Prestegårdsmarka på Lye er i endring. Kommunal infrastruktur skal klargjerast for midlertidig busetting.
To ulike saker blir knytt saman og gjev ulike utfordringar.
Det første eg stansar ved, handlar om haldningar. Eksisterande busetting på Lye skal utvidast med tett opp mot 25 prosent! Det er ein stor auke.
Ja, det kan bli utfordringar med ei så rask og omfattande auke i folketalet. Ein auke som ikkje vil vare utover anleggsperioden på Undheim.
Er ikkje arbeidarane som skal nytte desse kortvarige bustadene heilt alminnelege arbeidsfolk?
Eller ser ein føre seg at dette er arbeidarar som vidarefører livsstilen til rallarane og det ein tidlegare kalla anleggssluskar?
Er arbeidarane underlagt kriminalomsorgen?
I 2026 burde vi ha andre tankar og haldningar! Eg kan ikkje tru at desse arbeidarane skil seg særleg mykje frå oss andre.
Dei har 12-timars arbeidsdagar, og får i fritida nærleik til eit strålande rekreasjonsområde.
Det andre punktet, som også gjeld Prestegårdsmarka, er at kommuneplanen inneheld vedtak om framtidige bustader.
Det vil seie at området, etter at brakkebyen er rigga ned, kan seljast til private eller entreprenør for utbygging.
Lye kan i framtida få nye einebustader eller kompakte bustadløysingar i same område.
Fordi området alt er regulert til eit framtidig bustadområde, kan eg forstå at ein nyttiggjer noko som ligg inne i kommuneplanen. På den måten sparer ein mykje tid - også på høyringsuttalar.
I tillegg har både fylkeskommunen og Statsforvaltaren sett foten ned for brakkerigg på Undheim.
Då er det ikkje unaturleg at ein peikar på eit område i kommuneplanen som alt er ferdig regulert, sjølv om det ikkje er optimalt med tanke på pendlar-ruta til og frå arbeidsplassen.
Kanskje kan vegen over Lende få ei oppgradering som er tenleg for alle som ferdast på strekningen?