Sparebanken Norge legg ein halv million kroner til næringsmessa Hå Level Up, som går føre seg i Varhaughallen onsdag og torsdag.

Næringsmessa blei arrangert for første gong i fjor. Messa har som mål å knyta Hå-ungdommar tettare til det lokale arbeidslivet.

– Då dette arrangementet dukka opp, var det midt i blinken for oss. Det er ein god måte å nå mange med overskotet vårt på, seier banksjef Ommund Braut i Sparebanken Norge til Jærbladet.

Banksjefen meiner Hå Level Up er eit bra tiltak som kan visa lokale ungdommar vegen til kortreiste jobbar.

– Alle skal med

Pengane kjem godt med i det som er eit felles løft frå kommunen, Varhaug Idrettslag og dei ulike næringsforeiningane i Hå.

For dei har det vore eit viktig prinsipp at messa ikkje skal vera uoverstigeleg dyr å vera med på for utstillarane. Det er viktig for å få fram breidda, meiner dei.

– Eg trur det er avgjerande for å få til det me har fått til at me har gode sparringspartnarar, seier Cathrine Andreasssen i Nærbø næringsforening.

Ho tviler på om like mange verksemder hadde vore med om inngangsbilletten for utstillarar var høgare. Men nå er oppslutnaden høg. Ta frisørane som eit døme: Ei enkelt frisørbedrift hadde neppe blitt med, men i Hå har frisørlauget gått saman, og 14-15 frisørar deler på å stå på stand.

– Det er i idrettslaget si and. Alle skal vera med, seier Sigrid Lode Knutsen, dagleg leiar i Varhaug idrettslag.

Under Hå Level Up kan ein treffa på representantar frå næringsmiddelindustrien, bygg og anlegg, industri, helse, bank og frisør, for å nemna noko. Landbruket er representert gjennom avløysarlaget Landbrukstenester Hå.

– Det er ikkje mange yrkesgrupper som ikkje er representerte her, seier Skretting.

Banksjef Braut slår fast at breidda i næringslivet i Hå er overveldande.

– Me er stolte og glade over å få vera med på dette, seier han.

Ein skuleelev får prøva seg på sveiseimulator under Hå Level Up i fjor.
Ein skuleelev får prøva seg på sveiseimulator under Hå Level Up i fjor. Foto: Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

Fullstappa

Totalt er 60 ulike bedrifter påmeldt. Fleire er det ikkje plass til i hallen. Eit par bedrifter har til og med sett seg på venteliste i håp om at det blir ein ledig plass.

Totalt ventar dei rundt 1500 elevar og rundt 120 lærarar. Dei fleste av dei frå niande og tiande trinn, men òg nokon frå 1. klasse på vidaregåande. Målet er at lokale verksemder skal få elevane i tale før dei bestemmer seg for kva utdanningsretning dei vil inn på.

Fleire bransjar slit med å få tak i fagfolk.

– Klarar me å få dei inn lokalt tidleg, er det lettare å få dei til å bli. Venner dei seg til å ta toget, gjerne nordover, kan det bli vanskelegare å få dei tilbake igjen, seier Andreassen.

Om fleire unge innbyggarar finn seg jobb i heimkommunen er det noko både næringslivet, kommunen og innbyggarane sjølv vil nyta godt av, meiner komiteen.

Knutsen haustar anerkjennande nikk frå resten av komiteen når ho seier hennar generelle inntrykk er at håbuar er ettertrakta arbeidskraft ute i marknaden.

– Sjå berre på dugnaden i idrettslaga i Hå, seier Skretting:

– Me berre brettar opp ermene og går i gang.

Knutsen er samd, kanskje ikkje heilt uventa, sidan ho sjølv er leiar i eit idrettslag.

– Ungdommane våre får mykje god danning gjennom idrettslaga og dugnadane, seier ho.

Vil ha med mor og far

Hå Level Up blei arrangert for første gong i fjor. Reidar Skretting i Varhaug bedriftsforening seier dei aller fleste bedriftene som var med då, heiv seg med i år igjen.

– Det er deilig å sleppa å jaga dei for å få dei med i år igjen, seier Skretting og fortel om gode tilbakemeldingar frå i fjor.

Dei to dagane er eit godt høve til å knyta kontaktar på tvers av det lokale næringslivet.

– Når det kjem inn folk hit og skal ha stands, så er dei ikkje lenger konkurrentar. I staden går dei saman om å framsnakka faget sitt for å få fleire til å velja det, seier Skretting.

På dagtid går det føre seg frå klokka 09 til 14. I tillegg er det ope for alle som vil komma onsdag kveld frå 16:30 til 19:00.

– Når hallen er full, utstillingsbuene er opne og alle er samla er det dumt om me lar sjansen til å visa alt fram gå frå oss, seier Andreassen.

Skretting seier onsdagskvelden er ein god moglegheit for foreldre til å gå og sjå på moglege vegar avkommet kan velga vidare i livet, og kan henda skuva dei vidare i rett retning.

– Det er noko med det når du får snakka med bedrifter og mor og far er med. Då kan du få til betre sparring heime, meiner Braut.

I fjor hadde fleire av bedriftene som var der, med seg lærlingar, slik at ungdommane kan få snakka med nokon nærare deira eigen alder. Komiteen reknar med at endå fleire vil gjera det same i år. Dei ventar òg at fleire av bedriftene kjem til å gjera meir ut av utstillingane sine.

Onsdagskvelden er open for absolutt alle som er interesserte i det lokale næringslivet. Ekstra «bøse», seier Knutsen, er det at eit firma som held til på Forus har signalisert at dei gjerne vil komma onsdagskvelden.

– Dei er ikkje frå Hå, så dei får ikkje ha stand, men dei er velkomne til å komma og sjå det me har å by på her, seier Knutsen.

Får elevhjelp

For å få gjort unna arrangementet på ein god måte, har komiteen henta inn andre trinn frå sal, service og reiselivslinja ved Bryne vidaregåande skule.

– Dei gjer ein kjempejobb, seier Skretting.

Arrangementet er skuleårets første store oppgåve for andreklassingane. Dei har mellom anna laga informasjonsprofil, dei har vore med og laga risikoanalyse, dei reiser rundt til ulike skular og fortel om Hå Level Up der, og dei har laga bingokort dei deler ut til elevane som kjem på messa.

Får elevane fylt opp eit bingokort med stempel frå ulike utstillingsbuer, kan dei levera det inn og bli med i trekninga av eit sett med Airpods. Poenget er å få elevane til å mingla og drøsa med dei ulike bedriftene.

Elevane frå sal, service og reiseliv skal òg vera med å sjå til at sjølve arrangementet går knirkefritt føre seg.

Komiteen betalar for innsatsen. Pengane går inn i klassen si reisekasse.

– Det er eit kinderegg som berre gjev og gjev, seier Knutsen om samarbeidet.