Hå sjukeheim
Ein generell mangel på sjukepleiarar gjer det vanskeleg å fylla opp ledige vikarstillingar ved Hå sjukeheim. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Per mandag ettermiddag hadde kommunen liggande ute fire sjukepleiarstillingar ved Hå sjukeheim.

– Det er enkelte fagstillingar det er vanskeleg å rekruttera til. Me rekrutterer litt ujamt. Det går periodar der det ikkje er nokon søkarar, men så plutseleg ordnar det seg, seier Jørn Kosmo, kommunalsjef for helse og velferd i Hå kommune.

OBS: Jærbladet skreiv opphavleg at det var vikarstillingar som var lyst ut. Det stemmer ikkje. Det er faste stillingar. Men fram til desse vert fylt, trengst det vikarar, og har vist seg seg endå vanskelegare å få tak i.

Sjukepleiarmangel

Kommunalsjefen seier dette er ei utfordring delt av dei fleste kommunar – og ikkje minst sjukehus.

– Alle prøver å rekruttera og fiska i den same dammen, seier Kosmo.

Det er rett og slett ikkje nok kvalifiserte folk å ta av. Tal frå NAV sin bedriftsundersøking viser at det helsepersonell er den yrkesgruppa det er størst underskot på i Noreg. Totalt manglar landet rundt tre tusen sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar.

Kosmo slår fast at sjukepleiarar er ettertrakta arbeidskraft.

– Det gjer det ekstra vanskeleg å rekruttera til vikariat. Det er veldig få sjukepleiarar som i utgangspunktet er arbeidsledige, og det å slutta i ein fast jobb for å ta eit vikariat er ikkje så attraktivt, seier han.

Kommunalsjef Jørn Kosmo seier Hå er i same situasjon som mange andre kommunar: Det er vanskeleg å få tak i sjukepleiarvikarar.
Kommunalsjef Jørn Kosmo seier Hå er i same situasjon som mange andre kommunar: Det er vanskeleg å få tak i sjukepleiarvikarar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Avhengig av vikarbyrå

Det gjer at kommunen igjen må nytta seg av vikarbyrå.

– I fjor klarte me oss utan, men i år klarte me ikkje planlegga sommaren utan å bruka bemanningsbyrå på sjukepleiarsida, seier Kosmo.

Hå er langt frå aleine om å nytta vikarbyrå. Ein rapport frå Norsk Sykepleierforbund viser at norske kommunar i 2023 brukte over tre milliardar kroner på sjukepleiarvikarar.

Kosmo seier at vikarbyråbruken vert noko dyrare enn om kommunen hadde klart å skaffa eigne vikarar. Kommunalsjefen tviler likevel på at grepet vil føra til overforbruk i tenesteområdet.

– Nokon økonomiske konsekvensar har det sjølvsagt, men utgiftene må reknast av mot det me elles ville brukt, til dømes på lønn og overtid på eigne tilsette, seier Kosmo.

Ifølge Kosmo er behovet for vikarar relativt stabilt, og stort sett knytt til svangerskapspermisjonar og langtidssjukemeldingar.

Politikar bad om svar

Politikaren Arne Husveg (Konservativt) tok opp temaet i eit spørsmål til ordføraren under kommunestyremøtet i mai.

Husveg bad om svar på korleis bemanningssituasjonen ved Hå sjukeheim er i dag og kva planane var for sikra forsvarleg drift og ferieavvikling gjennom sommaren.

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) svarte generelt at det skal vera godt å vera gammal i Hå, og at det skal vera godt å vera tilsett i Hå kommune, men overlét detaljane i svaret til kommunalsjef Jørn Kosmo.

Kommunalsjefen stadfesta at både bemanning og rekruttering er ei utfordring, men avviste at det kan verta aktuelt å forskyva ferien. Han la til at tilgangen på sommarferievikarar som vil jobba som assistentar, har vist seg god i år.

Husveg lurte òg på om det var komme inn bekymringsmeldingar frå tillitsvalde knytt til bemanningssituasjonen. Kosmo avkrefta dette.

– Ikkje til fare for pasientane

Mona Nodland, som er leiar i YS-forbunda i Hå kommune og hovudtillitsvald for Delta, seier til Jærbladet at ledige sjukepleiarheimlar alltid vil betyr meirarbeid for dei andre som er på jobb.

– Samtidig er det alltid sjukepleiarar på huset, slik at det ikkje er fare for pasientane, seier Nodland.

Ho legg til at sjukeheimen har mange dyktige hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar som er utdanna til å observera og rapportera.

– Er det endringar i pasienten sin tilstand, vert nødvendig kompetanse tilkalla, seier ho.

Inntrykket hennar er at stillingar vert lyst ut så fort dei vert ledige.

Nodland seier at det på nokre avdelingar er færre pasientar, og at bemanninga derfor har vorte mindre.

– Bemanninga per pasient er likevel den same som ved fulle avdelingar, seier ho.

Nodland seier at samarbeidet mellom leiinga på sjukeheimen og dei tillitsvalde har vorte veldig bra dei siste åra.

– Me vert tatt med i store og små prosjekt. Det skjer lite på den heimen utan at me er kopla på, seier ho.