Då Norge sitt herrelandslag i fotball rett før jul kvalifiserte seg til sommarens verdsmeisterskap, var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) raskt ute med eit løfte: Folk som sit på pub for å følga direktesendingane frå kampane i USA, Canada og Mexico skal få høve til å drikka øl og vin så lenge kampane held på, sjølv om natta nærmar seg dag og det blir ekstraomgangar.
I utgangspunktet er det kommunane som deler ut skjenkeløyve, men det nasjonale lovverket set visse avgrensingar. Det er ikkje lov å skjenka alkohol etter klokka tre på natta.
I vår sende regjeringa Stortinget eit forslag om ei mellombels endring av lova: Kommunane skal få lov til å seia ja til skjenkestader som vil skjenka øl og vin fram til seks om morgonen under fotball-VM. Føresetnaden er at skjenkestadane viser direktesende VM-kampar.
Kommunedirektøren seier ja
Rundt om i landet er kommunane nå i ferd med å ta stilling til om dei vil nytta seg av dette høvet.
I Stavanger har dei for lengst sagt ja. Her på Jæren er skal saka opp til politisk behandling i løpet av våren.
Hå er først ute. Her er kommunedirektøren positiv til utvida skjenketider under fotballfesten.
Trass i uro for auka belastning for politi og helsevesen, auka risiko for ordensforstyrring og auka risiko for at barn og unge blir eksponert for skadeverknadar knyta til dei vaksne sitt alkoholkonsum, meiner kommunedirektøren å ha funne fram til ei ordning der omsynet til tryggleik og orden blir tatt vare på på best mogleg vis.
Ho vil opna for at dei som søker om utvida skjenketid og har fast skjenkeløyve frå før, kan få ja, så lenge dei viser direktesende kampar og kan dokumentera at dei kjem til å ha nok folk på jobb. Skjenkinga må føregå inne, ikkje ute eller i telt.
Saka skal heilt opp i kommunestyret. Så langt har ho vore oppe i Innbyggarrådet, Ungdomsrådet og Utval for helse og velferd.
Dei to førstnemnde, som rett nok ikkje har makt til å bestemma, men som har rett på å bli høyrde, er skeptiske.
Vil sjå VM i lag med vaksne
Eit samla Innbyggarråd vedtok at dei vil halda på dei skjenkereglane som er i dag, òg under fotball-VM.
I dag er det ikkje lov å skjenka til lenger enn klokka 01.30.
Ungdomsrådet samla seg om eit vedtak der det heiter at fleirtalet blant dei forstår at vaksne vil sjå VM saman, men at dei er skeptiske til skjenking fram til klokka seks om morgonen, og at dei er uroa for tryggleik, ansvarlegheit og konsekvensar for barn og unge.
«Ungdomsrådet anbefaler at voksne er sammen med unge og ser VM-kampene uten å drikke alkohol», heiter det i vedtaket.
Ifølge kommunalsjef Jørn Kosmo, som var til stades under møtet i Ungdomsrådet, gav fleire av ungdommane blant anna uttrykk for at det ville vera ugreitt om dei skulle treffa på ruspåverka vaksne på veg heim frå pub i sekstida om morgonen.
KrF: – Ta signala på alvor
Då Utval for helse og velferd diskuterte saka tysdag, gav KrF-politikaren Stein Aarsland ros til dei to råda for klar tale. Aarsland hadde med seg eit alternativt forslag til kommunedirektøren sitt, nemleg at kommunen ikkje skal opna for utvida skjenking under VM.
Han viste til vedtaka i dei to råda, i tillegg til det han meinte var beskjeden interesse frå næringslivet så langt.
– Eg tenker me skal ta desse signala på alvor, sa Aarsland.
Spørsmålet har vore ute på høyring i Hå.
Den einaste skjenkestaden som har komme med uttale er Stasjoen Pub på Varhaug, som stort sett planlegg å visa Norge sine kampar og sluttspelkampane. Dei skriv at ein bør følga opningstidene i nabokommunane, men at det i utgangspunktet er meir enn nok med skjenking ute fram til klokka tre og inne fram til klokka fire.
Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå og leiar for miljøretta helsevern, har òg komme med høyringsuttale. Ho skriv at det er både pluss og minus med utvida skjenketider, men at hovudvekta ligg på minussida. Ho viser til at utvidinga er stor, og kjem på ei tid på året der mange har mykje fritid.
– Det er dei mest sårbare som vil ha utfordringar rundt dette, skriv Omland.
Aarsland var inne på det same då han åtvara om at det kommunedirektøren foreslo, kanskje ikkje vil vera til det beste for innbyggarane.
– Eg trur det er mange som vil takla dette heilt fint, men me veit det er nokon som har utfordringar med alkohol. Dette vil ikkje vera til hjelp for dei, sa han.
Aarsland kalla oppmodinga frå Ungdomsrådet, om at vaksne bør sjå verdsmeisterskapen i fotball for herrar saman med ungdom – utan alkohol – for «sterk».
– VM er ein folkefest. Det må me ta vare på. Men det kan bli ein familiefest òg, slo KrF-politikaren fast.
Elskar alkohol – stemte mot
Sefany Mesfin (Hå-lista) støtta òg innspelet frå Ungdomsrådet og uttrykte skepsis til kommunedirektøren sitt forslag.
Med eit godt glimt i auga sa Mesfin at han «elskar alkohol».
– Det er ikkje det. Men me kan ikkje drikka til klokka seks om morgonen, sa han.
Då låtten rundt bordet dempa seg, sa Mesfin at han godt kan forstå at ungdommane ikkje har lyst til å treffa fulle folk tidleg på morgonen.
Hå er ein av-og-til-kommune. Det betyr at Hå, saman med den ideelle organisasjonen Av-og-til, skal jobba for å førebygga og redusera alkoholskadar og gjera kvardagen tryggare for alle som bur i kommunen.
Mesfin var blant dei som i si tid stemte mot å innføra ordninga.
– Men nå er det vedtatt og då må me ta det på alvor. Me kan samanlikna dette med julefeiring. Sjølv om det er jul eller fotballkamp, betyr ikkje det at det må vera lausslepp. Me må vera tydelege på at me ikkje treng å sleppa laus alt, sjølv om det er sommar. Litt alkoholavgrensing treng me, til og med eg, sa Mesfin.
– Kan sitta lenge i eit barnesinn
Wibecke Natås (Ap) støtta òg innspelet frå Ungdomsrådet. Ho sa at sjølv om diskusjonen tilsynelatande kunne handla om eit tilbod for nokon vaksne, og berre over ein avgrensa periode, kan konsekvensane av vedtaket likevel bli større.
Natås fortalde at ho gjennom jobben har jobba ein del med barnetråkk – kartleggingar av korleis barn og unge beveger seg i nærmiljøet sitt.
– Eg har høyrt på korleis barn kan oppleva det å gå forbi eit skummelt hus eller ein hund som gøyr. Vonde opplevingar kan bli sittande i dei veldig lenge, sa ho.
For henne handla det om å vega interessene til ei svak gruppe opp mot dei til ei ressurssterk gruppe.
– Eg er tilbøyeleg til å seia nei i denne saka, sa ho.
– Avgrensa problem
Svein Kåre Hegelstad (Frp) var positiv til den mellombelse utvidinga.
– Eg har full respekt for dei som uttalar seg i dei andre råda, men eg tenker at dette ikkje er eit stort problem. Eg trur det er få som vil nytta seg av det, sa Hegelstad.
Argumentet hans var at å skjenka og visa VM-kampar utover nettene vil vera så ressurskrevjande at få skjenkestadar kjem til å nytta seg av høvet til å søka, sjølv om opninga er der.
– Sjansen for at nokon vil, er liten, men vil dei, skal dei få lov, sa Hegelstad.
Lars Madland (Sp) som var inne som vararepresentant for Gry Kirsti Høyland Sirevåg var opptatt av at utelivet i Hå bør ha dei same vilkåra som i dei andre kommunane på Jæren.
Madland tvilte på om dei praktiske konsekvensane vil bli så store.
– I alle fall ikkje på dei kampane som begynner klokka to på natta. Eg trur interessa vil vera minimal. Men klart, dei kampane som begynner klokka tolv vil det nok vera litt fyr i, sa han.
Irene Omland (H) er til vanleg nestleiar i utvalet, men fungerte som leiar i Gry Kirsti Høyland Sirevåg sitt fråvær. Ho fortalde at heller ikkje Høgre har trur på at nattskjenkinga under VM vil bli mykje nytta.
– Me ser ikkje for oss at det blir det store. Det er kostnadar med å halda ope og visa kampane, sa Omland.
Om nokon likevel vil nytta seg av moglegheita, vil ikkje Høgre stå i vegen.
– Det har òg noko å gjera med om utestadane i andre kommunar har moglegheit til å halda ope. Og så er det ikkje sikkert det blir det store problemet, heller.
Må gå fleire rundar til
Stemmene frå Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og INP var nok til å sikra eit knapt fleirtal – fem mot fire – for kommunedirektøren sitt forslag.
Men saka er framleis ikkje avgjort. Torsdag var ho oppe i Utval for oppvekst og kultur som, mot dei to stemmane til KrF, støtta innstillinga til kommunedirektøren.
Neste stopp er formannskapet , før endeleg avgjerd kjem i kommunestyret.
Så langt har ikkje spørsmålet vore oppe til politisk behandling i Klepp eller Time, men kommunedirektøren i Time har signalisert at han er positiv til å utvida skjenketidene.
VM i fotball begynner 11. juni klokka 21:00 norsk tid. Då møter Mexico Sør-Afrika.