Skulesjef Rune Roaldsen kan fortelja at talet på elevar med rett på spesialundervisning har gått ned.
Skulesjef Rune Roaldsen kan fortelja at talet på elevar med rett på spesialundervisning har gått ned. Foto: Håvard Ovesen

Talet på elevar i Hå-skulen som har vedtak om spesialpedagogiske tiltak, er på veg ned.

Som Jærbladet har skrive tidlegare, brukar Hå langt meir pengar på individuelt tilrettelagt undervisning enn gjennomsnittskommunen.

Dei siste åra har trenden auka i omfang: I 2020 hadde 5,8 prosent av elevane i grunnskulen vedtak om rett på .

Tidlegare i år var talet oppe i 10,9 prosent.

Dette er dyrt for kommunen og for dei individuelle skulane, som i mange tilfelle må henta inn fleire tilsette som det ikkje er budsjettert for.

Snudde trend

Politikarane har bestemt at talet på elevar med rett til spesialundervisning skal ned.

Kommunen har derfor sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid.

Mot slutten av oktober, kunne skulesjef Rune Roaldsen rapportera om rykande ferske tal som viser at dette arbeidet er i ferd med å bæra frukter.

– I 2024 var delen elevar med vedtak om spesialundervisning på ni prosent. Nå har det talet gått ned med over to prosentpoeng, sa Roaldsen til politikarane i Utval for oppvekst og kultur.

Talet på lærartimar som vert brukt til å få gjennomført spesialundervisning går ned.

Tala for fagarbeidarar og miljøterapeutar er meir usikre, men òg her skal det vera ein reduksjon i mengda årsverk som går med til spesialundervisning.

– Det er gildt å sjå at nå begynner tala å visa det me har jobba mot lenge. Me har hatt ein prosess med omstilling der me såg på skulane, kva felt me kan stå saman på og korleis me kan gjera det meir kostnadseffektivt. Det er den store jobben me nå ser resultatet av, sa Roaldsen.

Omlegginga tar sikte på at fleire elevar skal inkluderast i den ordinære undervisningssituasjonen, ikkje berre av omsyn til økonomi, men òg fordi at elevane skal verta betre inkludert i fellesskapet.

For å få dette til, vert det lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid, samarbeid med heimen og felles kompetanseheving mellom barnehage, skule og PPT.

– Dette arbeidet er av stor verdi. Eg tenker det vert viktig framover, sa Roaldsen.

Innsparingar

Eitt av grepa i omstillinga er at den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal vera meir ute i skulane og hjelpa til med å setta inn tiltak som kan fungera utan at det ender med at elevar får vedtak om rett til spesialundervisning.

Budsjettet og handlings- og økonomiplanen politikaren vedtok før jul i fjor, tok sikte på å redusera utgiftene til spesialundervisning med 13 millionar i løpet av planperioden.

Den ambisjonen står ved i kommunedirektør Anne Berit Berge Ims sitt nye forslag til budsjett og handlings- og økonomiplan, men med ei endring: For å sikra ei realistisk gjennomføring, vil ho redusera neste års innsparing med 2,6 millionar kroner.

Likeverdige tilbod i barnehagen

Under møtet i Utval for oppvekst og kultur kom det òg fram at barnehagane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på det styrka barnehagetilbodet i kommunen.

Det siste året har kommunen fått auka utgifter til dette, som eit resultat av fleire enkeltvedtak om barn med behov for spesialpedagogisk hjelp og barn med nedsett funksjonsemne. Dette er ting som krev ekstra personal, noko som kostar pengar.

Sefany Mesfin, styrar ved Rosktoppen barnehage, skal leia arbeidsgruppa, som består av spesialpedagogar, representantar frå PPT og barnehagane, barnehagestyrarar, tillitsvalde og kommuneadministrasjonen.

– Me skal finna beste praksis som skal sørga for eit likeverdig tilbod for alle barn i kommunen, slik at alle får det inkluderande barnehagemiljøet dei har rett på, sa Mesfin under ei orientering til politikarane.

Eit av delmåla til gruppa er at kommunen sine kostnadar på sikt skal verta reduserte gjennom effektiv bruk av kompetanse og ressursar.

– For å få det til, må me sikra god organisering og samhandling mellom alle aktørar, sa Mesfin.

Arbeidet deira skal resultera i ei sak som vert lagt fram for politikarane til sommaren.

Samarbeid med spesialisthelsetenesta

Kommunen jobbar òg med å styrka samarbeidet med Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) på Bryne. BUP får langt fleire tilvisingar enn dei kan ta imot. Mange vert derfor avvist.

I dag er det slik at kommunehelsetenesta ikkje vert orientert om dei som vert avvist. Ein ny avtale skal sørga for at føresette til barn som vert tatt inn til BUP, men som likevel kan ha utfordringar, får tilbod om bistand frå kommunale hjelpetenester i staden.