Nyleg søkte det nyoppretta firmaet Erden AS, eigd av haugesundaren Erhan Øzdemir, om skjenkeløyve frå Hå kommune. Planen var å starta ein restaurant med plass til rundt 45 gjester i Torgplassen 2, rett ved torget på Nærbø.
Il Punto
Restauranten skulle få namnet Il Punto. Tanken var eit interiør med lun og familiær atmosfære, med ein stor bar midt i lokalet.
Det var òg tankar om å etablera ei uteservering.
I søknaden om skjenkeløyve heitte det at målet var å skapa «en inkluderende møteplass der mat og drikke av god kvalitet danner rammen for sosialt samvær i alle anledninger».
Det blir ikkje noko av.
Overraskingar
Tysdag, same dag som han skulle behandlast i Utval for helse og velferd, kom meldinga om at Erden AS hadde trekt søknaden om skjenkeløyve.
I ei kort orientering til utvalet fortalde utvalsleiar Gry Kirsti Høyland Sirevåg at restauranten sin kontrakt med huseigar var oppheva på grunn av byggtekniske forhold.
– Det var for mange utbetringar som kom overraskande på, sa Sirevåg, utan å spesifisera nærare.
I brannsjefen sin kommentar til skjenkeløyvet heiter det at det er ein viss historikk i lokala knyta til bruksendring og rømmingsvegar.
«Brannvesenet har ikke merknader til selve skjenkeløyvet, men ber om at det fremlegges oppdatert dokumentasjon på at personsikkerheten i bygget er ivaretatt i henhold til gjeldende krav, og at det legges frem dokumentasjon på hvor mange personer lokalet er dimensjonert for før det tas i bruk», skreiv brannsjefen.
Denne typen dokumentasjon var ikkje lagt ved søknaden, som altså blei trekt.
Tidlegare pub
Frå 2011 og fram til dei flytta til lokale i motsett ende av Torgplassen i 2020, var det Holdeplassen Bar som hadde tilhald i lokala.
Året etter fekk huseigar Terje Haugseng og sonen Tord skjenkeløyve å driva pub i Torgplassen 2. Planen var, ifølge søknaden, å etablera ein treffstad for yngre vaksne med ope kvar dag.
Det blei ikkje noko av.
Firmaet H-pubben er framleis aktivt, men har aldri hatt inntekter.