Coffee corner har ingen planar om å vise fotballkampar under VM, fortel eigar og dagleg leiar Rasmus Sele.
Coffee corner har ingen planar om å vise fotballkampar under VM, fortel eigar og dagleg leiar Rasmus Sele. Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

– Eg har i grunnen ikkje planlagt noko.

Det seier Rasmus Sele, som er eigar av puben Coffee Corner på Kleppe.

– Eg viser ikkje fotball i utgangspunktet, så eg har ikkje tenkt på det. Det blir for dyrt. Den vesle puben min må ut med 16.000 kroner i månaden.

Det er heller ikkje aktuelt å begynne med fotballsyning i sommar, då Sele antar at eventuelle kundar heller vel etablerte sportspubar på Bryne.

– Hadde eg vist fotball i utgangspunktet hadde eg sjølvsagt gjort det, men det er for vanskeleg å få folk til å begynne å kome under VM, seier han.

– Kan jo tenkast at nokon vil lage arrangement

Ifølgje det nasjonale alkohollovverket kan det ikkje skjenkast alkohol etter klokka tre på natta.

Dette kjem i klinsj med tidsforskjellen mellom Europa og vertslanda over Atlanterhavet. For eksempel startar to av tre kampar i Noreg sitt gruppespel etter midnatt.

I vår la regjeringa fram eit forslag til ei midlertidig endring: Kommunane, som deler ut skjenkeløyve, skal kunne seie ja til skjenkestader som vil skjenke øl og vin fram til seks om morgonen under fotball-VM. Føresetnaden er at skjenkestadene viser direktesende VM-kampar.

Saka skal til behandling i Stortinget 21. mai.

I Time og Hå er kommunedirektørane positive til å utvide skjenketidene, med visse krav.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad er positiv til skjenking av øl og vin under direktesende fotballkampar i VM, på skjenkestader og enkeltarrangement.
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad er positiv til skjenking av øl og vin under direktesende fotballkampar i VM, på skjenkestader og enkeltarrangement. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Også i Klepp gir kommunedirektøren grønt lys, med visse atterhald – sjølv om vedtaket kanskje ikkje får betydning for nokon.

– Dette har gått ut til absolutt alle kommunar. Det er jo ei forandring i regelverket som Stortinget eventuelt gjer. Me tar det opp i tilfelle det skal kome noko – då har me klare retningslinjer for kva me gjer, seier saksbehandlar Eva Føreid til Jærbladet.

– Det kan jo tenkast at nokon vil lage eit arrangement eller noko slikt, legg ho til.

Fleire ting å ta stilling til

Viss forslaget om endring av skjenkereglane blir vedtatt i Stortinget, blir det altså opp til kommunen om moglegheita for å gi unntak skal bli nytta.

I så fall må kommunestyret endre på dagens skjenketider i Klepp. Retningslinjene i kommunen avgrensar skjenking til klokka 01.30.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad listar opp punkta kommunestyret må ta stilling til:

  • Vil dei tillate skjenking utover tidspunkta i kommunens gjeldande retningslinjer?
  • Skal utvida skjenketid gjelde heile perioden fotball-VM for herrar varer, eller skal utvidinga berre gjelde bestemte dagar, for eksempel dagar Noreg speler kampar?
  • Skal utvidinga gjelde både innandørs og utandørs, og skal den gjelde berre eksisterande skjenkestadar eller også enkeltståande arrangement?
  • Skal dei tillate skjenking berre inntil eit visst tidspunkt, for eksempel kl. 04.00?

Ho legg til at kommunen også må vurdere behovet for å endre opningstida etter serveringsloven.

Kommunedirektøren seier ja

Fjermestad vurderer at Klepp kommune kan tillate skjenking av øl og vin mellom 11. juni til 19. juli for skjenkestader og enkeltarrangement som viser direktesende kampar i fotball-VM.

Ho meiner alkoholserveringa skal vere tillaten så lenge kampen varer, og at arrangementet må vere innandørs.

Forslaget hennar inneber også at det må søkast om tillating for kvar kamp som blir vist, og at skjenkestaden må ha tillating til å vise kampen.

«Kommunedirektøren tar utgangspunkt i de hensyn som alkoholregelverket har som formål å ivareta, herunder å begrense de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære. I tillegg må det tas hensyn til beboere i boligområder, og deres behov for nattero. Men det må også tas hensyn til at dette kan være en folkefest for fotballinteresserte», heiter det.

Saka skal innom formannskapet, før den går til endeleg behandling i Klepp kommunestyre 11. mai.