Anita Ree Hetland bad utvalet om å finna ein annan plass til brakkebyen. Ho og Jan Gunnar Hetland eig næringseigedommen som er nærmaste nabo.
Anita Ree Hetland bad utvalet om å finna ein annan plass til brakkebyen. Ho og Jan Gunnar Hetland eig næringseigedommen som er nærmaste nabo. Foto: Snorre Standish Norheim

– Nå står ein bonde klar til å ta imot på Undheim. Eg forstår ikkje kvifor me skal utsetta heile Lye for dette. Det er det ingen grunnar til i det heile tatt, meinte Anita Ree Hetland.

Innbyggaren var tydeleg då utval for lokal utvikling kom på synfaring for å sjå kjelva som entreprenør Backe har søkt om å setta ein brakkeby for 600 arbeidarar på.

Dei skal bygga datasenter for Green Mountain på Undheim, men tomta har vist seg for lita for brakkeriggen. Før torsdagens møte i utvalet hadde Jone Fosse (Sp) alliert seg med den nærmaste naboen til datasenteret, som ønsker å ha brakkeriggen ståande hjå seg.

I ei sak i Jærbladet førre veke, varsla Fosse at han ville setta fram eit alternativt forslag om dette.

– Framdriftsplanen seier at prosjektet skal vera ferdig påsken 2028. Viss me må halda på politisk, for ulike plassar, endar me opp med at me ikkje får samla arbeidarane slik me ønsker, sa Roy Ove Svarstad i Backe Industri under synfaringa.

– Akkurat det er ikkje vårt problem. Det skulle de ha hatt høgd, for då de søkte om å få etablera dykk der oppe, svarte Fosse.

Fosse argumenterte for å bevara den gode jordbruksjorda i Larheia i nokre år til, fram det til det skal byggast bustader der. Dersom brakkebyen i staden heller vart lagt til Undheim, kunne bonden få oppgradert den dårlege beitejorda ovanfor datasenteret.
Fosse argumenterte for å bevara den gode jordbruksjorda i Larheia i nokre år til, fram det til det skal byggast bustader der. Dersom brakkebyen i staden heller vart lagt til Undheim, kunne bonden få oppgradert den dårlege beitejorda ovanfor datasenteret. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Framtidig bustadområde

Kommunedirektøren meiner saka om brakkebyen i Larheia handlar om prinsipp, og legg henne derfor fram for politisk behandling.

Fosse ville avslå søknaden. Han håpte å få utvalet med på eit alternativ som rett nok krev dispensasjon frå LNF-formålet på Undheim i to år, men som totalt sett vil auka matproduksjonen.

Backe valde å gå vekk frå å plassera brakkeriggen her etter negative fråsegner frå Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune, fordi alternativet krev dispensasjon frå landbruksformålet.

Time kommune føreslo Larheia fordi området er sett av til bustadbygging i kommuneplanen. Reguleringsplanen seier at dette delfeltet kjem seint i utbygginga. Derfor vil det gå mange år før det kjem bustader her.

Audun Søyland, ein annan som møtte på synfaringa, spurte entreprenøren om tilbodet frå bonden. – Me må tenka praktisk og smart. Dette kan bli vinn–vinn, viss me tenker oss om. Det må jo vera betre enn å bussa fram og tilbake, som jo må bli tungvint.
Audun Søyland, ein annan som møtte på synfaringa, spurte entreprenøren om tilbodet frå bonden. – Me må tenka praktisk og smart. Dette kan bli vinn–vinn, viss me tenker oss om. Det må jo vera betre enn å bussa fram og tilbake, som jo må bli tungvint. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vedtatt med seks røyster

Gunnar Bjorland Stone (KrF) var den einaste som støtta alternativet om å prøva Undheim.

Ei fråråding i høyringsrunden er den klaraste indikasjonen på at Statsforvaltaren vil klaga. I møtet sa lyebuen Endre Vollsund (V) at Undheim høgst truleg ikkje er eit reelt alternativ.

Han spådde at industriområdet Skurve i Gjesdal vart realiteten, om utvalet sa nei til Larheia. Han såg at alternativet hadde ulemper, men vil ikkje at det lokale næringslivet skal mista dei positive ringverknadene med å busetta arbeidarane.

Øystein Nereng (SV) såg heller ikkje på Undheim som eit realistisk alternativ. Han var prinsipielt mot å bygga ned landbruksjord for å løysa eit problem tiltakshavaren burde sett koma.

På grunn av det israelske eigarskapet røystar Kjell Olav Stangeland (Ap) kategorisk mot alle forslag frå Green Mountain.

Stangeland og Nereng røysta nei både til Undheim- og Larheia-alternativet. Jone Fosse røysta mot Larheia-alternativet.

Innstillinga frå kommunedirektøren vart vedtatt med røystene frå Høgre, KrF, Venstre og Frp.

Etter to år skal jordet i Larheia tilbakeførast slik det var. Men topplaget treng ikkje vera det same, opplyste kommunalsjefen i møtet.
Etter to år skal jordet i Larheia tilbakeførast slik det var. Men topplaget treng ikkje vera det same, opplyste kommunalsjefen i møtet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim