Saka blei endeleg avgjort i kommunestyret måndag kveld, med 18 mot 13 stemmer.
– Dette handlar ikkje berre om ei hytte. Det handlar om å ta vare på ein del av Klepps kulturarv og samstundes investere i framtida, sa Frank Idland (Ap).
Hytta på Sele blei lagt ut på marknaden tidlegare i år.
Nystifta Åse-Maries venneforening har sidan engasjert seg for at Klepp kommune skal kjøpe skrivestova til diktaren. I samarbeid med kommunen, var foreininga sitt mål å gjere den til ein levande stad for kulturformidling.
Fleire i møtet trakk fram viktigheita av å vareta kulturarven etter Nesse. Blant argumenta var også det sterke frivillige engasjementet i saka, og at Klepp sentrum ikkje er det einaste som utgjer kommunen.
Lalandshuset blir lagt ut for sal
Det er broren til diktaren som no eig hytta. Prisantydinga ligg på nær 6,8 millionar kroner, men kommunen fekk tilbod om å kjøpe den for 6,5.
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad anbefalte at kommunen sikrar seg eigedommen.
Finansieringa av kjøpet ville ho gjere gjennom sal av Lalandshuset, som er verdivurdert til 6 millionar. Ho anbefalte at den også skulle skje gjennom støtte frå fond og støtteordningar, som foreininga skulle få ansvar for å søke om.
Tidlegare i juni blei det kjend at Sparebankstiftelsen har gitt tilsegn om ein halv million kroner.
Venstres Børge Brunes ville at spørsmålet om framtidig bruk eller sal av Lalandshuset skulle behandlast i eiga politisk sak før det blir fatta vedtak om sal, men dette blei stemt ned.
Millionane blir først tatt frå samfunn og kultur sitt disposisjonsfond. Pengane blir ført tilbake etter at salet av Lalandshuset er gjennomført, og kommunen har fått støtte til resten av beløpet.
I vedtaket ligg også at det kan bli aktuelt å selje hytta dersom det ikkje kjem tilstrekkelege inntekter til å finansiere kjøpet.
– Handlar om kva det offentlege skal ta seg av
I formannskapet var det knapt fleirtal, fem mot fire, for ikkje å kjøpe hytta.
Då var fleire parti delte i meiningane.
I kommunestyret var det berre Frp-representantane som ikkje hadde blitt einige. Høgre og Industri- og næringspartiet var blankt imot kjøpet.
– At Åse-Marie Nesse eigde hytta er ikkje eit godt nok argument i seg sjølv. Det som gjeld forvalting av hennar kulturarv, gjerast betre på andre måtar enn å ta eigarskap til denne hytta. Dette handlar for oss om kva det offentlege skal ta seg av og kva kommunen skal bruke pengar på, sa Veronika Dagestad (H).
Ho kom med eit tilleggsforslag om at administrasjonen ser på moglegheita for å gjenoppta Mexico Lexico i kleppskulen, som er ei førestilling der tekstane til Nesse er sett til melodi.
Dette blei einstemmig vedtatt.