Politikarane i Klepp og Time har no fått lagt fram eit avtaleutkast for felles ungdomsskule på Frøyland.

Det skjer etter at det i vår blei vedtatt å flytte ungdomstrinnet på Orstad skule, grunna høge kostnader knytt til rehabilitering av skulen.

Kommunedirektørane i Klepp og Time er begge positive til utkastet som no ligg til grunn.

– Ein felles ungdomsskule frå skuleåret 2027/2028 er ei god og framtidsretta løysing. Samarbeidet gir god utnytting av eksisterande kapasitet, eit styrkt læringsmiljø forelevane og ei føreseieleg kostnadsfordeling mellom kommunane, skriv Trygve Apeland i saksutgreiinga til politikarane i Time.

Avtaleutkastet skal opp i Klepp kommunestyre 14. september og i Time kommunestyre 9. september.

Må gjere tilpassingar

I avtalen ligg det til grunn at felles oppstart for dei to ungdomstrinna blir allereie neste skuleår.

Då har Orstad skule 90 elevar fordelt på dei tre trinna, medan Frøyland ungdomsskule har 165.

Frå før samarbeider Klepp og Time om Vardheia ungdomsskule, som ligg på Bryne og opna i 2021.

Eit av klasseromma i skulebygget til Frøyland ungdomsskule.
Eit av klasseromma i skulebygget til Frøyland ungdomsskule. Foto: Foto: Time kommune

På grunn av høg sambruk av forskjellige klasserom mellom ungdomsskulen og barneskulen på Frøyland, har partane kome fram til at det er naturleg for Time kommune å drifte den felles ungdomsskulen.

– Det er naturleg at kostnadsfordelinga følgjer elevtalsutviklinga i dei to kommunane, skriv Fjermestad, og viser til at Klepp sin del då blir i overkant av 35 prosent neste skuleår.

Før skulestart må det gjennomførast naudsynte tilpassingar av bygg og uteområde. Dette omfattar utviding av personalfasilitetar, oppgradering og utviding av spesialrom, tilpassing av klasserom og tiltak på uteområda, heiter det.

I tillegg tar skulen i bruk delar av Kvernhallen, som allereie er bygga for sambruk mellom barneskulen og ungdomsskulen.

Kvernaland ungdomsskule?

I forslag til vedtak kjem det også fram at kommunedirektørane vil legge fram ei sak som tar føre seg nytt namn på ungdomsskulen.

– Dette med mål om eit nytt namn som reflekterer at det blir etablert ein ny felles skule for Orstad og Frøyland, skriv Fjermestad i saksutgreiinga til kleppolitikarane.

Ho viser til Time kommune sitt reglement, som seier at forslag til namn skal ta utgangspunkt i lokale stadnamn, og at lokale organisasjonar med særleg tilknyting til bygget skal få uttale seg.

Etter dette blir det lagt fram sak for utval for lokal utvikling, som fastset namnet endeleg.