Gunn Dalen Håland (H) fortalde at ho ikkje fotballfrelst, men at når Norge for første gong på 28 år har kvalifisert seg til fotball-VM for herrar «... betyr det mykje, òg for sånne som meg».
Gunn Dalen Håland (H) fortalde at ho ikkje fotballfrelst, men at når Norge for første gong på 28 år har kvalifisert seg til fotball-VM for herrar «... betyr det mykje, òg for sånne som meg». Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Onsdag vedtok kommunestyret i Time at når det til sommaren er verdsmeisterskap i fotball for herrar, skal utestader, på visse vilkår, få lov til å servera øl og vin heilt til klokka åtte på morgonen.

Torsdag følgde kommunestyret i Hå etter, men med litt meir avgrensingar: Under fotball-VM skal det vera lov å skjenka øl og vin heilt fram til seks om morgonen. I motsetnad til i Time, blir det ikkje lov å skjenka ute etter klokka 01:30.

I begge kommunar er det ein føresetnad at utestadene har fast skjenkeløyve, at dei skal visa VM-kampar og har lisens til dette og at dei kan dokumentera at dei kjem til å ha nok folk på jobb.

Sidan VM skal gå føre seg i Canada, Mexico og USA, vil enkelte av kampane gå veldig seint på natta.

– Like vilkår for næringslivet

I utgangspunktet strir det mot alkoholloven å gje løyve til å skjenka alkohol etter klokka tre på natta – moglegvis i gledesrus over at Noreg kvalifiserte seg til verdsmeisterskapen – har regjeringa sett inn eit arbeid for å få til eit unntak under VM.

Då Ungdomsrådet i Hå for ei tid tilbake diskuterte saka, var dei ikkje akkurat overveldande positive til forslaget. Torsdag viste fleire av kommunestyrepolitikarane i Hå til ei oppmoding Ungdomsrådet kom med til dei vaksne: At dei bør sjå VM saman med barn og unge, og at dei bør gjera det edru.

Politikarane rosa ungdommane for innspelet, men eit klart fleirtal ville likevel opna for at det frå 11. juni til 19. juli skal vera mogleg å skjenka alkohol heilt til morgons.

På same måte som då Hå i 2024 opna opp for brennevinsskjenking på serveringsstader, blei det lagt særleg vekt på at næringslivet i Hå måtte få like vilkår som dei har i nabokommunane.

Gunn Dalen Håland (H) meinte det òg handla om å legga til rette for felles opplevingar. Ho erkjende at det kan vera problematisk å utvida skjenketidene i ein heil månad, men sa ho trudde det vil regulera seg sjølv.

– Håbuen vil ikkje drikka til klokka seks om morgonen, argumenterte ho.

Håland la òg vekt på at det er betre at folk samlast for å sjå VM med alkohol ein plass der det er ansvarlege arrangørar, heller enn at dei gjer det andre stader.

– Korleis skal folk komma seg heim?

Geir Undheim (Frp) var heller ikkje redd for at koplinga mellom idrett og tilskodarsport skulle gå ut over ungdommen. Han viste til Viking stadion, der det er eigen pub med skjenkerettar.

– Det er tusenvis av ungdommar som drar på kamp der på sundagane. Dei ser ikkje ut til å ta skade av det, dei kjem igjen, kamp etter kamp, sa Undheim.

Geir Undheim (Frp) trudde ikkje at ei mellombels utviding av skjenketidene i Hå vil føra til skadar på ungdommen.
Geir Undheim (Frp) trudde ikkje at ei mellombels utviding av skjenketidene i Hå vil føra til skadar på ungdommen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Frp-politikaren var meir opptatt av eit praktisk problemstilling: Han rekna med at mange håbuar vil ta turen til Bryne for å sjå VM-kampar der.

– Eg trur problemet kjem til å bli korleis folk skal komma seg heim om natta når siste toget frå Bryne går klokka eitt, sa han.

I Hå er det så langt berre Stasjoen pub på Varhaug som har signalisert at dei kan vera interessert i utvida skjenking under enkelte av kampane.

Prinsippsak

Etter dei alkoholpolitiske retningslinjene i Hå er det ikkje lov til å skjenka alkohol etter klokka halv to på natta. Det største partiet i kommunestyret, KrF, ville ikkje lempa på dette, berre på grunn av VM. Det var, ifølge Vegard Ask (KrF), ei prinsippsak.

– Det finst ingen gode prinsipielle grunnar til å opna opp for alkoholservering heile natta i ein heil månad om sommaren, sa Ask, som lurte på kvifor ein då ikkje skal opna opp for skjenking under OL, Oscar-utdelinga, fotball-VM for kvinner og andre store arrangement som folk kan tenka seg å sjå på tv nattetid.

Ask la òg fram to andre grunnar til å gå mot utvida skjenketider. Den eine var koplinga som blir gjort mellom idrett og alkohol – eit uheldig signal til ungdommen, ifølge Ask.

Vegard Ask (KrF) meinte det ikkje fanst gode, prinsippielle grunnar for å setta Hå sine alkoholpolitiske retningslinjer til side under fotball-VM.
Vegard Ask (KrF) meinte det ikkje fanst gode, prinsippielle grunnar for å setta Hå sine alkoholpolitiske retningslinjer til side under fotball-VM. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Den andre var at fleire faginstansar har uttalt seg negativt til ei eventuell utviding.

Førebygging

Hå-lista var delt i saka. Av dei fire representantane dei har i kommunestyret, var både Elin Hetland Mong og Sefany Mesfin imot å utvida skjenketidene.

Sistnemnde minna dei andre politikarane om at det ikkje er lenge sidan dei vedtok at Hå skal vera ein Av-og-til-kommune. Det vil seia at kommunen har forplikta seg til å jobba for å førebygga og redusera skadar av alkoholbruk.

Mesfin meinte det var på sin plass å spørja om korleis det å utvida skjenketidene kan vera eit førebyggande tiltak og kva konsekvensar det kan få for barn og unge.

– Eg veit godt at dette handlar om skjenketider på stader der barn ikkje har adgang, men før eller seinare skal foreldra heim, sa han.

Sefany Mesfin (Hå-lista) minna kommunestyret om at Hå har forplikta seg til å vera ein Av-og-til-kommune.
Sefany Mesfin (Hå-lista) minna kommunestyret om at Hå har forplikta seg til å vera ein Av-og-til-kommune. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mesfin kom òg med ei oppmoding til kommunen i tilfelle det skulle bli fleirtal for utvida skjenking.

– Eg vil oppmoda kommunen til å ta initiativ til alkoholfrie VM-kveldar der vaksne og barn kan sjå VM saman under trygge rammer, sa han.

Motstandarane vann ikkje fram. Atten politikarar stemte for å utvida skjenketidene. Det var nok til å få fleirtal, mot stemmene til KrF, Ap, SV, Konservativt og Mesfin og Mong frå Hå-lista.

Innandørs skjenking i Klepp også

Også i Klepp er skjenking tillate fram til klokka 01.30. Diskusjonen var ikkje like lang under behandlinga i kommunestyret der måndag kveld.

Utgangspunktet var kommunedirektør Torild Lende Fjermestads innstilling om å tillate skjenking av øl og vin under direktesende kampar under fotball-VM, så lenge kampen varer, og at arrangementet må vere innandørs.

I tillegg heitte det at skjenkestaden må ha tillating til å vise kampen, og at det må søkast om tillating for kvar kamp som blir vist.

– Innstillinga er i overkant byråkratisk og næringsfiendtleg. Det gjeld spesielt punktet om at kvar kamp som skal visast må søkast om og at det berre skal kunne vere arrangement innandørs. Derfor har me i Venstre sett over hekken til naboen i Time, meinte Martin Haukali (V).

Han fremma eit forslag som mellom anna opnar for skjenking utandørs.

Forslaget blei stemt ned, før kommunedirektørens innstilling blei vedtatt. Berre Kristeleg Folkeparti stemde imot å endre midlertidig på reglane i det heile.