På Frøyland har idrettslaget ein snart 40 år gammal tradisjon: Grønt gras-turneringa for fotballspelarar frå seks til ti år. Denne helga kjem 600 lag og heile 4.000 fotballspelarar for å spela turnering. For nokon er det den første fotballkampen dei er med på.
Ein av dei, er den seks år gamle Varhaugs-spelaren Kenneth Kjerstad.
– Fint, svarar han då Jærbladet i ein pause spør han om korleis det har gått så langt.
– Snakkis i heimen
Eigentleg hadde Kenneth sett føre seg at han skulle begynna med handball, men etter at han spelte litt fotball i hagen på hytta for eit par veker sidan, har det gått slag i slag. Nå har han fått seg fotballsko og leggbeskyttarar og er med på si første turnering.
Frå sidelinja følger far Ilias Kjerstad spent med.
– Det verkar som han synest det er gildt, seier han.
Ikkje så rart, kanskje. Varhaug-laget bøtter inn mål mot motstandarane frå Lye.
Julie Michelle Kverme har ein son som speler på same lag, Kornelius Ånestad.
Ho fortel at turneringa lenge har vore ein snakkis i heimen.
– Når er turneringa? Kva tid skal me spela kamp, hermar ho.
Minne for livet
Ilias Kjerstad, som er veldig glad i fotball, hugsar faktisk at han sjølv var med på Grønt gras-turneringa då han var rundt åtte.
– Men vêret var ikkje som i dag. Det var blå himmel og is etterpå, mimrar han.
Ilias seier han håper at minna Kenneth får frå denne helga, blir like gode som hans eigne, trass vêret.
For det er ikkje til å legga skjul på at laurdags morgonen har starta litt vel friskt, med kald vind og til og med enkelte regnbyer.
Inne i Frøyhallen er det lunt og godt, med mykje folk og lange køar for å kjøpa pølser og lappar.
Svein Åge Skjæveland, kasserar fortel at turneringa betyr mykje for økonomien til Frøyland IL.
– Det er hovudinntekta til ungdomsavdelinga i fotballgruppa. Det finansierer drifta, seier han.
Det er store dugnadskrefter i sving på Frøyland denne helga.
– Så langt har det gått kjempebra. Alt går etter planen, seier Skjæveland.
Far er helten
Mille Lund Haugland (8) speler på Rosseland og har vore med på turneringa eit par gongar tidlegare.
– Det er veldig gøy. Me får spela mot lag me ikkje har spelt mot før, seier ho.
Dagens første kamp vann dei. I det Jærbladet treff ho, er laget ho speler på i gang med sin andre kamp, denne gongen mot Havdur. Så langt er det Tjelta-laget som leder.
– Kva må de gjera for å ta leiinga, då?
– Me må prøva å pressa dei og sentra meir.
Mille har strategien inne, det er heilt tydeleg. Ei mogleg forklaring på det, er at det er far hennar, Runar Haugland, som er med som trenar.
– Det er litt kult, seier Mille og smiler, før ho leande legg til at han av og til masar litt.
– Han har spelt på Rosseland, seier ho stolt.
– Er det han som er fotballhelten din?
– Ja.
– Ikkje Haaland?
Mille ristar på hovudet.
– Kjekt
Det må vera eit kompliment så godt som det er mogleg å få det, men Runar Haugland får det ikkje med seg. Han er for opptatt med å følga med på laget.
– Opp! Opp! Opp! Sjå på ballen! Bra jobba! Fint! ropar han engasjert.
Runar synest det er utruleg kjekt på turnering, og trivst godt i trenarrolla.
– Det er gildt å få ein god relasjon med ungane. Det er eit kjekt kull på Rosseland. Vanlegvis er det 25 til 30 stykkar på trening, seier han.
Dette er første året Runar Haugland er med som trenar.
– Dei som har vore med tidlegare, har gjort ein kjempejobb, seier han.
Øyvind Mørk Aase har tatt turen frå Varhaug for å sjå dottera Julie Mørk Aase spela.
– Det er spennande å sjå på når dei speler og kosar seg, seier han.
Julie begynte på fotball då ho gjekk i første klasse. Nå går ho i tredje.
– Det er gøy, seier åtteåringen om hobbyen.
Kampane er berre så vidt i gang, men både Solomia Shyskovska og Karoline Wiig har allereie skåra for Orre.
– Eg elskar å spela fotball, seier Shyskovska.