Bergitte Risa og kjærasten Benjamin Njærheim vil kjøpa gard på Lode og er villige til å betala ein rekordstor sum, men landbrukssjefen vil ikkje gje dei lov.
Bergitte Risa og kjærasten Benjamin Njærheim vil kjøpa gard på Lode og er villige til å betala ein rekordstor sum, men landbrukssjefen vil ikkje gje dei lov. Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

Trond Lode frå Lode på Nærbø i Hå har laga avtale om å selja garden sin til Bergitte Risa og Benjamin Njæreim.

Partane har blitt einige om ein kjøpesum på 28,8 millionar kroner, men den nye landbrukssjefen i kommunen vil setta foten ned: Prisen er for høg, meiner ho.

Landbrukssjefen vil ikkje tillata høgare pris enn 26,9 millionar kroner.

Det er innnstillinga i ei sak som skal avgjerast av politikarane i Utval for samfunn i neste veke.

Det var Stavanger Aftenblad som omtalte saka først.

Strenge reglar

I landbruket er ikkje marknaden fri. Det gjeld òg omsetninga av landbrukseigedommar. Det er fordi at styresmaktene ikkje ønsker at landbrukseigedommkar skal bli spekulasjonsobjekt.

Regelverket er strengt. Dei som ønsker å kjøpa landbrukseigedommar er avhengige av at kommunen gjev konsesjon.

Dette er ei ordning som er meint å sikra at prisutviklinga er samfunnsmessig forsvarleg, men òg at dei som tar over garden er eigna til jobben, at dei har ein driftsmessig god plan, at ressursforvaltninga og kulturlandskapet blir halde i hevd og at ein tar omsyn til busettinga i området.

Ingenting av dette er det noko å utsetta på, meiner landbrukssjefen, med unntak av prisen.

Landbrukssjefen meiner jorda er taksert for høgt.

Eit anna ankepunkt gjeld driftsbygningen. Kjøparane og seljarane meiner han vil halda i 20 år til, medan landbrukssjefen meiner han må moderniserast innan fem år. Dette blir grunngjeve med funksjonalitet og krav til dyrevelferd.

Fjoset er frå 1950-talet, men har gått gjennom fleire oppgraderingar. Blant anna blei det lagt om til lausdrift i 1999. Fjoset fekk ny mjølkerobot og kraftfôrstasjon så seint som for to år sidan.

Landbrukssjefen er likevel ikkje overtydd. «Driftsbygningane er godt halde ved like, men dei er av eldre dato og vil krevje fornying», skriv ho.

Rekordpris

Garden består av 256 dekar fulldyrka jord av god og svært god kvalitet, to bustadhus, garasje, lausdriftsfjos, hønsehus og eit eldre maskinhus.

Hønsehuset er frå 2008. Det er bygd for innsett på 7.500 høns og 475 hanar, men på grunn av nye reglar er dagens kapasitet lågare: Siste innsett var på 5200 høner og 330 hanar.

Utanom rugeegg, består drifta på garden per i dag av dyrking av gras, i tillegg til kjøt- og mjølkeproduksjon.

Mjølkekvota på 351.907 liter er ikkje ein del av den avtalte kjøpesummen. Inkludert mjølkekvota er den totale prisen på heile 38,7 millionar kroner

Ettersom avviket mellom den prisen partane har avtalt og den prisen landbrukssjefen vil godta er så pass stort – nærare to millionar kroner – har ho sendt saka vidare til politikarane i Utval for samfunn for avgjerd der. Det skjer 18. juni.

Går salet gjennom, blir det i så fall ny prisrekord for ein gard på Jæren.

I kontrakten mellom partane har dei tatt atterhald om at dei får konsesjon frå kommunen.