– Det er ei veldig spennande utfordring, seier Håvard Gilja.
Sjukefråværet i Klepp kommune aukar. Mellom 2023 og 2025 har det gått frå 7,4 til 8,6 prosent.
Samanlikna har talet vore fallande i nabokommunane i sør det siste året. I Time ligg det no på 6,6 prosent, om lag på linje med dei nasjonale tala, og i Hå på 7,4.
Med prosjektstillinga til Gilja vil Klepp «leggja grunnlaget for ei varig reduksjon i sjukefråværet og byggja ein robust organisasjon med eit helsefremjande arbeidsmiljø, tydelege forventningar og ein kultur prega av open dialog, tillit og felles ansvar», som skildra i årsrapporten.
Kommunedirektøren har skildra det aukande sjukefråværet som alvorleg. Gilja er einig i at tala må bli tatt på alvor – men han har ingen planar om å forhaste seg med å setje i verk tiltak for å få dei ned heilt enno.
– Før me bestemmer løysingane, må me forstå organisasjonen og verkelegheita. Me må sjå kva som ligg bak tala, og kva folk faktisk har utfordringar med der ute, seier han.
Vil sjå på kva som gjer ein friskare av å gå på jobb
Med fleire års erfaring som HMS-leiar i Rambøll og Henning Larsen Norge i Oslo, har Gilja god kjennskap til liknande problematikkar.
Han har mastergrad i psykologi, med spesialisering innan risikopsykologi, og tar no ei vidareutdanning innan meistringsmedisin.
– Det går på korleis ein legg til rette for at folk kan oppleve meistring. Å finne ut kva faktorar som gjer at folk trivst på jobb, og å førebygge at det går ut over helsa, er ein viktig del av arbeidet som går på nærvær. Kanskje enda meir interessant, synest eg det er å sjå på kva faktorar på ein arbeidsplass som kan gjere at folk faktisk blir friskare av å gå på jobb, seier han.
– Eg trur at dei aller fleste ønsker å vere på jobb og gjere ein god jobb. Då må me forstå kva som gjer det mogleg å stå i arbeid over tid, samanfattar han.
Med dette utgangspunktet, tok han i april fatt på arbeidsoppgåvene – som i stillingsutlysinga kan sjå både konkrete og diffuse ut på same tid.
Han skal for eksempel analysere data, koordinere prosjektet saman med mellom anna verksemdsleiarar, utvikle og gjennomføre tiltak og fungere som ein rådgivar.
No er han i ferd med å bli kjend med organisasjonen, og finne ut kva han skal bygge prosjektet på.
– Kva gjer me godt allereie? Kva er utfordrande, og kva kan me lære av?
Nærværsamtale i barnehagane
Gilja meiner Klepp allereie har eit godt grunnlag i måten det blir jobba med arbeidsmiljøet.
Mellom anna trekk han fram at dei har kvalitetsutval i alle verksemdene, som jobbar systematisk med kva tiltak som kan gjerast for å redusere risikoen for sjukefråvær.
– Og så verkar trepartssamarbeid mellom arbeidsgivar, tillitsvalde, verneombod og tilsette til å vere godt på plass. Og det grunnlaget må me ha, for dette må me gjere saman. Det er ikkje alltid sånn at leiinga berre kan bestemme.
Eit konkret eksempel han nemner er at barnehagane i kommunen har begynt med samtalar om nærvær med alle tilsette.
– To gonger i året har dei, i samband med medarbeidarsamtale, ein nærværsamtale der leiar har ein open og ærleg dialog med alle om nærvær og sjukefråvær. Der ligg kanskje ein av nøklane, at alle blir sett og høyrt, og at ein har felles forventningar og forståing.
– Kva har du funne til no som må jobbast meir med, eller som ikkje er bra?
– Det er mogleg å jobbe enda meir heilskapleg med å sjå samanhengen mellom arbeidsmiljø, nærvær og sjukefråvær, og til å lære på tvers av tenesteområde av det som fungerer bra.
Auke også i 2026
I fjor skreiv Jærbladet om korleis sjukefråvær påverkar kommuneøkonomien.
I 2024 brukte Klepp kommune 46 millionar kroner på vikarinnleige, berre innanfor tenesteområdet helse og velferd.
Men det største problemet er at kommunen risikerer å ikkje klare å levere tenestene den skal, skal ein tru kommunalsjef Wendy Finnerud og tidlegare personal- og organisasjonssjef Espen Åvitsland i eit lesarinnlegg i fjor.
Første tertialrapport for 2026 viser at samla sjukefråvær ligg på 9,7 prosent mot 9,2 i same periode i fjor.
Tenesteområdet barn og unge har så langt i år høgast sjukefråvær med 10,4 prosent, som er opp frå 8,8 i fjor. Det har over fleire månader vore eit samla fråvær over 10 prosent, noko som ifølgje rapporten indikerer vedvarande utfordringar.
Innanfor helse og velferd er det framleis høgt sjukefråvær med 9,8 prosent, sjølv om tala viser ein nedgang frå 10,9 prosent i fjor.
Det blir vist til at Klepp kommune har utfordringar knytt til langtidsfråvær. Samstundes viser fleire område ein nedgang i korttidsfråværet.
– Me skal jobbe i alle tenesteområde. Det er ikkje sikkert at «one size fits all», og kanskje må me gjere nokre tilpassingar, seier Gilja.
– Eg trur det er fort gjort å bli litt utolmodig. Det som er faren med det, er at ønsket om raske resultat kan stå i vegen for gode resultat. Me må tenke både kortsiktig og langsiktig. Det kan vere tiltak som gir eit relativt raskt resultat, men mykje av dette går gjerne på arbeidsmiljø, kultur og organisasjonsutvikling, som tar lengre tid. Målet er at me skal få til noko som er berekraftig og varig, seier han.
– Ikkje opptatt av å sjå i bakspegelen
Gilja synest det er vanskelig så tidleg å svare på kva tiltak som kan bli aktuelle.
Han blir spurt om han kjenner til spørjeundersøkinga som i fjor blei sendt ut til dei tilsette i miljøtenesta, som eit forsøk på å ta tak i fråværsproblematikken.
I undersøkinga lodda kommunen stemninga for eit prosjekt der folk som ikkje er borte frå jobb, får ei ekstra påskjønning. Også moglegheitene for å jobbe inn dagar ein har vore sjuk, blei stilt spørsmål om.
Det var Jærbladet som først omtala saka, som i etterkant førte til eit skred av reaksjonar i media.
– Eg har fått det med meg, ja. Eg tenker at leiarar vanlegvis gjer ting med gode intensjonar, og det har heilt sikkert vore det i dette tilfellet også. Eg skal ikkje kome her og gjere nokon dom over det. Elles er eg ikkje veldig opptatt av å sjå i bakspegelen. Me må sjå framover og ha fokus på dei tinga som me kan gjere noko med, seier han.
Forskar meiner høgt sjukefråvær er eit sunnheitsteikn
Kjersti Stenseng, arbeids- og inkluderingsminister, har vore klar på at ho meiner sjukefråværet må ned i Noreg.
Ebba Wergeland, spesialist i arbeidsmedisin, er ei stemme som meiner det ikkje bør vere eit mål.
Til NRK har ho sagt at ho meiner høgt sykefravær er eit sosialt sunnheitsteikn.
– Det indikerer at det er nokolunde sosial tryggleik i samfunnet. Lågt sjukefråvær kan tvert imot vere uttrykk for arbeidsløyse, fattigdom, dårlege sosiale ordningar, sa ho til kanalen.
Ho sa også mellom anna at lågt sjukefråvær betyr at det er vanskelegare å kome inn i norsk arbeidsliv for dei med helseproblem, og at det heng saman med høg arbeidsløyse.
Gilja kjenner ikkje til Wergeland eller hennar meiningar utdjupande, og vil derfor vere forsiktig med å kommentere poenga.
– På generelt grunnlag er eg einig i at målet ikkje kan vere null sjukefråvær. Folk blir sjuke og skal då få den støtta og tida dei treng for å bli friske. Samtidig veit me at arbeid for mange er meir enn berre ei inntekt. Det handlar også om fellesskap, meistring, identitet og det å oppleve at ein bidrar. Derfor er eg opptatt av korleis me kan skape arbeidsplassar som gjer det mogleg for flest mogleg å vere i arbeid når helsa tillèt det.
Han legg til at det ikkje er sånn at kommunen skal dra sjuke folk på jobb.
– Me skal behandle folk på ein god måte, og me skal legge til rette og skape føresetnader for at folk skal kome på jobb. Og så skal me også kunne følgje opp og gi den omsorga som folk treng når dei er sjuke, og hjelpe dei så langt me kan til å kome tilbake på ein god og trygg måte på jobben, seier han.
– Takksam for at eg lever i ein velferdsstat
– Og til slutt: kor mykje sjukefråvær har du?
Han ler.
– Det er heldigvis ikkje all verda no for tida, men i løpet av arbeidskarrieren min har eg hatt ein periode der eg var så sjuk at eg ikkje kunne jobbe. Då var eg veldig takksam for at eg lever i ein velferdsstat som gjer det mogleg å kome til hektene, og at eg hadde ein arbeidsgivar som la til rette for ei trygg og god tilbakeføring til jobb.