Den første romanen eg skreiv, «Vent på meg, Diego», handla om juniorlaget til Bryne, der eg sjølv hadde spelt. Mellom arbeidstitlane var «Brynes Maradona», eit forslag som forlaget nekta meg. «Bryne» i tittelen var for uinteressant, sa dei. Boka fekk ny tittel, men innhaldet og inspirasjonen var den same: Bryne og VM.

For oss som vaks opp på åttitalet såg fotballverda nokså annleis ut. Eg hugsar vakenetter då eg grubla på om Noreg nokon gong ville kvalifisera seg til VM, men slo meg etter kvart til ro med at det aldri ville skje i mi levetid. Til gjengjeld trudde eg det var normalt at Bryne var eit av Noregs beste lag. Og så hadde eg jo Maradona.

1986 (og cupfinalen året etter, då Bryne vann) påverka livet mitt meir enn nokon kunne ana. Då eg nokre år seinare begynte å skriva skjønnlitterært, gjekk det jo opp for meg at eg hadde lite å skriva om. Målet med skrivinga var å leika og eksperimentera med språk og forteljarteknikkar, men noko måtte tekstane likevel handla om. Då tok eg tak i oppveksten min på Bryne stadion, i fotballen som spel og oppleving, kameratskapet, draumen om cupfinalar og VM, graslukta, skadar og sure leggbeskyttarar, garderobeerting, kalde dusjar og frykt for neglesopp.

Eg har framleis Maradona på peishylla, men eg knyter ikkje lenger skoa mine som han. Engelsk fotball har eg berre eit ironisk forhold til, og forstår lite av jamaldringar som dyrkar det som religion utan å gå djupare inn i spelet eller sosiologien eller historia. Alt dette finst derimot rundt VM i fullt monn. Kanskje har det vore for mykje sosiologi i norske fotballbøker, men skråblikket og vekta på det historiske står støtt.

«Vent på meg, Diego» handla om å sitta på benken på juniorlaget og drøyma om å bli like god som Maradona, slik det var for mange av oss. Så kom Drillo. Då var eg i ferd med å bli vaksen, men interessa for VM var like sterk. Noreg kvalifiserte seg til USA i 1994 og eg sat oppe om nettene i militærbrakka i Bodø og såg på. Eit av dei største augneblikka var då Noreg spelte mot Italia. Ikkje berre fordi Italia var så gode, så store, med nokre av mine nye heltar etter Maradona, men fordi ein brynegut spelte høgreback. Alfie Haaland var jo nettopp på banen på Bryne, leika med ballen saman med oss, og nå skulle han stoppa Roberto Baggio!

Plutseleg kom VM så nært. Plutseleg var det på ordentleg. Det var mogleg! Ikkje for meg, det var for seint og ikkje var eg talentfull nok heller, men for andre gutar frå Bryne!

Til gjengjeld blei eg skuffa over mine landsmenn i militærleiren. Eg måtte sjå mange av kampane åleine, og gjekk frå brakke til brakke før eg endeleg fann ei stove der nokre ville sjå finalen. Så skjedde det utenkelege: Etter at Brasil hadde vunne straffekonken over Italia, og VM-trofeet, det vakraste og gjevaste av alle gjenstandar, skulle løftast for første gongen på fire år, svitsja mine falske VM-vennar kanal for å sjå ein film. Eg gløymer aldri dei tunge stega heim til mi eiga brakke. Det var eit svitsj som for ei stund øydela trua mi på det gode i mennesket. Skjøna dei ingenting? Visste dei ikkje at me gjekk glipp av ein historisk augneblikk som sette menneskelivet i perspektiv og gav oss verdi?

I ettertid ser eg at eg blei råka av eksistensiell angst før tida, men eg tviheldt på tanken om at livet var verdifullt så lenge det aldri var meir enn fire år til neste fotball-VM.

Og fire år seinare hadde eg sommarjobb som hjelpar for ein tung mann i rullestol på Tromøya. Dette samanfell med Noreg-Brasil i åttandedelsfinalen, og sidan det ikkje var fjernsyn i nokre av stovene, gjekk eg til leiinga med eit trugsmål: Får eg ikkje sjå kampen, lar eg klienten min i stikken og reiser så langt det trengst for å finna ein teve. Først då fekk me koma inn i stova til leiarane, som sjølvsagt hadde teveen klar, og måtte feira straffen til Rekdal med folk som ikkje ville ha meg der.

Noreg gjekk inn i nye mørke år, men det fanst jo andre land å heia på. Kvart fjerde år såg me kampane på ein svartkvitt-teve på hytta i Kragerø, der straumen frå solcellepanelet brukte å gå tom i midten av andre omgang. Lukta det ekstraomgangar, kasta familien Johansen seg i bilen og køyrte ei mil til farmor og farfar for å sjå resten. Og farmor, som ikkje hadde vore synleg interessert i barnebarna sine prestasjonar på fotballbanen, hoia like høgt som oss då Zidane skalla ned Materazzi i ekstraomgangane i finalen i 2006.

Eg hadde mine skriveprosjekt heile denne tida. I tre år gjekk eg på forfattarskular i Bergen og Gøteborg medan eg spelte på Rosseland i tredje og fjerde divisjon. På ein rosselandskamp spurde eg tilskodar Alfie Haaland om eg fekk skriva biografien hans. Då kunne eg skriva om VM! Han sa blankt nei, og eg begynte på eit romanmanus om Roy Keane i staden (med arbeidstittelen «Faen, Roy»), som aldri blei ferdig.

Snart dukka det opp ein spesiell spelar i det miljøet eg hadde vakse opp i, som eg gav ut ein roman om i 2014. Det var Haaland sin son. Eg hadde sett han i gata, eg hadde sett han spela for Bryne. Men eg forstod ikkje at han var annleis enn alle dei andre talenta Bryne fostra. Etter berre éin sesong på A-laget forlet han klubben, men eg følgte med, slik eg følgte med dei unge som forlet Bryne på den tida.

Erling Braut Haaland skåra fire mål mot Brann i Bergen då han var 17. Ni mål i ein U20-VM-kamp då han var 18. Hat trick i sin første meisterligakamp då han var 19. Og fem mål på 59 minutt i sine to første bundeslagakampar året etter.

Det var då noko traff meg, i januar 2020. Ikkje at eg såg noko med unge Erling Braut Haaland andre ikkje hadde sett. Det eg såg var at han var som tatt ut av Boing og Buster: ein teikneseriefigur, ein slik som eg alltid hadde elska: han var Super-Mac.

Det han gjorde var for usannsynleg til at det kunne vera sant.

Så fekk eg med meg min tidlegare trenar, Alf Ingve Berntsen, og forleggar Bjørn Moi, på å skriva ei bok. Slik blei «Fotballprosjektet» til vinteren 2020. Og det er eg stolt av, at eg var den første som såg at her var ei historie verdt å skriva bok om. Haaland hadde ennå ikkje skåra sitt første mål på A-landslaget. Skrivinga gav meg mykje. Eg lærte av Berntsen og fekk innsyn i korleis G99 hadde trent og tenkt, og eg intervjua mange av dei andre trenarane hans, og lagkameratane.

Det blei ei bok om trening, og om verdiar, med Berntsen sitt menneskesyn og utviklingsfilosofi i botnen.

Etterpå sat eg igjen med ei bunke intervju, nokre av dei med folk som ikkje lenger ville snakka med journalistar eller forfattarar, fordi dei ville beskytta den etter kvart verdsberømte kameraten sin.

I 2022 fekk eg spørsmål om å skriva ei barnebok om Haaland. Så ei til året etterpå. Dette var eg i stand til å gjera fordi eg hadde gjort så mange intervju og fekk skriva om byen min, klubben min, miljøet eg vaks opp i.

Det var likevel vanskeleg å seia ja til desse oppdraga, fordi eg var i gang med ei ungdomsbok om Arne og Hulda Garborg (som først kjem nå, hausten 2026, utsett gong etter gong fordi eg ikkje klarer å la vera å skriva om fotball).

Undervegs erklærte ordføraren i Time at Haaland var større enn Garborg. Akkurat dét kunne eg ikkje gå med på, og gjer det heller ikkje nå. Det er å blanda korta, nemleg. Haaland er ein fotballspelar, Garborg var ein demokrati- og menneskerettsforkjempar. Idrett kan aldri bli viktigare enn fridom, derimot er det å kunna driva idrett på nivået ein ønsker eit uttrykk for eit godt og fritt land. Det er dette me ser i Noreg i dag: nordmenn som elskar laget sitt, landet sitt, som kan visa det fritt og utan tvang, med ei prinsesse som klemmar helten vår i garderoben, ein kronprins som ror saman med tusenvis av andre utanfor slottet. Det er fridommen, kjempa fram av Garborg og andre, som gjer at denne festen blir så ekte.

Å vera stor er noko meir enn å vera god eller berømt. Det vil alltid vera viktigare å tenka djupt enn å springa fort.

Men VM var barndomsdraumen min. Ja, i ein alder av 51 drøymer eg framleis om å spela finale, avgjera kampen med ein frekk driblesolo. For fotball er kjærleik, og aldri har han vore så vakker. Me som elskar Haaland må dela han med resten av verda nå, og det er flott. Flott fordi han er det. Haaland er seg sjølv, han viser at sjølv den tøffaste kan vera impulsiv, gild, blid og raus. Han er i ferd med å gje oss eit nytt mannsideal, der det levande andletet er viktigare enn å tøffa seg med steinansikt, der spøk er viktigare enn alvor, der ein vågar å vera skapande, både på fotballbanen og hitlistene.

Me kjenner at han er ekte, noko me ikkje kan seia om alle dei andre stjernene.

Å samanlikna Haaland med ein maskin eller ein okse er å bomma på målet. Det er det menneskelege som gjer han til verdas mest populære mann denne sommaren. Med sjølvironi og humor visar han vegen til eit sunnare mannsideal. Den tøffaste av dei tøffe gjer verda mjukare akkurat nå. Det er slikt som kan gjera han stor.