsrutiner». Naturleg nok, kanskje, sidan påstandane om vald og drap framleis er under etterforsking.

Det var det som låg til grunn då ordførar Bjorland oppmoda kommunestyret om å halda seg til ein generell debatt om korleis kommunen kan jobba for å førebygga vald og overgrep.

Dei fleste som var oppe på talarstolen kalla hendinga på Nærbø ein påminning om kor viktig det er at handlingsplanar av denne typen blir sett ut i livet.

Kommunedirektøren si innstilling var at kommunestyret skulle ta saka til orientering. Det gjorde dei, men dei vedtok òg eit tilleggsforslag.

Arne Husveg (Konservativt) meinte kommunen bør revurdera medlemsskap av den ideelle organisasjonen Alternativ til Vold.
Arne Husveg (Konservativt) meinte kommunen bør revurdera medlemsskap av den ideelle organisasjonen Alternativ til Vold. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Vil sjå på oppsagt avtale

Arne Husveg (Konservativt) hadde nemleg merka seg at handlingsplanen seier noko om at kommunen skal ha eit tilbod til dei som utøver vald og overgrep.

Frå 2016 til 2017 hadde kommunen ein avtale med Alternativ til Vold (ATV), ein organisasjon som spesialiserer seg på å behandla menn og kvinner som utøver vald mot partnar eller barn. Denne sa kommunen opp for å spara pengar.

I dag er det slik at valdsutøvarar kan, dersom dei har barn under 18 år, kan få hjelp ved familiesenteret på Nærbø eller familievernkontoret på Bryne.

Dei som ikkje har barn kan få hjelp i kommunen sin meistringseining.

Kommunedirektøren skriv at tidlegare erfaringar med spesialiserte behandlingstilbod for valdsutøvarar er at det kan vera krevjande å motivera dei til å ta imot hjelp.

«Dette er en utfordring som fortsatt må vies oppmerksomhet i det videre arbeidet», skriv kommunedirektøren.

Husveg lurte på, som Gunn Dalen Håland (H) òg gjorde når ho var oppe på talarstolen, om ikkje kommunen kanskje burde sjå på ATV ein gong til. Husveg foreslo at nytt medlemskap i ATV burde vera ein del av vurderinga når tiltaksplanen blir lagt fram før jul.

Heile kommunestyret røysta for dette.

Ordførar Bjorland kalla det eit godt forslag.

– Han foreslår ei vurdering av ATV, ei grunngjeving av kvifor me ikkje er medlem lenger og ei utgreiing av erfaringane me har. Det synest eg er ryddig å ha med i implementeringsplanen, sa Bjorland.