KrF-benken med Gunnar Bjorland Stone, Bjørghild Underhaug og Anders Undheim.
KrF-benken med Gunnar Bjorland Stone, Bjørghild Underhaug og Anders Undheim. Foto: Snorre Standish Norheim

– Ja, det kan fort gå godt – og det er det me håper på at det vil gjera. Men det er ingen tvil om at dersom me opnar opp for meir skjenking, så er det dessverre somme som vil utnytta det til maks.

Det sa Ranveig Undheim. Ho og resten av Senterpartiet stod for debattens mest ytterleggåande forslag i kommunestyret onsdag. Forslaget innebar ei utviding av skjenketidene i Time, men var avgrensa til å gjelda kampane der Norge stiller til start.

Partifellen Tarald Magne Oma sa at Sp er programforplikta til ein restriktiv alkoholpolitikk, men at spesielle forhold – særleg det at ei av dei største stjernene i VM er frå Bryne – gjer at dei vil tilpassa seg og opna for skjenking fram til etter at Norge sine kampar er slutt.

Ranveig Undheim presiserte at forslaget ikkje berre gjeld dei tre opningskampane, men at utvidinga òg skulle gjelda dersom det norske landslaget tar seg vidare frå det innleiande gruppespelet.

I 1994 var det 56 år sidan Norge sist var i VM, med Alfie Haaland i troppen. – Eg kan ikkje hugsa at det tok sånn av slik som det gjer nå.
I 1994 var det 56 år sidan Norge sist var i VM, med Alfie Haaland i troppen. – Eg kan ikkje hugsa at det tok sånn av slik som det gjer nå. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

KrF på tilbodssida

Beate Aasen Bøe og Øystein Nereng i SV var åleine om å slutta seg til forslaget frå Sp. Bøe understreka at ho var glad for at Norge og Haaland skulle til VM, før ho tok på seg rolla som den «litt kijpe»:

– Er det eigentleg nødvendig å skjenka til langt på natt?

KrF meinte svaret på det var ja. Dei sende opp ein tidlegare pubdrivar med ei barnleg fotballglede i kroppen, Gunnar Bjorland Stone, for å fortelja at partiet ville strekka seg uvanleg langt – heilt til klokka tre på natta.

Sidan kjøpt alkohol kan nytast i 30 minutt etter skjenkestopp, var den endelege grensa halv fire.

Partiet, som skal ha studert dei innleiande gruppekampane, meinte at berre ved 10 av 72 kampar under meisterskapen vil pubgjengarane måtta sjå store delar av kampen utan alkohol.

– Skjenkestopp klokka tre er med andre ord meir enn godt nok for at dei som vil ha noko godt i glaset, og for utestadene til å kunna forsvara å halda ope, sa Bjorland Stone.

Kompromissforslaget frå KrF fekk berre støtte frå SV og halve Senterpartiet. Kommunedirektøren si innstilling vart vedtatt med 21 røyster.

Det betyr at det i Time, under fotball-VM for herrar, kan bli skjenking av øl og vin heilt fram til åtte om morgonen, både ute og inne, men berre på visse vilkår. Desse vilkåra står det meir om lenger nede i saka.

Opplevinga frå sist VM-deltaking har brent seg inn i minnet til Gunnar Bjorland Stone. Han har tatt fri i veke Norge skal spela. – Når me er her igjen, kjenner eg den barnlege gleda kribla. For ein fest det kjem til å bli – eg gler meg!
Opplevinga frå sist VM-deltaking har brent seg inn i minnet til Gunnar Bjorland Stone. Han har tatt fri i veke Norge skal spela. – Når me er her igjen, kjenner eg den barnlege gleda kribla. For ein fest det kjem til å bli – eg gler meg! Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Trur dette kjem til å regulera seg sjølv

På talarstolen sa Lars Enevoldsen at Høgre ville røysta samla for innstillinga. Sjølv om han visste at det ville koma andre forslag utover debatten, var partiet opptatt av at regionsenteret Bryne skulle ha same vilkår som i Sandnes og Stavanger.

– Me ønsker ikkje at mange reiser nordover fordi dei vil ha med seg denne opplevinga.

Ikkje berre er det 28 år sidan sist det norske herrelandslaget var i VM, sa Lars Enevoldsen. – Når den største stjerna på laget i tillegg er frå Time, synest me i Høgre det er bra at næringslivet og utelivsbransjen ønsker å legga forholda til rette for at det kan bli ei spesiell fotballoppleving på Bryne.
Ikkje berre er det 28 år sidan sist det norske herrelandslaget var i VM, sa Lars Enevoldsen. – Når den største stjerna på laget i tillegg er frå Time, synest me i Høgre det er bra at næringslivet og utelivsbransjen ønsker å legga forholda til rette for at det kan bli ei spesiell fotballoppleving på Bryne. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Partifellen Kjetil Eide planla å sjå VM heime på TV, men utelukka ikkje å sjå nokre av Norge-kampane saman med andre på pub.

Han skulle definitivt ikkje dra på pub for å sjå lag som Usbekistan, Iran og New Zealand, og trur dei fleste vil tenka på same måten.

– Eg trur dette kjem til å regulera seg ganske godt av seg sjølv, sa Eide, som ikkje trur pubdrivarane i Time kjem til å mønstra vakter og tilsette til kampar som dei aller færre interesserer seg for.

Eide sa om at innstillinga at ho er like «skjenkeliberal som Ap-sjefen», og viste med det til statsminister Jonas Gahr Støre. Det var han og Regjeringa som opna for debatten, ved å senda på høyring den ekstraordinære liberaliseringa av alkoholloven.

Stortinget skal røysta over lovendringa 21. mai. Viss det blir røysta ned, har ikkje kommunestyret heimel til å utvida skjenketida under VM.

Kjetil Eide trur ikkje utslaga blir store ved pubane. – Det at dei får lov til å halda ope, betyr ikkje at store folkemassar kjem til å stå i kø å drikka pubøl med begge hendene midt på natta, i arbeidsveka.
Kjetil Eide trur ikkje utslaga blir store ved pubane. – Det at dei får lov til å halda ope, betyr ikkje at store folkemassar kjem til å stå i kø å drikka pubøl med begge hendene midt på natta, i arbeidsveka. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Skeptisk til «eige» forslag

I Time Arbeidarparti var dei delte om liberaliseringa, fortalde Kjell Olav Stangeland. Sjølv om forslaget kjem frå hans eige parti, meiner han at det er lite som fagleg sett kan støtta det.

– Du kan òg snu på det som blir sagt, om at det ikkje kjem folk for å sjå uinteressante kampar: Det kan vera at nettopp dei som liker å drikka til klokka åtte, ser dei kampane, fordi det er mogleg å drikka øl.

Med fotballspråk sa Kjell Olav Stangeland at forslaget om å utvida skjenketidene er «litt bak mål». Han likte ikkje den sterke koplinga mellom øl og fotball.
Med fotballspråk sa Kjell Olav Stangeland at forslaget om å utvida skjenketidene er «litt bak mål». Han likte ikkje den sterke koplinga mellom øl og fotball. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

I høyringsrunden Time kommune har den rusførebyggande organisasjonen IOGT, Sør-Vest politidistrikt, Miljøretta helsevern i Rogaland og brann og redning og kommuneoverlegen i Time kome med negative fråsegner.

Skjenkekontrollen er korkje positiv eller negativ, men har konstatert at utgiftene kjem til å gå opp dersom skjenketidene blir utvida.

Ap gjekk likevel for innstillinga, fordi dei ønsker at utelivsbransjen på Bryne skal ha same vilkår som konkurrentane.

– Me forflyttar oss ikkje lenger med hest og kjerre. Me må ha dei same retningslinjene i som nabokommunane.

Blir skjenking i torgtelt

Endre Vollsund i Venstre hugsa fellesskapen på ein pub på Kreta, då Norge slo Brasil under VM i 1998. For han er årets VM ei unik moglegheit til å samla folk.

Han åtvara mot å avgrensa utvidinga til Norge sine kampar, slik Senterpartiet ville, fordi det han trur det ville ha stoppa utestadene frå å legga til rette.

Meisterskapen er lagt til USA, Mexico og Canada, som inneber at kampane kjem seint på kveld eller nattetid. Vollsund var for å tilpassa skjenketidene, slik innstillinga frå kommunedirektøren legg opp til.

I tillegg til at fem utestader vil skjenka innandørs (Bryne Kro & hotell, Annige Bar, Bekkis Bar, Thime Station og Bryne kino), har éin av dei – Bekkis – bede om lov til å skjenka øl i eit telt.

Vedtaket i kommunestyret gjer at det er tillate med skjenking utandørs etter 01:30 under Norge sine kampar, og dei fleste kampane under sluttspelet.

– Folk vil sjå kampar i lag, dei vil ikkje sjå dei heime åleine. Eg tenker at utestadene vil gje trygge og sosiale rammer der folk kan samlast og dela augneblinkar.
– Folk vil sjå kampar i lag, dei vil ikkje sjå dei heime åleine. Eg tenker at utestadene vil gje trygge og sosiale rammer der folk kan samlast og dela augneblinkar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim