Datasenteret skal vera i gang i 2028. Men før det skal eit driftsteam ha tid til mellom anna å hospitera ved Green Mountain sine andre datasenter, ifølge regiondirektør Stig Erlend Eidså, her frå folkemøte på Undheim i mars. Eit av dei andre er på Hamar, der kunden er TikTok.
Datasenteret skal vera i gang i 2028. Men før det skal eit driftsteam ha tid til mellom anna å hospitera ved Green Mountain sine andre datasenter, ifølge regiondirektør Stig Erlend Eidså, her frå folkemøte på Undheim i mars. Eit av dei andre er på Hamar, der kunden er TikTok. Foto: Ingeborg Eliassen

Interessa har vore sterk for dei første jobbane som er lyst ut av Green Mountain ved det komande datasenteret på Undheim, ifølge eigarselskapet.

Fleire titals personar har søkt på teknikarstillingar som har vore utlyst. Nøkkelpersonell skal vera tilsett i løpet av dei neste vekene, opplyser pressekontakt Mette Berger Gulbrandsen.

Datasenteret skal ikkje vera oppe og gå før i 2028. Men langs fv. 505 sør for Undheim veks det gradvis fram. Og selskapet er i ferd med å tilsetta driftspersonell.

Eit solid lokalt driftsteam skal vera på plass i god tid før anlegget kjem i drift.

– Sjølv om det ennå er ei stund til oppstart av sjølve drifta, er det viktig for oss å få teamet på plass tidleg. Det gir tilsette god tid til å bli kjende med anlegget, hospitera ved våre andre datasenter og gjennomføra nødvendig opplæring for oppstart, seier regiondirektør Stig Erlend Eidså i ein e-post til Jærbladet.

I første fase skal Green Mountain tilsetta folk i tre nøkkelroller, ifølge Gulbrandsen.

– Operations Manager, Operations Supervisor og Operations Coordinator. Desse vil ha eit spesielt ansvar for å bygga opp og legga til rette for driftsorganisasjonen, skriv ho i e-posten.

Femte datasenter i Norge

Green Mountain sine andre datasenter ligg i hovudsak i Norge – på Rennesøy, i Rjukan, på Hamar og i Enebakk. Selskapet har dessutan eit datasenter i Storbritannia og er i ferd med å bygga eit i Mainz i Tyskland.

I Time jobbar Green Mountain også for å få realisert dei store datasenter-planane på Kalberg.

Når heile anlegget kjem i drift i 2028, vil rundt 100 personar ha sin faste arbeidsplass ved datasenteret, men ikkje nødvendigvis vera tilsette i Green Mountain. Ein del av dei vil jobba hos faste tenesteleverandørar i sikring og reinhald, eller hos den hemmelege kunden som skal bruka datasenteret.

100 jobbar hos ulike firma

Ifølge Green Mountain sin Norden-direktør Halvor Bjerke er denne kunden eit vestleg, internasjonalt selskap som er blant dei største i verda og som ikkje vil eksponera kor dei har sine data.

Rekrutteringa av folk til støttefunksjonar og spesialistroller som primært vil jobba på dagtid, skal skje i ein seinare fase, ifølge Mette Berger Gulbrandsen.

I denne fasen ser selskapet etter kandidatar med teknisk bakgrunn, gjerne i elektro, automasjon, kjøling eller IT-drift.

– Erfaring frå industri, kritisk infrastruktur eller tekniske fagmiljø vil vera ein fordel, skriv Gulbrandsen.

– Men me oppfordrar også nyutdanna med relevant kompetanse til å søka.