– Det er ei tikkande bombe, med kort veg frå parkeringsplass og rett ut i sekstisone.
Det sa Anita Bilstad til Jærbladet i november i fjor.
Foreldre og styraren i barnehagen hadde særleg ønskje om fartsdempande tiltak som å setje ned fartsgrensa eller få fortau og belysning langs fylkesvegen som går forbi.
Aksel Grunnreis, seksjonssjef for vegforvaltning i Rogaland fylkeskommune, kunne nokre månader seinare skuffe dei med at fartsgrensa ikkje blir sett ned, og at fortau og lys krev investeringar og eventuelt må inn i handlingsprogrammet først.
Han sa at det ikkje ville bli gjort tiltak på kort sikt. Men 20. august var fylkeskommunen på synfaring ved barnehagen, saman med Klepp kommune.
– Partane blei einige om å sjå nærmare på aktuelle løysingar, fortel Grunnreis.
Betre sikt, flytte skilt og utvide skulder
I første omgang er det snakk om mindre tiltak som kan gjennomførast «relativt raskt», utan regulering eller større investeringar, ifølgje Grunnreis.
– Det kan for eksempel vere å gjere eksisterande skilt meir synlege eller vurdere ein annan plassering for å oppnå betre effekt. Det same gjeld tiltak for å betre sikt, skriv han i ein e-post til Jærbladet.
Fylkeskommunen føreslår å flytte fareskiltet som varslar om at barn ofte oppheld seg langs vegen. Dei vil også betre sikta i avkøyrselen til barnehagen.
Når barnehagen skal på utflukter mot Boresanden, nyttar dei ofte ei innkøyrsel som ligg på andre sida av fylkesvegen, noko vest for barnehagen. Då må ungane gå 170 meter på fylkesvegen, før dei kryssar den.
Fylkeskommunen vil etter synfaringa utvide vegskuldra mellom barnehagen og avkøyrsla til Boresanden, og betre sikta i avkøyrsla.
– Før fylkeskommunen går vidare, avventar me kommunens tilbakemelding på referatet og dei aktuelle forslaga, skriv Grunnreis.
Framleis ikkje aktuelt å setje ned fartsgrensa
Fylkeskommunen held fast ved at ikkje er aktuelt å setje ned fartsgrensa eller etablerte fortau og lys akkurat no. Dette krev ein lengre prosess.
– Større tiltak, som etablering av gang- og sykkelveg, må eventuelt meldast inn og vurderast i arbeidet med handlingsprogrammet for samferdsel, skriv Grunnreis.