Nærbø skal få ny park rett ved torget. Det har politikarane bestemt. I dag er det stort sett berre parkeringsplass på torget, i tillegg til ein grasbakke og ein større skulptur av den lokale bilethoggaren Gunnar Torvund.
Opphavleg sette politikarane av ein million kroner til å oppgradera området rundt torget. Så sette dei av ein million kroner til, og då budsjettet blei vedtatt før jul i fjor, sette dei av ytterlegare to millionar kroner.
På nyåret kom Jæren Sparebank på banen med ei gåve på ein million kroner til prosjektet.
Inspirasjon frå Klepp
Så, for eit par månadar sidan, la utbyggingssjef Terje Lerbrekk og prosjektleiar Hilde Marie Horpestad fram ei oversikt over ting som kan gjerast i det dei ville kalla Torvundparken.
I korte trekk tok dei til orde for å gjera området om til ein park sentrert rundt Torvund sitt kunstverk – derav namnet. Dei ville ha , leikeplass og sansehage. I tillegg ville dei flytta på bocciabanen og legga til rette for at mobile salsvogner kan nytta torgplassen.
I framtida skal det vera mogleg å utvida med scene og toalettfasilitetar.
Inspirasjonen var henta frå Plogenparken på Kleppe som, sidan opninga i fjor sommar har vist seg å vera ein suksess.
Prisen? 18 millionar kroner.
Torsdag vedtok eit overveldande fleirtal i kommunestyret at i tillegg til dei 4 millionane dei allereie har sett av, skal dei legga ytterlegare 13 millionar kroner inn i budsjettet for neste år. Samtidig skal kommunedirektøren jobba for å prøva å henta inn pengar til prosjektet utanfrå, til dømes tippemiddel.
Arbeidet med parken skal starta i år. Målet er at han skal vera ferdig neste år.
Trivsel og handel
Ordførar Andreas Bjorland la vekt på to ting: Den eine var at Torvundparken svarar på ønsket frå ungdommen som kom fram då Nærbø sin sentrumsplan blei lagt, nemleg at Nærbø treng eit trygt og triveleg uteområde der folk kan møtast på tvers av generasjonar.
Den andre tingen var at sentrumsutvikling som dette kan styrka den lokale handelsstanden.
– Dei siste åra har Hå mista mykje handel til nabokommunane, sa Bjorland.
Håkon Kvia (Frp) meinte det var eit godt prosjekt, med tydeleg retning og moglegheit for utvikling over tid. Det einaste problemet han hadde me det, sa han, var å venna seg av med å kalla det «torget» og kalla det «parken» i staden.
– Det slit eg med, sa han og smilte.
Kvia lét seg ikkje skremma av prisen.
– Me veit at det ikkje er gratis men, samtidig, om me ikkje prioriterer sånne prosjekt blir det heller aldri gjort noko, sa Kvia.
Han la òg vekt på at kommunedirektøren skal jobba aktivt for å henta inn meir middel utanfrå.
Ville ta det gradvis
Arne Husveg mana på si side til moderasjon og ville at arbeidet skal begynna nå, men berre med utgangspunkt i dei fire millionane som allereie er sett av, i tillegg til gåvemillionen frå banken.
Arbeid ut over opparbeiding av arealet og enkel tilrettelegging, meinte Husveg, burde venta til kommunestyret før jul skal vedta ny handlings- og økonomiplan. Først då blir det klart kva som er kommunen sitt samla investeringsbehov i dei kommande åra.
Husveg slo fast at alle nok var samla om ønsket om eit levande og attraktivt sentrum på Nærbø.
– Men me vil ta det steg for steg, sa han.
Husveg sitt alternative forslag fekk berre hans eigen stemme.
Njål Sikveland (Ap) var glad for at noko endeleg skal skje på Nærbø, og slo eit slag for å gjera det på ein heilskapleg måte og i ein eingong.
– Eg trur det er lurt å komma i gang og gje Nærbø det torget dei fortener, sa Sikveland og la til at han såg fram til liknande vedta på Varhaug om ikkje så lenge.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) som lenge har kjempa for ei oppgradering av området, la seg på same linje. Ho ville ikkje risikera at det skulle bli « ... byggeplass i mange år».
– Få det gjort i ein eingong, ikkje ta det litt og litt. Det trur eg blir lurt å gjera på Varhaug òg, sa Kvia, som syntest det var ei gild sak å få på bordet.
– Dette er vanvitig bra, sa ho.