Terje Lerbrekk og Hilde Marie Horpestad kom med eit litt uvanleg bodskap til formannskapet. Anten må budsjettet triplast og vel så det, eller så er det mest ikkje vits i å gå vidare.
Terje Lerbrekk og Hilde Marie Horpestad kom med eit litt uvanleg bodskap til formannskapet. Anten må budsjettet triplast og vel så det, eller så er det mest ikkje vits i å gå vidare. Foto: Håvard Ovesen

– Her står me med utfordringa vår til dykk. Kva vil de gjera?

Det var Hilde Marie Horpestad og Terje Lerbrekk, begge med kvar sin Torvundparken-cap på hovudet, som spurde.

Dei to er høvesvis prosjektleiar og utbyggingssjef i Hå kommune og hadde akkurat gjeve formannskapet i Hå ein presentasjon av korleis torget og den tilhøyrande parken på Nærbø kan bli i framtida.

Heilt til slutt i ein medrivande presentasjon la dei fram eit prisoverslag som gjekk langt over det politikarane så langt har vist seg villige til å bla opp for å rusta opp indrefileten i Nærbø sentrum.

Likevel var det berre godord å høyra rundt bordet.

Torvund

For å begynna med det som er gratis: Namnet.

Horpestad og Lerbrekk vil kalla opp parken/torget etter målar, bildehoggar og utflytta nærbøbu Gunnar Torvund.

Torvund, som døydde i 2019, er rekna for å vera ein av dei mest nyskapande bildehoggarane i Norge. Han har vore mykje nytta til utsmykking av kyrkjer, og laga mange altertavler, blant anna den som står i Nærbø kyrkje.

Hilde Marie Horpestad hadde trykka opp «merch» i avgrensa opplag. Fleire av politikarane gav uttrykk for at dei kunne tenka seg same hovudpryd.
Hilde Marie Horpestad hadde trykka opp «merch» i avgrensa opplag. Fleire av politikarane gav uttrykk for at dei kunne tenka seg same hovudpryd. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Torvund mottok mange stipend opp gjennom karrieren, og er blant anna kjøpt inn av Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst og Göteborgs konstmuseum.

Helge Torvund, poeten som bur på Ogna, er bror til Gunnar.

I 1989 gav dåverande SR-Bank ein skulptur av Gunnar Torvund i gåve til Hå kommune. Skulpturen «Heimen og ei halv løve» står i overgangen mellom torget og parken på Nærbø.

Tanken er å bygga resten av parken rundt skulpturen.

Under orienteringa i formannskapet kom det fram at prosjektleiar Hilde Marie Horpestad skreiv oppgåve om «Heimen og ei halv løve» då ho gjekk på ungdomsskulen.

Me skal ikkje ta heile særoppgåva hennar her, men skulpturen seier noko om samspelet mellom individ og samfunn og naturen rundt.

– Det er eit kjempekunststykke, sa Horpestad.

Røyr

Ein annan ting er det lite å gjera med: Under torget og parken går det ein haug med røyr.

Til saman er det snakk om eit åtte meter breitt belte med røyr, i tillegg til fire kummar det er lite tilrådeleg å bygga oppå.

I framtida kan indrefileten av Nærbø skapast om til «Torvundparken».
I framtida kan indrefileten av Nærbø skapast om til «Torvundparken». Foto: Foto: Hå kommune

Det vil seia, det går an, men då må ein vera førebudd på å ta det ned igjen når røyra skal skiftast ut.

Utbyggingssjef Terje Lerbrekk sa at dei reknar med å legga nye leidningar i løpet av dei neste ti åra. Då kan det henda at dei legg dei litt lenger aust.

– Men me treng veldig med rom for å få det til. Å bygga noko oppå, vil vera veldig dumt, sa Lerbrekk.

Eit mogleg alternativ er å planta til sansehage med epletre, bærbuskar og likande rundt kumsettet.

Aktivitetspark

I presentasjonen til formannskapet hadde Horpestad og Lerbrekk teikna inn ein pumptrack. Det er ein slags sykkelbane med kuler, svingar og hopp.

Pumptracks er opphavleg avleggarar av BMX-banar, men enkelte variantar kan nyttast at alle typar syklar, sparkesyklar og balansesyklar.

– Dette kan trekka til seg både barn, ungdommar og vaksne, sa Horpestad.

Dei to såg òg føre seg ulike leikeplassar og leikeapparat, tilpassa ulike aldersgrupper og funksjonsnivå.

Kan Torvundparken definerast som aktivitetspark, er det mogleg å søka om spelemiddel. Får kommunen tilslag på dette, kan det gjera rekninga mindre.

I dag er det stort sett parkeringsplass og plen på det som i framtida, om politikarane grev djupt nok i lomma, kan bli Torvundparken på Nærbø.
I dag er det stort sett parkeringsplass og plen på det som i framtida, om politikarane grev djupt nok i lomma, kan bli Torvundparken på Nærbø. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Plogenparken har vist seg å vera ein kjempesuksess for innbyggarane i Klepp, og er eit opplagt forbilde for oppgraderinga i Nærbø sentrum.

Skilnaden er at parken i Klepp hadde eit totalbudsjett på 35,8 millionar kroner.

– Berre det eine klatreapparatet dei har i Klepp ville kosta tre millionar kroner om me skulle bygd eit likt på Nærbø, sa Lerbrekk.

Dei vil òg utnytta terrenget som allereie er der, slik at det blir eit naturleg val å ta med akebrettet til Torvundparken om det ein sjeldan gong skulle vera nok snø til det.

For å få plass, vil dei flytta dagens bocciabane litt lenger sørover. I tillegg skal dagens parkeringsplassar fjernast.

På torget vil dei legga til rette for mobile utstillingsplassar, til dømes for matvogner.

I presentasjonen var det òg mykje som ikkje var tatt med, men som det kan vera rom for om det kjem meir pengar etter kvart. Her kan nemnast toalettbygg, scene og mobil skeisebane.

Poenget, sa Horpestad og Lerbrekk, var at det dei la fram kan vera eit godt utgangspunkt, så kan ein legga stein for stein i det vidare arbeidet med å utvida parken.

Treng 14 millionar, skal det vera vits

– Spørsmålet er kva me vil. Berre for å komma til det me har lagt fram, treng me 14 millionar kroner til av dykk, sa Lerbrekk.

Utbyggingssjefen var fullt klar over at ideane dei presenterte for formannskapet denne tysdagsmorgonen var eit godt stykke frå bestillinga politikarane hadde gjeve administrasjonen.

Det var litt av grunnen til at dei la fram denne løypemeldinga i påvente av ei formell sak som skal opp i formannskapet i slutten av april.

– Me vil vita om me skal gjera noko. Det hadde vore gildt å få noko liv her, men skal me gjera noko for dei få pengane som er sett av i dag, er det mest ikkje vits i å gjera noko, sa Lerbrekk.

Utbyggingssjef Terje Lerbrekk sa at om Torvundparken blir definert som aktivitetspark, kan det opna for å søka om spelemiddel.
Utbyggingssjef Terje Lerbrekk sa at om Torvundparken blir definert som aktivitetspark, kan det opna for å søka om spelemiddel. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Så tok utbyggingssjefen og prosjektleiaren på seg kvar sin Torvundparken-cap, sette på ein song om Torvundparken dei hadde fått kunstig intelligens til å generera, og gav politikarane to minutt til å tenka over det dei nettopp hadde høyrt.

Har fire millionar kroner

I kommunedelplanen for Nærbø sentrum heiter det at torget og parken i bakkant skal utviklast som attraktiv møteplass.

Dette skulle eigentleg gjerast i samband med bygginga av eit planlagt «Sambrukshus» for helsetenester og kulturtilbod, men prosjektet fekk ein så avskrekkande prislapp at det mest sannsynleg er lagt vekk for godt.

Før jul i fjor sette politikarane av tre millionar kroner til å rusta opp torget og parken. I tillegg har Jæren Sparebank meld seg på med ei gåve på ein million kroner til prosjektet.

Legg du momsen på toppen av dette, er du plutseleg oppe i fem millionar kroner. Det er ein monaleg sum, men langt frå nok til å realisera visjonen politikarane fekk presentert før påsken.

– Skrikande behov for meir liv og røre

Dermed såg Svein Høyland (Sp) seg nøydd til å innleia med «det kjedelege svaret» då han, som førstemann, gav sin respons på presentasjonen.

– Det er ei budsjettsak, sa han.

Svein Høyland (Sp) lot seg smitta av engasjementet rundt Torvundparken.
Svein Høyland (Sp) lot seg smitta av engasjementet rundt Torvundparken. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Med atterhaldet unnagjort, roste Høyland dei to for ein interessant presentasjon og smittande engasjement.

– Reint umiddelbart vart dette noko som fenga. Dette verkar veldig gildt. Dette er å skapa møteplassar. Det umiddelbare signalet er at dette må me jobba vidare med, men det kjedelege svaret er at me må knyta det opp til budsjettet, sa Sp-politikaren.

Trond Knutsen (H) sitt umiddelbare signal var at «dokke æ goe!»

– Dette var gildt å sjå på. Eg tenker at skal me lukkast, er me nøydde til å gjera det skikkeleg. Nå har det stått stilt på Nærbø i lange tider. Me har eit skrikande behov for meir liv og røre. Eg synest dette var eit kjempegodt utgangspunkt for det som skal komma, sa han.

Knutsen var opptatt av eit attraktivt sentrum ikkje berre handlar om at det skal sjå fint ut, men òg om eit godt oppvekstmiljø.

Han viste til rekkefølgekrava som i si tid var knytte til Sambrukshuset.

– Dette kan bli ei god erstatning, om me ikkje piner det ned til inkjevetta, sa han.

Attraktivt sentrum

Njål Sikveland (Ap), var klar for å gå vidare med planane. Han røpa at det på bakrommet har vore snakk om å opna opp for å bruka meir pengar på oppgraderinga av torget og parken.

– Me må gjera det skikkeleg når me først skal gjera det, sa Sikveland.

Varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) kalla det ei god skisse.

– Me har snakka mykje om attraktive sentrum. Dette er noko som kan få folk til å bli buande, sa Nygård, og viste til ein analyse kommuneplanutvalet hadde behandla same dag.

Elin Hetland Mong (Hå-lista) lurte på om det er mogleg å spela på lokal næring og industrihistorie i utviklinga av Torvundparken.
Elin Hetland Mong (Hå-lista) lurte på om det er mogleg å spela på lokal næring og industrihistorie i utviklinga av Torvundparken. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I analysen, ført i pennen av plansjef Ole von Erpecom Vikse, heiter det blant anna at i framtida vil det vera kamp om ikkje berre arbeidsplassar, men òg innbyggarar. Frå dette perspektivet er sentrumsutvikling eit viktig grep for å halda på innbyggarane.

– Me må innsjå at sentrumsutvikling ikkje er det me har brukt mest pengar på til nå, for å seia det slik, sa Nygård.

Elin Hetland Mong (Hå-lista) ville vita om det kunne vera aktuelt å spela på det lokalt næringslivet og industrihistorie, til dømes med å nytta lokale material eller leverandørar.

Horpestad og Lerbrekk drog på det, men svarte til slutt at utgangspunktet deira har vore å få mest mogleg aktivitet for pengane, og at dei var uroa for om å trekka inn andre omsyn kunne vera kostnadsdrivande.

– Tar ikkje heilt av

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) sette ord på det som heilt tydeleg var ei gjengs oppfatting rundt bordet:

– Eg har vore litt i tvil, og lurt på om me eigentleg treng dette. Nå er eg ikkje i tvil lenger, sa han, og rosa Horpestad og Lerbrekk for ein «vanvitig god presentasjon».

Ordføraren meinte at oppgraderinga av Nærbø sentrum er på overtid. Han trakk særleg fram aktiviseringa av innbyggarane og synergieffektar for det lokale næringslivet.

– Me skal ikkje ta heilt av, men det gjer de heller ikkje i dette. Det er eit nøkternt og godt tiltak eg ønsker me skal gå vidare med, sa Bjorland.