Klokka nærmar seg 13 søndag ettermiddag, og folk har allereie begynt å strøyma til den aller første offentlege opningsdagen i Åse-Marie Nesse si diktarhytte nede ved sjøen på Sele.
Det lønna seg å koma litt tidleg, for det blei heilt stappfullt i diktarhytta til Åse-Marie Nesse på Sele opningsdagen.
– Interessert i lokale personar
Sentral på arrangementet var Karen Selma Mariendal – som fredag kom frå Oslo til Klepp som den første personen som har fått kunstnaropphald på hytta.
Mariendal kjende Åse-Marie Nesse personleg, først som studenten hennar på germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo. Etterpå utvikla relasjonen seg til ein venskap som vara heilt til Nesse døydde i 2001, 67 år gammal.
Ein del kjenner nok Mariendal som kvinna bak Facebook-sida «Åse-Marie Nesses venner», som har nær 1200 medlemmer. Der legg Mariendal ut eit nytt dikt kvar dag.
Ho har også mellom anna stått bak boka «Lyslandet», som er eit utval av Åse-Marie Nesse sine dikt, og ho har gjendikta og fått utgjeve Nesse sine «Samlede digte» på dansk. Ho jobbar også med gjendikting av Nesse sine dikt til tysk.
I tillegg jobbar ho med ein biografi om Åse-Marie Nesse, der ho ønskjer at folk skal bli kjende både med diktinga og personen.
Dette er ein viktig grunn til at ho no har fått kunstnaropphald i diktarstova på Sele.
Ho har fått lånt med seg ein del brev og anna materiale frå Arkivets hus på Ullandhaug som ho skal jobba seg gjennom, men ikkje minst er ho på jakt etter å koma i kontakt med folk som kjende Åse-Marie Nesse personleg.
– Eg er interessert i lokale folk som kan fortelja noko om henne. Om korleis ho var som person, om møte dei har hatt, anekdotar som blir fortalde – og gjerne også brev, viss nokon har slikt liggjande, seier Mariendal, som set pris på om folk ringjer eller stikk ein tur innom hytta på Sele.
– Dette måtte me få med oss
Dei aller første «vanlege bygdefolka» – altså dei som ikkje er med og arrangerer – som stig inn døra, er Anne Grethe Hagen og Torgeir Andersen frå Kleppe.
– Dette måtte me få me oss, slår Andersen fast.
Anne Grethe fortel at ho er glad i å lesa dikt, og at Åse-Marie Nesse er ein av diktarane ho liker, men at ho slett ikkje er nokon ekspert.
– Det er godt at kommunen kjøpte denne staden, slik at han blir for alle, og at han ikkje blei seld til kven som helst, seier Hagen.
Dei har fått med seg skriveria om overtakinga, og kjende godt til hytta, sidan dei ofte går tur på Sele. Men dei var spende på korleis det såg ut inne.
– Her er veldig fint, konstaterer dei.
Dei to er for øvrig også glade i å bruka Åse-Marie Nesse-minnesmerket ved kyrkja på Kleppe, der dei kan setja seg inn i det oppvarma setet og sjå ut over jærlandskapet.
Open kvar søndag, i første omgang
Klepp kommunestyre vedtok i juni at Klepp kommune skulle kjøpa Åse-Marie Nesse si hytte på Sele for 6,5 millionar kroner.
Planen er å gjera hytta til eit levande senter for arva etter diktaren frå Klepp. Den jobben skal skje i tett samarbeid med venneforeininga som blei etablert på forsommaren i år.
Åse-Marie Nesse veneforening skal sørgja for at hytta blir open for turgåarar og andre interesserte kvar søndag frå klokka 13:00 til 16:00 – ut september i første omgang, og deretter blir det ei ny vurdering av opningstidene.
På den første opningsdagen, søndag 2. august, gjorde veneforeininga litt ekstra ut av det, med presentasjon av diktaren og personen Åse-Marie Nesse, og opplesing av nokre av dei mange dikta ho skreiv.
– Stinn brakke
– Stinn brakke! Er det ikkje det avisene plar skriva når det er heilt fullt? Der har du overskrifta di: Stinn brakke, seier styremedlem Brit Turid Nesse i Åse-Marie Nesse veneforening. Smilet er på plass medan ho manøvrerer seg inn i stova med endå nokre klappstolar til dei mange frammøtte.
Hytta på Sele er ikkje veldig stor, og Jærbladet kom ut av teljinga då talet på gjester runda 50. Då var det slutt på sitjeplassane, og heller ingen ledige ståplassar.
– Dette er gildt. Tenk at så mange kom, seier Marianne Øvregaard, leiaren i veneforeininga.
– Eg håpar mange tek turen hit i tida som kjem, også, legg ho til.
Etter at opningdagen er over, kan Øvregaard melda om over 80 namn skrivne inn i gjesteboka, og Åse-Marie Nesse veneforening har passert 50 betalande medlemmer.