– Det er synd når me ser kor ufatteleg mykje Bjarte og Helga gir av seg sjølve for denne barnehagen, at kommunen ikkje bistår for å sikra økonomien, seier Celine Tjessheim Walde og Ida Elisabeth Høgmo.
Verdalen-kvinnene har to barn kvar i Vasshus gardsbarnehage på Voll, som dei kallar «verdas beste».
I alle fall var ingen barnehageforeldre i Klepp meir fornøgde med tilbodet sitt i 2024, enn dei som hadde ungane sine i denne ideelle private barnehagen.
Ungane freser rundt i leikeområde med hytter, sandkasser, sølekjøkken, klatrepark og mykje anna.
Femåringane Amelia og Emilie viser veg gjennom døra til dyreområdet på tunet, der den tidlegare stuegrisen Gislaog held til, saman med to andre.
Dei stormar vidare, med veslesøstrene Eveline og Sara hakk i hæl, til steinhuset, der dei greske landskjelpaddene Skjell og Skjellaug held seg under varmelampa.
– Barna risikerer å tapa
Nå har den 20 år gamle barnehagen ein «svært anstrengt økonomisk situasjon», skreiv eigar Bjarte Bore i eit lesarbrev i Jærbladet tidlegare i juni.
«Når økonomien presses over tid, blir det vanskeligere å opprettholde det tilbudet vi ønsker å gi barna. Til syvende og sist er det barna som risikerer å bli taperne», skreiv han.
Dette er det òg som har gjort at foreldre har tatt initiativ til ein spleis for barnehagen.
– Dei har søkt om støtte frå kommunen, men fått avslag. Derfor vil me foreldre stilla opp. Me vil gi litt tilbake. Foreldre er heldige som får ha ungane våre i denne unike barnehagen, som kommunen òg er tent med å ta vare på, meiner Celine Tjessheim Walde og Ida Elisabeth Høgmo.
– Driv meir effektivt
Kommunen sitt avslag har denne grunngjevinga:
«Det ville vært urettferdig dersom kleppbarn i private barnehager skulle fått høyere tildeling enn det kleppbarna i kommunale barnehager får.»
Løysinga på underskota i barnehagen må finnast i meir effektiv drift og reduksjon av kostnadene, meiner kommunen.
Målet for spleisen er 500.000 kroner. Status nyleg var drøyt 45.000 kroner.
– Me er glade for alt som kjem inn. Me håpar at dette kan gi ein liten boost, seier mødrene.
Pensjonskostnader som ikkje blir dekt inn
I februar rapporterte Jærbladet at også Haugland gardsbarnehage i Time dreiv med raude tal.
Ifølge eigar Kathrine Eide Haugland hadde det særleg med auka pensjonsutgifter å gjera.
Det har det òg i Vasshus, seier Bjarte Bore til Jærbladet.
– Lønskostnader, pensjonskostnader og redusert foreldrebetaling ga oss eit stort minus i 2025. Utgiftene hadde auka med 1,8 millionar kroner, og me fekk auka tilskot med 1,2 millionar, seier han.
– Det kom inn litt kompensasjon på slutten av året, så me endte 400-500.000 i minus. Når me driv eit AS, kan me ikkje driva i minus.
Tar frå eigne lommer
Dette var tredje gongen eigarane tok av private pengar for å dekka inn, ifølge Bore.
– Er det rett at Helga og eg skal måtta bruka av eigne skatta pengar på å driva barnehagen?
– Eg håpar det skal bli betre. Eg håpar på betre takstar frå kommunen, og på at Stortinget leverer på det dei har bestemt, seier han.
– Kommunen seier de må driva meir effektivt og redusera kostnadene?
– Nokre barnehagar sparer på vikarbruk, og dermed reduserer dei kostnadene. Me held kostnadene der dei skal vera. Me kan ikkje driva utan vikarar, då blir personalet utslitne, seier Bore.
Foreldra som står bak spleisen, seier til Jærbladet at dei er redde for at barnehagen vil bli lagt ned.
Det vil ikkje skje, forsikrar Bjarte Bore.
– Me er absolutt klare til å fortsetta. Det er plan A, B og C.
Låge skatteinntekter, god styring
Klepp kommune har ganske låge skatteinntekter.
Det er ikkje minst fordi den har mange unge innbyggarar som ikkje tener allverden – og dessutan få rike som betaler mykje i formuesskatt.
Men i økonomistyring hevdar kommunen seg i toppen: I fjor fekk Klepp førsteplass i Agenda Kaupang si rangering av dei mest effektive kommunane i landet.
Samanlagt blei kommunen kåra til den fjerde best styrte kommunen i Norge.
– Me må driva tenestene for lite. Men det klarer me ganske godt, for me er vande til det, sa økonomisjef Anita Steinsland Moi til Jærbladet i fjor.
Stramma inn for å hindra profitt
Gardsbarnehagane i både Klepp og Time er medlemmar av PBL, Private barnehagers landsforbund, som representerer 1.672 private barnehagar, både kommersielle kjeder og enkeltståande ideelle.
Tidlegare var privat barnehagedrift reine gullgruva for ein del av dei som dreiv kommersielt. Slik er det ikkje lenger, etter at styresmaktene har stramma inn på reglar som gjorde det mogleg å tena stort på skattebetalar-finansiert barnehagedrift.
– Det har vore nødvendig. Men det har utilsikta sett små og ideelle barnehagar i skvis, sa seniorforskar Karl Henrik Sivesind ved Institutt for samfunnsforsking til Jærbladet i vinter.
I dag går fire av ti private barnehagar med underskot, ifølge PBL.
Ein av grunnane til dette er pensjonsutgifter som er høgare enn tilskotet frå staten. Slik har det ifølge PBL vore også etter eit breitt barnehageforlik i Stortinget i 2023.
Då blei dei folkevalde einige om at private barnehagar skulle få dekt sine reelle utgifter til pensjon.
Det fekk dei ikkje, ifølge PBL.
Meir pengar på veg
Men sidan Jærbladet skreiv om Haugland gardsbarnehage, har Stortinget revidert statsbudsjettet.
Der blei dei raud-grøne partia einige om å plussa 350 millionar kroner på dei generelle barnehagebudsjetta for å toppa bemanninga. Statistisk vil Klepp få 1,6 millionar av desse pengane, som vil bli fordelte per barn i alle barnehagar, ifølge Steinsland Moi.
Budsjett-fleirtalet bestemte òg at barnehagar som har høgare pensjonskostnader enn det dei får dekt gjennom ordinære tilskot, skal kunne søka om dekning til eit høgare nivå enn før.
Det er sett av 96 millionar kroner til dette i 2026.
Klepp får sin del av desse pengane. Kor mykje, veit kommunen ikkje heilt ennå.
«Me har ikkje fått noko skriftleg frå departementa om kva endringar som blir gjort på pensjonsområdet, så det er vanskeleg å vurdera korleis det eventuelt vil påverka tilskotet til Vasshus. Men Klepp følgjer sjølvsagt det til ei kvar tid gjeldande regelverket for å gi tilskot til pensjonsutgifter», skriv økonomisjefen i ein e-post.
Fekk tilskot
Mykje av pengane som staten gir til kommunane, kjem som såkalla rammetilskot. Det betyr at dei lokale politikarane kan bestemma om pengane skal gå til skule, barnehage, eldreomsorg, samferdsel eller anna.
Jærbladet har spurt økonomisjefen om Klepp nedprioriterer barnehagar når dei fordeler slike rammetilskot. Ho svarer at Klepp i fjor fekk 2,1 millionar i rammetilskot «begrunna i barnehage».
Kommunen la inn dette beløpet uavkorta til barnehage, ifølge økonomisjefen.
«Klepp fordelte midla likt per barn til både kommunale og private barnehagar både for 2025 og 2026, sjølv om me ikkje hadde plikt til å fordela til dei private, før i tilskotsberekninga for 2027», skriv ho.
For Vasshus gardsbarnehage utgjorde dette drøyt 138.000 kroner i fjor og knapt 133.000 kroner i år.
«Det var mange kommunar som ikkje la inn desse midla til barnehage, og endå færre som delt desse midla likt mellom private og kommunale», skriv økonomisjef Anita Steinsland Moi i e-posten.