Det gjekk tidvis fort i svingane då Stortinget i 2009 vedtok full barnehagedekning og kommunane rundt om i Norge skulle etterleva denne garantien.
I Hå førte det blant anna til fleire nye barnehagar bygde i brakker, eller modular. Dette var bygg som var rimelege og raske å bygga, men som nå nærmar seg utskifting.
Sjølv om kommunen har gått greitt økonomisk, har ikkje armslaget vore stort, gjeve dei relativt låge skatteinntektene samanlikna med andre kommunar i fylket.
Å bygga nye barnehagar har derfor sete langt inne. I staden har kommunen søkt å nytta den maksimale kapasiteten i barnehagane som er der frå før av.
Mindre plass, meir støy og stress
Dette har vore med på å halda kommunen sine investeringsutgifter nede. På same tid har det ført til at barnehagane har vore nøydde til å nytta areal som ikkje nødvendigvis innfrir dagens standardar for leik og opphald.
Det er ikkje forska mykje på feltet, men det arbeidet som er gjort, tyder på at betre plass i barnehagen bidrar til mindre konfliktar og stress, betre moglegheiter for variert leik og aktivitet og mindre støy.
På den andre sida, kan for lite areal ha negative effektar. Dette er bakgrunnen for at kommunedirektøren, som ein del av forarbeidet til barnehagebruksplanen som kjem til hausten, har gjort nye utrekningar av leike- og opphaldsarealet i barnehagane.
– Målet er å sikra at det er nok plass til leik og rørsle, sa konstituert barnehagesjef Lars Harald Heskestad då han i slutten av mai la fram dei nye utrekningane for Utval for oppvekst og kultur.
Statlege retningslinjer seier at kvart barn under 3 år skal ha tilgang på 5,3 kvadratmeter leike- og opphaldsareal. For dei over 3 år er talet 4 kvadratmeter.
Det finst òg retningslinjer for uteareal. Der er regelen at det skal vera seks gonger så mykje – altså 31,8 kvadratmeter per barn under 3 år og 24 kvadratmeter per barn over 3 år.
Dette er dei same tala kommunen har lagt til grunn.
Ubrukeleg areal
Når dei nå har rekna ein gong til, er det fordi dei tidlegare har tatt med areal som i røynda ikkje kan brukast til korkje leik eller opphald.
Det kan til dømes handla om golvet framfor ei dør, garderobar, vaskerom, kontor eller golvplass der det står fastmonterte møbel.
Då han gjesta Utval for oppvekst og kultur trekte Heskestad fram eit døme frå ein barnehage der eit rom som blir brukt til soving for dei yngste, og som er fylt opp av barnevogner heile dagen, likevel blei rekna som ein del av opphalds- og leikearealet.
Å rekna leike- og opphaldsareal per barn er komplisert. Det er skilnad på krava for små og store barn og forholdet mellom talet på små og store barn varierer for kvart einaste år.
Det kommunen har gjort, er derfor å legga ein mellomting til grunn.
I perioden der alt handla om å oppfylla lovkravet og gje plass til alle som søkte om det, var dette gjennomsnittstalet 4,4 kvadratmeter per barn. I den nye utrekninga har administrasjonen vore meir opptatt av kvalitet på arealet, og har derfor tatt utgangspunkt i at kvart barn i snitt skal ha 4,7 kvadratmeter tilgjengeleg – eit avrunda snitt, som dei kallar det.
Dei dårlege nyheitene er at det ikkje er nok plass til dei som går der i dag, i alle fall ikkje om ein legg den nye utrekningsmetoden til grunn.
Faktisk går kapasiteten kraftig ned: Etter dei nye utrekningane er det rom for 161 færre barn i barnehagane i Hå, samanlikna med dei gamle.
Den nye barnehagen som er under bygging på Brusand og utvidinga av Lensmannsgarden barnehage på Varhaug er ein del av utrekninga.
Konsekvensar i framtida
I utvalet understreka Heskestad at det ikkje er aktuelt å endra på godkjenninga til barnehagane og at dei nye utrekningane berre er meint å gje ein peikepinn på behovet.
Utrekninga vil med andre ord ikkje få konsekvensar for dagens barnehagetilbod i Hå, ut over at areal som går over dei nye utrekningane skal i utgangspunktet ikkje brukast, men fungera som ein buffer.
Konklusjonen i den nye utrekninga er at når den reelle kapasiteten i kommunen søkk, vil det ha konsekvensar for barnehagestrukturen.
Barnehagestruktur, ofte eit slags kodeord for bygging eller nedlegging av barnehagar i dei ulike bygdene, vil stå sentralt når kommunedirektøren til hausten legg fram ein ny barnehagebruksplan.
Barnehagebruksplanen er ein strategi for korleis barnehagetilbodet i Hå skal organiserast i åra som kjem.
Skal kommunen bygga nye barnehagar, er det den nye måten å rekna leike- og opphaldsareal på som skal leggast til grunn. I tillegg blir det lagt inn eit ti prosent fråtrekk som skal kompensera for areal som går med til inventar og transport.
Dette fråtrekket har ikkje vore ein del av utrekninga av leike- og opphaldsarealet i dagens barnehagar.
– Det ville gjeve ytterlegare underkapasitet, sa Heskestad då han orienterte Utval for oppvekst og kultur.
Han sa òg at dei små barnehagane, for å gje gode leikeareal, bør ha færre barn enn det dei har i dag. Samtidig er det ikkje sikkert framtidas behov er det same som i dag.
– Går barnetalet ned, kan situasjonen vera handterleg. Stig barnetalet, er det behov for nye barnehagar, sa barnehagesjefen.
Private alternativ
På Nærbø har Espira Skjeraberget nyleg utvida drifta si med 26 småbarnsplassar, medan Preg Tryggheim er godt i gang med planlegginga av to nye avdelingar. Dette vil hjelpa noko på situasjonen, i alle fall på Nærbø.
Kommunedirektøren har så langt ikkje gjort nye utrekningar av leike- og opphaldsarealet i dei privateigde barnehagane i kommunen, men vil, etter eit vedtak i formannskapet på bakgrunn av eit innspel frå Jan Harald Forsmo (uavhengig), gjera det.