Rett over to år har gått sidan Tanja Tjelta Bø blei tilsett som Hå sjukeheims første servicemedarbeidar.
«Husmor»
Bø har ansvar for mat og måltid, ryddar og held orden, tar seg av lager og bestillingar, dekker bord og baker, tar utvask når det trengst, pyntar med blomar, helsar på pårørande, er med på tur og ærend og, ikkje minst, kan ho ta seg tid til dei som bur der.
Til Jærbladet sa ho i september 29024 at det ho eigentleg gjer, er å vera ei slags husmor.
– Eg held det reint og ryddig og passar på at det er ein god atmosfære. Eg legg til rette for at folk skal ha det godt, sa Bø.
Det er ei full stilling på dagtid.
– Eg har fått draumejobben, slo Bø fast overfor lokalavisa for to år sidan.
Då var ho framleis aleine om å vera kommunal servicemedarbeidar.
I ettertid har kommunen oppretta to nye stillingar. Ei til ved Hå sjukeheim og ei ved Klokkarhagen på Varhaug.
Møtt med kaffikopp, drøs og smil
Kommunedirektøren har, ved verksemdsleiar Jonas Egeland Reime, evaluert ordninga. Konklusjonen er at det er ein suksess.
Servicemedarbeidarane held seg ofte i stovene. Der fyller dei fleire funksjonar. Blant anna tar dei imot besøkande til avdelinga og bebuarar som kjem til måltida.
Reime skriv at dei har fått gode tilbakemeldingar på dette.
«Det er godt å oppleva seg sett», heiter det i evalueringa, der det òg blir trekt fram at det å ha ein trygg person til stades i stova kan verka tryggande mot den uroa som fort kan oppstå hjå personar med demens eller andre typar kognitive svekkingar.
Verksemdsleiaren trekk òg fram den viktige funksjonen servicemedarbeidarane har fått når bebuarar står overfor slutten av livet.
Der helsepersonellet må fokusera fullt ut på sjølve helsehjelpa, står servicemedarbeidaren friare til å følga opp både personen som er i ferd med å døy og dei rundt – arbeid som krev at ein kan investera både tid og merksemd.
«Særleg i det som gjeld pårørandeoppfølging kan servicemedarbeidaren vera nyttig», skriv Reime. «Den kan til dømes tilby dei ein matbit eller ein kaffikopp, ein drøs og eit smil».
Frigjer helsepersonal
Reint praktisk får helsepersonellet meir ro til å gjera seg ferdige med oppgåver det ikkje er lett å komma frå, til dømes stell. Ifølge evalueringa er det til stor hjelp og avlasting når andre kan ta seg av andre oppgåver, til dømes påfyll av varer. «Personalet opplever at ein har tid til å fokusera på primæroppgåver», slår verksemdsleiaren fast.
Ifølge evalueringa har bebuarane på sjukeheimane behov for meir bistand og fungerer dårlegare enn før, samtidig som grunnbemanninga er tilnærma uendra. Reime skriv at innføringa av servicemedarbeidarar sånn sett kan reknast som ei lita auke i grunnbemanninga, men ei som elles måtte vore løyst med å tilsetta meir helsepersonell.
«Det gjer oss høve til å nytta spesialisert kompetanse der den trengst mest», skriv Reime.
Servicemedarbeidarane kan òg følga opp ikkje-helsefagleg utdanna personar som er innom avdelinga, anten på jobbtrening, i valfag eller anna.
Matsvinn
Mykje av det som er nemnt over var effektar som både politikarar og administrasjon håpa på då dei innførte stillingane.
Ei anna effekt var meir uventa: Matsvinnet har gått monaleg ned.
I ei av avdelingane målte dei matsvinnet to veker før servicemedarbeidaren blei tilsett og to veker etterpå. Fasit var ein reduksjon i matsvinnet på 33 kilo. Ei ny måling året etterpå viste ein ytterlegare reduksjon på åtte kilo.
«Me arbeider vidare for å sjå om me kan oppnå ytterlegare reduksjon», skriv Reime.
Vil ha fleire
Kommunen ønsker å ta ordninga i bruk ved alle sjukeheimsavdelingar. «Den fungerer godt, me får tilbakemelding på dette frå bebuarar, pårørande og tilsette», skriv verksemdsleiaren.
Det er opp til politikarane å bestemma korleis kommunen sine pengar skal brukast.
Skal ein tolka korleis Utval for helse og velferd tok imot evalueringa, er det likevel god grunn til å tru at kommunestyret vil finna plass til fleire servicemedarbeidarar når dei før jul skal vedta ein handlings- og økonomiplan for dei kommande fire åra.
– Me må sørga for å prioritera rett, sa Odd Jan Håland (H), og fekk tilslutnad både frå Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.
Utvalsleiar Gry Kirsti Høyland Sirevåg, som representerer sistnemnde, kalla evalueringa ei gladsak.
– Me veit at det ikkje er pengar, men arbeidsfolk som vil vera den store mangelen i framtida. Samtidig veit me at me ikkje treng helsepersonell til å gjera alt. Dette er ein smart måte å løysa det på. Me får brukt folk på det dei har kompetanse på, samtidig som det er bra for miljøet. Eg trur dette er veldig bra, sa Sirevåg.